Hopp til innhold

Arbeidsministeren om tilbakebetaling av uføretrygd: – Urettferdig og urimeleg

Uføre som får seg full jobb, må betala tilbake trygd dei fekk i starten av året. Nav-direktøren kallar reglane stivbeinte, og arbeidsministeren vurderer å endra reglane.

Marte Mjøs Persen

URIMELEG: Statsråd Marte Mjøs Persen er samd i at det er urettferdig at ein må returnera tidlegare utbetalt uføretrygd når ein får seg jobb. Ho ber no Nav gjera greie for praksisen.

Foto: William Jobling

Mange parti reagerte på NRKs avsløring.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kommenterer no for første gong NRK si avsløring av kva som skjer med uføre som byrjar i full stilling midt i kalenderåret.

– Eg forstår veldig godt at det kan bli oppfatta som svært urettferdig å måtta betala tilbake tidlegare uføretrygd når ein har kome i fullt arbeid, seier arbeidsministeren.

– Er også du einig i at det er urimeleg?

– Ja. Derfor har eg bede Nav om å gjera greie for praksisen rundt dette, slik at me kan få oversikt over både omfanget og problemstillinga. Så vil me sjå om det er endring av regelverk eller praksis som skal til for å løysa dette.

Arbeidsministeren: – Alvorleg sak

Det er brei politiske semje på Stortinget om den såkalla «arbeidslinja» – altså målet om at flest mogleg av dei som kan jobba, kjem i jobb.

Mjøs Persen meiner at tilbakebetalingskravet for uføre som får jobb er i strid med «arbeidslinja».

– Ja. Det skal alltid løna seg å arbeida. Derfor er det viktig å understreka alvoret i denne saka. Det er jo veldig flott at uføretrygda kjem i arbeid. Det er vinn-vinn for alle, seier ho.

Ho seier ho ikkje var klar over korleis regelverket slår ut når uføre får full jobb.

«Alle» reagerte

Denne månaden fortalde NRK om Guri Anne Egge i Bergen og Arne Olav Grønbech Hope i Haugesund. Etter mange år som uføretrygda har dei no skaffa seg full jobb. Då kravde Nav i haust tilbake rundt 40.000 kroner frå kvar av dei. Det var utbetalingar dei hadde fått for dei siste månadane før dei slutta på uføretrygd.

Grunnen er at lov- og regelverket set ei grense for kor mykje ein kan tene i tillegg til uføretrygda i løpet av eit kalenderår. Det gjeld ikkje berre om ein jobbar medan ein har trygd, men også om ein sluttar på trygd.

– Urettferdig, og eit sjokk, meinte Egge og Hope. Dei to er også tillitsvalde – høvesvis regionleiar og nestleiar – i Noregs handikapforbund Sørvest.

På Stortinget var reaksjonane unisone frå både høgre- og venstresida:

Les også Krever endring etter at Guri Anne (40) måtte betale tilbake uføretrygd

Guri Anne fikk fast jobb.

Nav-direktøren: – Stivbeinte reglar

Statssekretær Tomas Norvoll (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet peika på at Nav både har høve til og bør bruka skjøn og ikkje krevja tilbakebetaling i slike tilfelle.

Nav-direktør Hans Christian Holte meiner det blir vist skjøn.

– I dei tilfella det er mogleg å ikkje måtta komma med dette tilbakebetalingskravet, gjer me det heller ikkje. Men kravet er at overgang frå trygd til arbeid skjer tidleg i året, seier han til NRK.

Holte seier at regelverket er «litt stivbeint».

– Viss det er uheldige utslag av dette, er det noko som må vurderast politisk, rett og slett.

Hans-Christian Holte i NAV. Han står foran en gråg-grønn bygning i det som ser ut som en sentrumsgate. Han har på seg lys blå skjorte, mørk dressjakke og firkantede, svarte briller. Han ser inn i kameraet og ser vennlig ut. Han har grått hår.

Nav-direktør Hans Christian Holte seier politikarane må vurdera om det er uheldige utslag av regelverket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Lovar ikkje lovendring

Førre veke føreslo nestleiar Kirsti Bergstø i SV at Stortinget ber regjeringa sikra at uføre som kjem i arbeid, «ikkje skal få urimelege tilbakebetalingskrav på allereie utbetalt uføretrygd». Partiet understreka at endringa ikkje må svekka eller fjerna dagens fribeløp.

Saka skal opp i arbeids- og sosialkomiteen over nyttår, men arbeidsministeren er alt på ballen.

– Me må sikra oss at det er insentiv for å arbeida, heller enn at det ikkje løner seg å arbeida, seier Mjøs Persen.

– Viss alle partia som har reagert på enkeltsakene NRK har trekt fram, også vil vera med på å endra regelverket, har eg stor tru på at me skal få det til, seier Bergstø.

Kirsti Bergstø

– Me ber regjeringa legga fram eit lovverk som rettar opp i urimelegheita, seier nestleiar Kirsti Bergstø i SV.

Foto: Fotonorden

Handikapforbundet: – Diskriminering

Birkenes og Egge i handikapforbundet er glade for at både regjeringa og mange politiske parti reagerer mot dagens ordning.

Det er veldig bra at dette har fått så mykje merksemd. Eg føler ordninga er ein glipp, og at ingen heilt har tenkt over korleis konsekvensane er. Folk må sleppe å få ei megarekning viss dei er så heldige å få seg lønna arbeid, seier Egge.

Birkenes meiner reglane diskriminerer uføre og at Nav har vore for passive.

– Nav burde jo ha varsla departementet når dei såg kor urimeleg regelverket slår ut. Nav-tilsette har vel plikt til å varsla om utilsikta konsekvensar, seier han.

.

Arild Birkenes, Norges handicapforbund

– Det er flott at det blir tatt tak i reglane som diskriminerer uføre, meiner Arild Birkenes.

Foto: Leif Rune Løland / NRK