Hopp til innhold

Bybane-byggarane i Bergen vert oppsagde: – Fryktar kompetanse går tapt for godt

Vestland fylkeskommune håper å kunne halde på eit par nøkkelpersonar. Men dei aller fleste i Bybanen Utbygging mister jobben.

Bybanen i Bergen

Det blir oppseiingar i Bybanen Utbygging, stadfester fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune overfor NRK.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Vi har opparbeida oss verdifull kompetanse opp gjennom åra. No kan den forsvinne.

Fylkesdirektør Rune Haugsdal seier han ikkje har noko val.

Etter at bystyret i Bergen gjekk for nye utgreiingar om bybane mot Åsane, er 16 år med bygging av bybana stoppa.

Haugsdal seier dei no jobbar saman med dei tillitsvalde om å kraftig skalere ned organisasjonen som har stått for planlegging og bygging.

– Vi håper å kunne halde på eit par nøkkelpersonar. Men det er ikkje tvil om at vi kjem til å miste folk vi sårt vil trenge. Vi trur jo framleis vi ein gong skal bygge bane nordover, seier han.

Dei tilsette blei orienterte på eit møte for halvannan veke sidan.

Fylkesdirektøren seier dei etter sumaren vil kunne presentere det som er att av Bybanen Utbygging.

Og at organisjonen vil bli avvikla heilt om det ikkje kjem ein snarleg avklaring på korleis politikarane i byen vil bygge bana til Åsane.

Rune Haugsdal, fylkesdirektør Vestland fylkeskommune

Fylkesdirektør Rune Haugsdal fryktar for framtidig utbygging av bybanen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Politisk snuoperasjon

Det har vore eit mål om å ha ei kontinuerleg utbygging av bybane i Bergen.

Det betente spørsmålet om den skal komme seg forbi Bryggen gjorde at linje 2 vart bygd til Fyllingsdalen i staden for til Åsane.

Så vart traseen vedteken på utsida av Bryggen, før det nyvalde Høgre-byrådet gjekk frå sine eigne valløfte og gjekk for ny utgreiing om tunnel.

Det vert no gjort ei ny utgreiing av ei tunnelløysing gjennom sentrum. Det skal vere ferdig i løpet av neste år.

Med det har bygginga stoppa opp. Det fleste av dei kring 30 tilsette i utbyggingsselskapet mister jobben.

Bybanen på Skjold i Bergen

Stoppet på Skjold vart teke i bruk i byggetrinn 2 i 2013.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid

– Kritisk

Nyheita skapar reaksjonar i det politiske miljøet i Bergen.

– Dette er resultatet av Høgre sitt løftebrot. Det er øydeleggande for byutviklinga i Bergen, seier Rune Bakervik frå Arbeidarpartiet.

Rune Bakervik (Ap)

Rune Bakervik i Ap legg all skuld på Høgre.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er kritisk. Ein av suksessfaktorane til Bybanen er kompetansen. Banen har skapt internasjonal merksemd, og kompetansen er avgjerande, seier Per Arne Larsen (V).

– At byrådet klarar å stoppe prosessen, er utruleg trist. Vi veit ikkje om vi klarar å få tilbake denne kompetansen. Det set all vidare bybaneutbygging i fare. Det er trist for byen vår, seier han.

Også Thor Haakon Bakke (MDG) kritiserer byrådet.

– No som byrådet har sabotert bana til Åsane, må dei snarast mogeleg bygge til Spelhaugen i Fyllingsdalen. Pengane og planen er klar, og det vil sikre kontinuerleg utbygging og aktivitet fram til neste val, seier han.

Bakervik avviser at regjeringa har noko skuld i at Bybanen Utbygging no vert marginalisert.

– Tvert om seier NTP at pengane kjem når politikarane i Bergen har blitt samde. Så dette må byrådet ta på seg sjølve.

Skuldar på regjeringa

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (H) går ikkje med på at dette er byrådet si skuld.

Ho viser til at dei har foreslått å starte bygginga ein annan stad medan dei vert samde om kvar bana skal gå i sentrum.

– Det er trist at Bybanen Utbygging vert bygd ned. Men dette kunne altså regjeringa ha unngått om dei hadde løyvd pengar i den nasjonale transportplanen.

Kahrs garanterer for at det kjem til å bli bygd bybane til Åsane. Men vil ikkje ta stilling til kor øydeleggande det er at kompetanse forsvinn.

Bakervik avviser at regjeringa har noko skuld i at Bybanen Utbygging no vert marginalisert.

– Tvert om seier NTP at pengane kjem når politikarane i Bergen har blitt samde. Så dette må byrådet ta på seg sjølve.

Byråd for byutvikling i Bergen, Christine Kahrs fra Høyre.

Christine Kahrs legg skulda på regjeringa.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK