Hopp til innhold

Midtstoppar klar for Sogndal

Espen Næss Lund (25) melder overgang frå FK Tønsberg til Sogndal Fotball.

Espen Næss Lund
Foto: NRK

- Han er 194 cm høg og har stor rekkevidde. Han er ein spelande midtstoppar og litt sånn «kapteinstype», seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Kan han gjere som Grorud?

Næss Lund har dei siste åra vore kaptein i FK Tønsberg. Ironisk nok hadde mannen han skal erstatte, Lars Grorud, same rolle før han kom til Sogndal i 2007.

Grorud gjekk til Brann etter at Sogndal hadde sikra opprykk til Eliteserien.

- Akkurat det er litt tilfeldig, men det gjekk med fint med Lars - så vi får håpe det går like bra no, seier Fylling.

- Er ein spelande midstoppar

- Eg får berre håpe at eg kan bidra like godt som Lars har gjort, seier Espen Næss Lund.

Han skreiv under ein treårskontrakt med Sogndal tysdag føremiddag.

LES OGSÅ:

- Eg er ein spelande midstoppartype, som har spelt i posisjonar overalt på bana, seier om seg sjølv.

Vart cuphelt med Tønsberg

Næss Lund har vore i FK Tønsberg sidan 2005. Før det var han i Vålerenga i to sesongar. Han var svært løfterik som spiss i ungdommen, men har gradvis vorte flytta lenger bak på bana.

Dei to siste sesongane har han vore midstoppar.

Han var svært sentral i Tønsberg-laget som tok seg til 4. runde i cupen førre sesong. På vegen vart mellom anna gamleklubben Vålerenga slegne ut, og Næss Lund skåra to av måla.

SJÅ NÆSS LUND SKÅRE TO MOT VÅLERENGA HER: FK Tønsberg - Vålerenga

- Sjølvsagt er det stor skilnad frå 2. divisjon til eliteserien, så det er berre å bruke vinteren godt slik at eg kan ta opp kampen om å få spele mest mogleg, seier Espen Næss Lund.

25-åringen skal gjere eit meniskinngrep med det første, og overgangen er avhengig av at han passerer den medisinske testen.