Hopp til innhold

Mildare og våtare vêr gir snøskredfare på nest høgste nivå

– Med slike vêrforhold vil eg ikkje rå nokon til å gå på ski, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Solveig Kosberg.

Snøras på fylkesveg 337 til Veitastrond

ILLUSTRASJON: Det er venta stor fare for naturleg utløyste skred dei neste dagane.

Foto: Roger Fåberg

Snøskredfaren er på nest høgste nivå i delar av Nord-Norge i dag, og på store delar av Nordvestlandet i morgon.

Også Hovudredningssentralane åtvarar mot å legge ut på ski i fjellterreng.

Solveig Kosberg

VARSAM: Vaktleiar i snøskredvarslinga, Solveig Kosberg, ber folk gjere andre ting enn å gå på ski når snøskredfaren er på raudt nivå.

Foto: Solveig Kosberg / NVE

– Då gjeld det å halde seg unna bratt terreng, og heller finne på noko anna. Ski kan ein gå på andre dagar, seier Solveig Kosberg, vaktleiar i snøskredvarslinga.

Det er venta mykje regn på nysnø, noko som kan føre til naturleg utløyste snøskred. I Troms er fire personar sakna etter eit stort snøskred i Tamokdalen i går. Dei fire hadde vore på ein topptur til Blåbærtinden 1.442 meter over havet. Skredfaren i området gjer redningsarbeidet krevjande.

På Helgeland, Svartisen, Salten, Ofoten, Lofoten og Vesterålen ventar Kosberg ein del naturlege utløyste våte flakskred opp til kring 700 meter.

Ho ber folk halde god avstand til skredterreng. Den høge skredfaren er venta å vere kortvarig. Skredfaren går ned når nedbøren minkar.

Laster Twitter-innhold

Medan rasfaren i nord blir redusert til betydeleg på fredag, aukar snøskredfaren på store delar av Nordvestlandet frå betydeleg til stor. Altså nest høgaste nivå.

Temperaturen vil stige og nedbøren kjem som regn opp til 1.600 meters høgde. Det er venta opp mot 60 millimeter nedbør over 24 timar.

– Det kjem eit kraftig mildvêr med regn som går høgt til fjells. Når det regnar på snødekke, så blir snødekket ustabilt og det kan gå ein del skred. Det er god sjanse for naturleg utløyste skred, altså skred som går av seg sjølv, seier Kosberg.

– Område der det ligg mykje snø etter vinden i det siste er spesielt utsett, men regnet vil treffe overalt, legg ho til.

For Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane og Indre Sogn vil skredfaren her vere på høgste nivå. Den blir betydeleg for Jotunheimen, Voss og Hardanger.

– Det er venta at skred primært vil losne i fokksnø og nysnø som har kome etter siste mildvêr, men dersom skred losnar i vedvarande svake lag kan dei bli store, skriv varsom.no om skredfaren i Indre Sogn.