Hopp til innhold

Ministeren vil ikkje stoppe arbeidet på vegen til vindpark

Vindparken på Stadlandet er framleis under vurdering. Likevel ser ikkje olje- og energiminister Tina Bru (H) grunn til å stoppe arbeidet på tilkomstvegen til den planlagde vindparken.

Aksjonistar i Borgundvåg.

AKSJONISTAR: Tysdag forsøkte denne gjengen å hindre at gravemaskinene fekk starte arbeidet på tilkomstvegen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

19. juni vedtok Stortinget at regjeringa må vurdere alle konsesjonar som er gitt til vindkraftverk som enno ikkje er bygde. Målet er å stoppe prosjekt som kan ha fått konsesjon i strid med lovverket.

For vindkraftmotstandarane har vedtaket gitt håp om at fleire prosjekt kan bli stoppa, deriblant Okla vindkraftpark på Stadlandet.

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) kravde difor svar frå olje- og energiminister Tina Bru (H) om Okla Vindkraft.

– Det er uhaldbart om dei gjennomfører irreversible inngrep før regjeringa har gått gjennom saka på nytt, slik Stortinget vedtok før sommaren, påpeikte han.

Portrettbilde av Lars Haltbrekken tatt utenfor Ahus

KRITISK: Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) vil ha strengar lover som hindrar at kraftselskapa får starte bygginga før alle løyver og vurderingar er på plass.

Foto: Andreas Krantz / NRK

– Ikkje grunnlag for stans

No har han fått svar, skriv Fjordabladet.

I skriftleg form svarer Tina Bru at ho ikkje har lovheimel for å stanse arbeidet.

– Tilgjenget til å stanse iverksetting av konsesjonsvedtak er avgrensa og krev klar heimel. Per i dag kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for stans i denne saka, skriv olje- og energiministeren.

Tina Bru i Oslo sentrum

KAN IKKJE STOPPE: Olje- og energiminister Tina Bru (H) har ikkje lovheimel for å starte anleggsarbeidet.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Alvorleg

Haltbrekken er ikkje tilfreds med svaret:

– Utbyggjaren tek på seg eit enormt ansvar og tek ein stor risiko viss det no vert gjort inngrep i naturen på Stadlandet som det ikkje er råd å fjerne. Kva om regjeringa finn ut at konsesjonen er ugyldig, og då trekker den tilbake? Då har utbyggjaren gjort stor skade i naturen utan eigentleg å ha lov til det.

19. juni-vedtaket er også ein del av bakgrunnen for at over 200 personar tok turen til Borgundvåg sist veke for å demonstrere.

Sist tysdag forsøkte aksjonist Hans Christian Hansen å stoppe anleggsarbeidet ved å setje seg ned framfor gravemaskinene.

Direktør Scott Gilbert i Falck Renewables har tidlegare sagt at dei har alle løyve i orden til å starte arbeidet. Også NVE har stadfesta at dei har godkjent framdriftsplanen.

– Ikkje spel for galleriet

Haltbrekken seier at vedtaket til Stortinget er forpliktande, og avviser at det er del av eit politisk spel.

– Det er overhovudet ikkje noko spel for galleriet. Det var eit svært viktig vedtak for å få etterprøvd lovlegheita av løyva som er gitt. Vi håpar at utbyggjaren stoppar anleggsarbeidet, i alle fall at dei ikkje gjer inngrep i naturen som er ikkje er råd å fjerne, svarar Haltbrekken.

SV-politikaren ber regjeringa syte for ei rask og grundig handsaming av konsesjonane som er gitt.

– Då må dei starte med konsesjonane som det hastar mest med. Og dette er jo ein av dei.

Han håpar regjeringa vil kome med ein framdriftsplan i samband med presentasjonen av forslaget til nytt statsbudsjett i oktober.