Hopp til innhold

Vil styrkje forsvar og angrep

Sogndal jaktar forsterkningar til eliteserien, samstundes håpar klubben inderleg på å halde på Even Hovland.

Ruben Holsæter, Carl-Erik Torp, Joachim Magnussen

I SØKJELYSET: Ruben Holsæter (Førde), Carl-Erik Torp (Kongsvinger og Joachim Magnussen (Hødd).

Foto: NRK, Scanpix, Stig Høynes (montasje)

Trond Fylling

HAR STARTA JAKTA: Sportssjef Trond Fylling er i ferd med å leggje kabalen for neste års eliteserielag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er viktig for Sogndal å forsterke forsvaret framfor neste sesong. Men kanskje vel så viktig er det å halde på stortalentet Even Hovland.

Ønskt av Molde

Midstopparen som sist vinter var på prøvespel i Manchester United, er sterkt ønskt - blant anna av Molde.

– Vi byggjer veldig mykje av laget vårt rundt han. Vi håpar i det lengste at han vil vere her, seier sportsjef Trond Fylling i Sogndal Fotball.

Even Hovland

ETTERTRAKTA: Sogndal-stoppar Even Hovland.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal sa i sommar nei til eit bod frå Molde. Før opprykket til eliteserien var klart i haust, uttalte Hovland at det ville vere attraktivt å halde fram i Sogndal dersom klubben rykte opp. Likevel pågår spekulasjonane for fullt rundt framtida til 21-åringen som har kontrakt med Sogndal til 2012.

– Dei får berre snuse, seier Fylling.

Hødd-spelar

Håvard Flo

MÅ ERSTATTAST: Håvard Flo legg opp og går inn i ei stilling i Sogndal sitt støtteapparat.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sportsjefen er klar på at Sogndal må ha forsterkingar i fleire ledd før elitedebuten.

– Lars Grorud forsvinn jo (går til Brann, jour. anm.), så vi må sjå på det bakre leddet. På midten har vi fått inn Eirik Bakke. Kanskje bør vi også forsterke laget på kant. I alle fall må vi ha ein spiss, når Håvard Flo forsvinn, oppsummerer Fylling.

Og jakta på nye spelarar er godt i gang.

Før helga spekulerte Sunnmørsposten i om talentet Joachim Magnussen frå 2. divisjonsklubben Hødd snart er klar for Sogndal.

– Vi har sett han i fleire kampar, stadfester Fylling.
Han avviser likevel at klubben er i reelle kontraktsforhandlingar.

– Joachim er ein bra spelar som fleire klubbar er ute etter. I arbeidet vårt ser vi på mange ulike spelarar, seier sportssjefen.

Nedfallsfrukt frå Kongsvinger

Lars Grorud

MÅ ERSTATTAST: Sogndal-kaptein Lars Grorud spelar for Brann neste sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med nedrykket til Kongsvinger sist helg, finst det brått fleire spelarar med eliteserieerfaring på marknaden. NRK kjenner til at Carl-Erik Torp (26) skal vere aktuell for fleire toppklubbar. Også Sogndal skal ha meldt seg på i kampen om den tidlegare Manglerud/Star-spelaren.

– Kongsvinger har eg sett fire gonger i år. Der er det spelarar som er interessante. Det er eit aktuelt lag for oss å sjå på. Du veit, den eines død, den andre brød, seier Fylling som sjølv har måtte sjå spelarar gå til andre klubbar når Sogndal har rykt ned.

Jaktar framleis Holsæter

– Er det ein erfaren, sikker målscorarar ein jaktar, eller unge talent?

– Det kan vere begge deler. Vi har eit ungt lag, det må vi tore ha, meiner Fylling.

Og den unge profilen kan bli forsterka dersom klubben maktar å sikre seg Førde-talentet Ruben Holsæter frå 2. divisjon. 19-åringen har vore på prøvespel i både Sogndal og Brann, og Sogndal er framleis i dialog med sunnfjordingen som har

Piotr Leciejewski

ETTERTRAKTA: Sogndal-målvakt Piotr Leciejewski.

Foto: Rune Fossum / NRK

fått lovnad frå moderklubben om å få gå til ein større klubb i vinter.

Ingen konkrete mot Leciejewski

Men i jakta på nye spelarar må Fylling også unngå å miste fleire spelarar på veg mot eliteserien. Kaptein Grorud er alt klar for Brann, og forutan Even Hovland er Piotr Leciejewski blant dei heitaste objekta. Målvakta er rekna som 1. divisjons beste, og er i søkjelyset til andre klubbar.

– Men så langt er det ikkje komme konkrete førespurnader, seier sportssjefen i Sogndal Fotball.