Hopp til innhold

Raudt og Høgre krev betre kår for uføre i jobb: – Nedverdigande

Alle parti seier «det skal alltid lønna seg å arbeida», men når uføretrygda Mats Bendiksen jobbar halv stilling, tar staten 65 prosent av løna. No får han støtte frå opposisjonen både til høgre og venstre.

Mats Bendiksen

KREV OPPRYDDING: Stortingsparti til både høgre og venstre reagerer på at staten tar mesteparten av lønna til Mats Bendiksen (biletet) og andre uføretrygda som jobbar deltid.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kvifor skal staten vera så gjerrig og avkorta trygdene til folk som faktisk har lyst til å prøva å bidra til fellesskapet. Er ein ute etter å plaga trygda folk?

Det seier stortingspolitikar for Raudt, Mímir Kristjánsson.

– Her er det mykje som må ryddast opp i. Det er ekstremt ugunstig å vera ufør. Regjeringa må gå gjennom alle urimelege avkortingsreglar for trygdemottakarar.

Han får følge av stortingsrepresentant Anna Molberg i Høgre. Dei to partia er heilt samstemte i at det må lønna seg betre for uføre å jobba.

– Ja, det trengst ein fullstendig gjennomgang av alle helserelaterte ytingar, seier ho.

Mellom anna kan uføre som jobbar deltid i dag mista 65 prosent av lønna, fordi dei i tillegg til skatt blir trekte kraftig i uføretrygda.

Anna Molberg

– Me må tenka heilt nytt rundt uføretrygd, slik at folk sit igjen med meir kvar månad, seier Anna Molberg (H).

Foto: Høyre

– Eg forstår at folk er leie av å høyra politikarar som seier det skal lønna seg å arbeida. Me må sørga for reglar som gjer at uføretrygda sit igjen med meir kvar månad, seier Molberg.

– Urettferdig og provoserande

NRK fortalde i går om 40-åringen Mats Bendiksen, som klarer å arbeida 50 prosent. Netto sit han berre igjen med 100.000 kroner meir enn viss han hadde tatt ut full uføretrygd.

– Det kjennest frykteleg urettferdig, sa han.

Bendiksen var provosert over at arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier det alltid skal lønna seg for uføre å arbeida.

Les også «Å arbeida skal lønna seg», men staten tar 65 prosent av lønna når uføretrygda Mats jobbar

Mats Bendiksen

Grensa for kva uføre kan tena i tillegg utan å få trekk i trygda, er no 44.500 kroner. Inntekter over det blir for mange avkorta med 65 prosent før skatt.

Totalt blir løn over inntektsgrensa dermed kutta med rundt 75 prosent.

– Uføre tener ekstra på å jobba, sjølv om mykje blir trekt. Men forsking tyder på at det beste for samfunnet truleg vil vera å auka inntektsgrensa og ikkje endra avkortinga, sa forskar Andreas Myhre i Nav til NRK i går.

– Nedverdigande

Raudt meiner begge delar må endrast kraftig.

– Dagens inntektsgrense er latterleg låg, og avkortingsregimet for inntektene over grensa er altfor strengt, meiner Kristjánsson.

– Kvifor skal staten vera så gjerrig på dette, og avkorta trygdene til folk som faktisk har lyst til å prøva å bidra til fellesskapet. Er ein ute etter å plaga trygda folk?

Mimir Kristjánsson (R)
Mimir Kristjansson (Rødt).

– Folk på trygd betaler i dag meir av løna si til staten enn dei rikaste, seier Mímir Kristjánsson (R).

Foto: Ole Berg Rusten / NTB

– Deltidsjobb for uføre lønner seg så lite at det for mange ikkje er nokon vits å arbeida. Og det kjennest nedverdigande å gjera den same jobben som kollegaene, og få mindre løn fordi ein er sjuk i tillegg. Det er ei urettferd me ikkje kan sjå på.

Men ein skal vel ikkje ha trygd for timane ein har løn?

– Det må sjølvsagt vera ei grense for kva ein kan tena ved sida av trygd. Men det kan ikkje vera så farleg for staten at ein uføretrygda klarer å tena til dømes 100.000 kroner årleg i tillegg. Det aukar verdiskapinga og hjelper den uføre.

Uføre som jobbar deltid blir trekte langt meir enn dei rikaste betalar i skatt.

Mimir Kristjánsson (R)

– Er dette «snillisme»?

– Slik Noreg behandlar trygda folk er så langt frå snillisme ein kan komma: enorm mistenkeleggjering, kontrollering og mistillit. Å arbeida skal lønna seg, også når trygda folk kan få meir pengar. Det betyr ikkje berre at ein skal kutta i trygdene, meiner Raudt-politikaren.

Høgre: Skattekutt for lågtløna

Molberg seier at Høgre vil føreslå ei rekke endringar, mellom anna å auka inntektsgrensa.

– Me har også føreslått å setta skatten vesentleg ned for dei som tener minst. Og me vil ha ei betre oppfølging av dei som får uføretrygd.

Me har den siste tida fått så mange eksempel i media på urimelege utslag at det er på tide å gjennomgå heile systemet og ytingsnivået.

Anne Molberg (H)

– Alt i alt verkar det som brei politisk vilje til å sjå om det er urimelege utslag for folk på trygd. Dei skal ikkje heile tida ha hengande over seg at uføretrygda kan bli avkorta.

Men overraskar det at reglane de politikarar har laga slår ut slik?

– Nei altså, målet er jo at ein ikkje skal få meir i trygd enn når ein jobbar, men alle ønsker jo at folk skal utnytta restarbeidsevna si. Og no viser forsking at me må auka insentiva for å komma seg i jobb, som å auka inntektsgrensa, seier Molberg.

NRK har nyleg også fortald at folk som sluttar på uføretrygd, må betala tilbake trygd dei fekk og trong i månadane før dei gjekk over i full jobb.

Les også Krever endring etter at Guri Anne (40) måtte betale tilbake uføretrygd

Guri Anne fikk fast jobb.

Departementet avviser auka fribeløp

NRK har bede arbeidsministeren om intervju om i kva grad det lønner seg for uføre å arbeida, og om avkortingsreglane faktisk oppmuntrar til å jobba.

Statssekretæren hennar, Tomas Norvoll, skriv til NRK at det lønner seg både på grunn av fribeløpet og fordi ein beheld ein andel av inntekta over fribeløpet.

– I tillegg har det å vera i arbeid ein eigenverdi, ved at det blant anna kan bidra til auka sjølvkjensle og sosial tilhøyrsel, skriv han.

At Høgre og Raudt vil heva uføre si grense for deltidsinntekt utan trygdetrekk, får ikkje gehør i regjeringa.

Nei, me har ingen planar om å endra inntektsgrensa, skriv Norvoll.