Hopp til innhold

Her inngår selskapet avtalen i Kina i 2018. No stengjer dei ned laksefabrikken

Det største lakseoppdrettsselskapet i verda, norske Mowi, har stengt fabrikkanlegget sitt i Kina. Korona-utbrotet i landet har nær stoppa all etterspørsel.

Avtale mellom Marine Harvest og kinesiske selskap blir signert i Shanghai. Åpner fabrikk

SAMARBEID: Dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen var med då Mowi (den gong Marine Harvest) inngjekk avtale og opna fabrikk i Kina i oktober 2018.

Foto: Trond Viken / Nærings- og fiskeridepartementet

Mowi (tidlegare Marine Harvest) har eit eige prosesseringsanlegg for laks i Shanghai, men på grunn av utbrotet av det nye koronaviruset har selskapet set seg nøydd til å stengje heile drifta. Alle dei tilsette er permitterte, skriv Finansavisen.

Konsernsjef Ivan Vindheim seier til avisa at dei følgjer situasjonen tett og at dei vil følgje råda til styresmaktene.

– Den kinesiske marknaden har stoppa heilt opp, og verken vi eller andre aktørar sel i praksis noko til Kina no.

Opp mot 50 tilsette utan arbeid

Han har likevel tru på at etterspørselen vil ta seg opp igjen så fort styresmaktene får kontroll over viruset.

Ifølgje Vindheim utgjer Kina ein marknad på rundt 120.000 tonn laks i året. Mowi, som har hovudkontor i Bergen, har sin respektive marknadsdel av dette.

Til NRK opplyser Mowi at det er kring 50 fabrikktilsette i Shanghai som no er permitterte. Fabrikken opna hausten 2018.

– Det er for tidleg å seie kva vi taper på dette. Det er tilnærma null etterspurnad etter laks, og verken oss eller andre aktørar eksporterer noko. Vi følgjer situasjonen og håpar på ei betring, seier kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad.

Ivan Vindheim, CFO i Mowi
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Fleire norske produsentar råka

Den norske målingsprodusenten Jotun opna måndag igjen sine to fabrikkar i Zhangjiagang og Qingdao etter at dei hadde vore stengde på grunn av virusutbrotet, skriv Dagens Næringsliv.

Konsernsjef Morten Fon opplyste onsdag det vil ta nokre dagar før fabrikkane har full produksjon.