Hopp til innhold

«Å arbeida skal lønna seg», men staten tar 65 prosent av lønna når uføretrygda Mats jobbar

Uføretrygda som klarer å ha ei deltidsstilling, blir trekt så kraftig i trygda at det meste av løna forsvinn. – Provoserande at arbeidsministeren seier det alltid skal lønna seg å jobba.

Mats Bendiksen

URIMELEG: Mats Bendiksen jobbar 50 prosent, men får under 6.000 kroner utbetalt i månaden, fordi uføretrygda då blir kutta kraftig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det blir sagt offentleg at det skal lønna seg å arbeida. Men uføre blir trekt mykje i trygd når dei har ein jobb ved sida av.

Det seier Mats Bendiksen i Bergen. Han brukar rullestol og har vore såkalla «ung ufør» sidan han fylte 20 år, på grunn av ein medfødd diagnose.

Som vaksen utdanna han seg til vernepleiar. No er han 40, og for tre år sidan skaffa han seg ei 50 prosent stilling. Faktisk jobbar han i Nav, som rettleiar for å hjelpa arbeidssøkarar ut i jobb.

Jobben krev meir av meg helsemessig enn det eg sit att med økonomisk. Det kjennest frykteleg urettferdig.

Mats Bendiksen

– Arbeid skal lønna seg

Nyleg fortalde NRK om uføre som kjem seg over i full jobb, men då må betala tilbake trygd dei fekk for månadane før dei gjekk ut i full jobb.

På Stortinget var reaksjonane sterke, og også arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) slo fast at regelen eller praktiseringa må endrast.

– Det skal alltid lønna seg å arbeida. Me må sikra oss at det er arbeidsinsentiv heller enn at arbeid ikkje lønner seg, sa ministeren.

Les også Arbeidsministeren om tilbakebetaling av uføretrygd: – Urettferdig og urimeleg

Marte Mjøs Persen

Men dette gjaldt folk som sluttar på uføretrygd og byrjar i full jobb, ikkje uføre i deltidsjobb.

For Bendiksen er reknestykket slik:

Full uføretrygd hadde gitt 315.000 kroner minus skatt. Når han i staden jobbar halvt, er lønna rundt 280.000 kroner inkludert feriepengar. Men trygdereglane gjer at Nav då må trekka tilbake 65 prosent av trygda for det han tener over fribeløpet på 45.000 kroner. Deretter betaler han vanleg inntektsskatt på summen av løn og trygd.

Netto sit eg berre att med 100.000 kroner meir i året når eg jobbar femti prosent enn om eg hadde tatt ut full uføretrygd.

Mats Bendiksen

(Detaljar i utrekninga vart korrigert 5. januar før kl 10, men at Bendiksen i sum tener rundt 100.000 netto på si 50%-stilling, står ved lag.)

Mats Bendiksen

– Urettferdig og paradoksalt at uføre må jobba meir enn andre for å få tilsvarande løn for jobben, meiner Mats Bendiksen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han meiner det er provoserande å høyra politikarar seia at det skal lønna seg å arbeida, når dei har laga trygdereglar som tar mesteparten av lønna frå uføre som klarer å jobba deltid.

– Ein blir ikkje påskjøna veldig for å gjera den innsatsen for samfunnet og betala skatt, seier Bendiksen.

– Urimeleg og paradoksalt

Han reagerer på at uføretrygda, med sine helse- og funksjonsutfordringar, får mindre att for å jobba enn andre.

Det er heilt urimeleg og veldig paradoksalt at ein uføretrygda må jobba mykje meir i antal timar enn ein vanleg arbeidstakar for å tena litt ekstra.

Mats Bendiksen

– Forstå det den som kan, at det er logisk.

– Men det er vel logisk at du ikkje skal få uføretrygd for tida du faktisk jobbar?

– Statsråden gjentok nyleg at det skal lønna seg å arbeida. Kvar vil me då? At uføre skal jobba, eller ikkje? Samfunnet ville sjølvsagt vera tent med at ein uføretrygda kan jobba litt meir, utan at samfunnet skal gå inn og straffa.

– Men ein skal ikkje kunna ri to hestar – og få uføretrygd for timane ein arbeider?

– Nei, ein skal ikkje få i pose og sekk. Men politikarane bør sjå på kor mykje som blir trekt av trygda for dei som jobbar deltid. Når uføre ikkje blir oppmuntra til å jobba litt ekstra, går samfunnet glipp av mykje verdifull arbeidskraft.

Han viser også til at for eksempel feriepengar og lønstillegg i stor grad forsvinn i nye kutt i uføretrygda.

Andreas Myhre

Forskar Andreas Myhre i Nav seier at fleire uføre vil jobba meir viss inntektsgrensa blir auka.

Foto: Nav

– Får veldig høg skatt

Forskar Andreas Myhre i Nav har studert korleis ulike arbeidsinsentiv påverkar uføre. Han seier effekten er godt dokumentert i forsking:

– Uføre jobbar meir viss dei får insentiv til å jobba meir.

Han seier at det viktigaste er inntektsgrensa. Det er eit slags «botnfrådrag/fribeløp»: ein kan tena rundt 45.000 kroner årleg utan at uføretrygda blir redusert.

Tener ein meir enn det, blir trygda derimot kutta kraftig. For kvar tusenlapp brutto over inntektsgrensa, sit ein berre igjen med 200-300 kroner netto, etter å ha betalt skatt og fått trekk i uføretrygda.

Uføre får altså berre utbetalt 20-30 prosent av lønna som overstig inntektsgrensa.

Myhre viser til at forsking viser at låg skatt på låge inntekter er veldig viktig, fordi det stimulerer til å ta ein deltidsjobb i det heile tatt.

Me veit frå forskinga at det beste for samfunnet truleg vil vera å auka inntektsgrensa og ikkje gjera noko med avkortinga. Kostnadane ville auka noko, men dei som allereie er uføretrygda i dag, ville fått insentiv til å jobba meir.

Andreas Myhre, forskar i Nav

– Avkortinga er eit slags hinder for at uføre hadde jobba meir, men likevel ein nødvendig del av trygdesystemet, seier han.

– Men kan det «alltid lønna seg å jobba», viss ein har avkorting?

– Det enkle svaret er ja. Det lønner seg framleis å jobba. Ein sit jo igjen med meir, totalt sett. Men uføre får ein veldig høg skattesats på arbeidsinntekta si.

NRK fekk tysdag ikkje eit intervju med arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.