Hopp til innhold

Det han har greidd, er eineståande

Etter fleire år som ufør med alvorleg psykisk sjukdom, har Sten Jarle Hvilsten gjort eit sprang nesten ingen andre har greidd.

Stig Jarle Hvilsten
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

No er Sten Jarle Hvilsten der han helst vil vera.

Han er innom kontrollrommet på Uvdal Maskinfabrikk for å sjekke om dei mekaniske delane som er produsert held mål. Det krevst presisjon på tidels millimeter.

Nærbilde av skyvelære som måler ein dings
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Uvdal maskinfabrikk leverer delar til offshoreindustrien.

– Alle måla er grøne. Det betyr at dei er godkjende.

Det er berre eit par månader sidan han skreiv kontrakt.

– Stillingsinstruksen min er kvalitetsingeniør. Bakgrunnen for det, er at eg har ingeniørutdanning.

– Er du tilbake att der du var?

– Ja, eg føler det. Eg veit at det fungerer i dag, slik det gjorde den gongen. Og med «den gongen», meiner eg før eg vart sjuk.

Sten Jarle Hvilsten sit framfor PC-skjermar på kontoret.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Sjukdomen kom som lyn frå klar himmel. Han hadde aldri vore psykisk sjuk før.

For ti år sidan hadde han tilsynelatande alt på stell. Ein bra jobb, hus og sambuar.

Men alt var kanskje ikkje som det skulle.

Etter ein krevjande periode på arbeidsplassen, «møtte han veggen» med eit brak.

Det vart sjukemelding, og samlivet gjekk i oppløysing. Oppfølging frå arbeidsgivar og psykolog hjelpte ikkje. Han orka ikkje meir, og sa opp jobben. Men det skulle bli verre.

Stemmene i hovudet

Utan bustad og utan arbeid rakna det heilt. Det tok til å dukke opp stemmer inni hovudet, og det enda det med tvangsinnlegging på psykiatrisk sjukehus.

– Kva slags diagnose fekk du?

– Paranoid schizofren.

Sten Jarle Hvilsten
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Stemmene i hovudet vart verkelege for Sten Jarle.

Sten Jarle Hvilsten vart erklært ufør. På leit etter fotfeste, og med ein alvorleg diagnose i bagasjen, valde han å flytte tilbake til trygge omgivnader i bygda der han voks opp, Rødberg i Numedal.

– Sjukdomen vart altoppslukande. Dagane berre gjekk. Men eg drøymde om å bidra og meistre, og hadde eit mål om å komme meg ut i jobb att.

15. mars 2021 vart ein merkedag. Då begynte han hjå Numedal Produksjon (NUPRO) i «Varig tilrettelagd arbeid».

  • Kva meiner du bør gjerast for å få fleire uføre tilbake i arbeid? Skriv ditt forslag nederst i artikkelen.

Frå første dag var det meiningsfullt, sjølv om oppgåva var å montere korthaldarar for ID- og nøkkelkort.

– Det pregar jo ein mann å ikkje kunne vera med å bidra til fellesskapet. Difor var det ei glede å ha noko å gå til kvardagen og kunne føle på det å vera til nytte, fortel han.

Små steg

Dagleg leiar ved Numedal Produksjon, Ellen Tråen, er vant til at medarbeidarane hennar har ulike utfordringar. Dei fleste blir verande. Med Sten Jarle Hvilsten vart det annleis.

Ellen Tråen, dagleg leiar for Numedal produksjon
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Ellen Tråen i attføringsbedrifta NUPRO følgde Sten Jarle i fleire år. Ho er imponert og rørt over kva han har greidd.

– Eg opplevde at han var ein ressurssterk og open kar, som hadde det vanskeleg i livet, men som likevel hadde eit klart mål.

Med trivselen kom også ønsket om større utfordringar. For Hvilsten, som er oppvaksen på gard, var det naturleg å gå over til meir fysisk arbeid. Å kappe, kløyve og stable ved vart neste steg.

