Hopp til innhold

Bakke heim til Sogndal

Vart presentert som Sogndal-spelar i dag.

Video Eirik Bakke til Sogndal

Eirik Bakke var sjølv til stades på pressekonferansen, der det vart klart at han vender tilbake til Sogndal etter 12 år i Leeds, Aston Villa og Brann.

- Vil vere med og løfte laget

At 33-åringen skulle signere for Sogndal har blitt ein stadig mindre hemmelegheit utover hausten. Sjølv har Bakke venta med å avklare kva som skjer etter at kontrakta han med Brann går ut ved nyttår.

Men: Litt over klokka 13.00 tok Eirik Bakke igjen på seg Sogndal-drakta med nummer ni på ryggen.

- Eirik er ein stor kapasitet, og vi er veldig glade for at vi har fått denne signeringa. Han vil vere med på å løfte laget framover, seier Sogndal-leiar Gunnar Solbakken.

Stolt med drakta på plass

- Det skal bli moro å sjå han på Fosshaugane igjen. Bakke har signert ein treårskontrakt, og det gjer oss trygge på at vi får god bruk for han, seier sportssjef Trond Fylling.

Sjølv var Bakke tydeleg stolt av å kunne ta på seg Sogndal-drakta igjen. Det er berre kort tid sidan Brann sikra plassen i neste års eliteserie - no gler han seg til å møte bergensarane med moderklubben.

- Eg føler det er rette tida å komme heim no. Eg har alltid sagt at eg ville avslutte her. No er eg i bra fysisk form, og føler eg har ein del å bidra med på bana, seier midtbanespelaren.

LES OGSÅ: Berre Brann og Sogndal er aktuelle

Kunstgras let vente på seg

Den siste tida har Bakke sin fremste reservasjon for å kome heim til Sogndal vorte rydda av vegen i og med at planane om å leggja kunstgras på Fosshaugane er skyvde i alle fall eit år fram i tid.

No satsar Bakke på å spele fotball eitt år - og så får leiinga i klubben ta seg av kva dekke det blir på Fosshaugane i framtida.

LES OGSÅ: Kunstgras kan stoppe Bakke-retur

Det er venta at Bakke må tole eit solid lønskutt for å kunne skrive kontrakt med Sogndal.

Eirik Bakke og Gunnar Solbakken (MMS-foto)

NØGDE: Både Eirik Bakke og Gunnar Solbakken var tydeleg nøgde med ein treårskontrakt.

Foto: Arve Uglum / NRK