Hopp til innhold

Her prøver vindkraft-aksjonistane å stoppe gravemaskina

I dag har fleire aksjonistar samla seg i Borgundvågen på Stad i eit forsøk på å hindre gravemaskinene å starte på arbeidet med vegen opp til den omstridde vindparken.

Aksjonistar i Borgundvåg.

SPONTANAKSJON: Aksjonsgeneral Hans Christian Hansen fekk besøk av nokre fleire då han oppmoda folk om å stille for å stoppe gravemaskinene.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Onsdag morgon tok aksjonsleiar Hans Christian Hansen i organisasjonen Stad landskap seg inn på anleggsområdet på Stad i Nordfjord.

Han sette seg beint ned i lyngen framfor eine gravemaskina, medan karane frå entreprenørselskapet brukte tida på å stikke ut vegen lenger oppe i lia.

– Eg har sagt til arbeidarane i entreprenørselskapet at dei kan ta seg ein lang kaffipause, seier Hansen.

– Men eg vert sitjande for år hindre at dei byrjar å starte på gravinga.

Anleggsarbeidet i gang i Borgundvågen på Stad.

ARBEIDET STARTA: Tysdag starta entreprenørselskapet arbeidet med vegen opp til fjellet der dei omstridde vindmøllene skal byggjast.

Foto: NRK-tipsar

Fleire dukka opp

På morgonkvisten var han åleine, men etter sterke oppmodingar på sosiale medium dukka det opp nokre fleire personar litt utpå føremiddagen med eit banner.

– Det er folk frå Selje og Stadlandet som støttar meg, seier Hansen.

Men ikkje alle er samde med aksjonisten. I går sa Ole Borgund til NRK at dei fleste i bygda synest det er bra at vindkraftparken kjem.

– Vi treng utvikling, sa han.

Overfor NRK onsdag morgon påstod Hansen at han hadde fått opplysningar om at ikkje alle grunneigarane hadde skrive under på avtalen som gir løyve til å byggje vegen. Difor kasta han seg rundt og tok seg inn på anleggsområdet forå hindre det han hevda var ei ulovleg handling.

Hans Christian Hansen

HINDRAR: Etter at Hans Christian Hansen vart kjende med at advokaten til grunneigarane stadfesta at alle har signert avtalen, flytta han og aksjonistane seg ut av anleggsområdet.

Foto: Jon Frogner

Advokat: – Avtalen er signert

Men advokaten til grunneigarane, Jostein Røynesdal, avviser at avtalane ikkje er i orden. I ein SMS til NRK skriv han at alle grunneigarane har signert avtalen som gjeld tilkomstvegen til vindkraftverket.

– Vi er i ferd med å sluttføre arbeidet med å avklare nokre uteståande spørsmål, men det gjeld ikkje bygginga av vegen. Grunneigarane vil difor ikkje påstå at arbeidet som no føregår er ulovleg, skriv han vidare i meldinga.

Då NRK gjorde Hansen kjende med kva advokaten til grunneigarane har sagt, valde han og dei andre aksjonistane å flytte seg ut av anleggsområdet – og avslutte forsøket på å hindre arbeidet.

Direktør Scott Gilbert i Falck Renewables har tidlegare sagt at dei har alle løyve i orden til å starte arbeidet. Også NVE har stadfesta at dei har godkjent framdriftsplanen.

– Overgrep

Måndag leia Hansen ein større demonstrasjon i bygda, då stilte over 200 menneske opp. Håpet var å hindre gravemaskinene å kome fram.

– Det er eit overgrep i eit ikonisk landskap. Det er eit varemerke for heile Noreg. Det er bortkasta investering. Fem turbinar gir ingen gevinst, hevdar aksjonisten.