Sten Jarle Hvilsten held ein vedkubbe

«Det er som terapi. Når du tek ein og ein kubbe ned i sekken, så har du berre det å konsentrere deg om. Då samlar du tankane.»

Sten Jarle Hvilsten står ved en vedstabel på Numedal produksjon

Han hadde godt av vedsjauen. Dei dårlege periodane kom sjeldnare. Forma vart betre.

vedstabel

Tankar om endå større utfordringar dukka opp.

Sten Jarle Hvilsten betrakter en gressklipper ved miljøstasjonen i Veggli

Frå vedproduksjonen gjekk vegen vidare til ein jobb med meir ansvar ved miljøstasjonen.

I august i fjor følte han seg klar for det ordinære arbeidslivet. Han var villig til å ta sats.

Ellen Tråen tok då kontakt med hjørnesteinsbedrifta i bygda.

Dagleg leiar, Bjørn Sem Flaatten, var i beit for ingeniørar, og sa ja med ein gong.

Han hadde høyrt om Sten Jarle Hvilsten. Bygda er ikkje større.

Sten Jarle Hvilsten og Bjørn Sem Flaatten på Uvdal maskinfabrikk
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Det ordinære arbeidslivet skil seg ut frå ein varig tilrettelagt arbeidsplass. Sten Jarle torde å satse på å kome tilbake.

På nyåret fekk den uføretrygda 49-åringen tilbod om fast jobb.

I kravspesifikasjonen til «Varig tilrettelagt arbeid» står det at det skal leggjast til rette for at uføre skal kunne komme seg ut i ordinært arbeidsliv. Likevel skjer det svært sjeldan, ifølge Arbeidssamvirkenes landsforening (ASVL).

For dei fleste kjennest det som eit altfor stort steg å ta.

– Her i Numedal Produksjon er det første gongen det skjer, og me har eksistert i 30 år, fortel Tråen.

Dette er vinn-vinn-vinn!

Flaatten ser entusiastisk bort på på sin nytilsette kvalitetsingeniør.

Sten Jarle Hvilsten og Bjørn Sem Flaatten
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Dagleg leiar Bjørn Sem Flaatten var lukkeleg for å rekruttere ein ny ingeniør. Det er vanskeleg å rekruttere fagfolk til distrikta.

Sten Jarle treng å vera i jobb og føle seg til nytte. Me treng kompetanse, og samfunnet dreg nytte av at folk er i arbeid. Det er fantastisk!

– Var du ikkje skeptisk?

– Nei, eg har ei positiv tilnærming til det meste. Eg fekk kjennskap til bakgrunnen hans etter kvart. Og då me vart kjende, var eg aldri i tvil.

Hvilsten er inne i sin tredje av seks månader prøvetid i Uvdal Maskinfabrikk, som mellom anna leverer delar til offshoreindustrien.

Det kjem til å gå kjempebra, seier Bjørn Sem Flaatten. Sjefen blir rørt av at ein av dei tilsette på fabrikken hans har komme så langt, etter å ha vore så sjuk.

– Eg får jo tilbakemelding frå leiaren din, Sten Jarle. Han er kjempeimponert, og kjempefornøgd med det du leverer.

Sten Jarle Hvilsten i Uvdal maskinfabrikk.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge/NRK

Ingeniøren går inn i det nye livet. Det vart nødvendig å gå små steg.

Det gjer godt å høyre slike ord.

Sten Jarle Hvilsten går framleis på medisin, og har uføretrygda på papiret som ei sikkerheit. Men han har fast jobb i ei ordinær bedrift, utan nokon form for tilrettelegging. Det kostar å gå vidare, men no er han der han helst vil vera i arbeidslivet.

Han takkar familien og velferdssamfunnet for at han er der han er i dag.

– Eg seier det igjen og igjen til dei fleste eg møter: kvar dag er ei glede.

Kva meiner du bør gjerast for å få fleire uføre tilbake i arbeid? Skriv ditt forslag her: