Hopp til innhold

Piotr-bytehandel avvist igjen

Sogndal Fotball trur bytehandlen med Piotr Leciejewski mot Kenneth Udjus og Cato Hansen no er lagt daud for godt.

Piotr Leciejewski, Kenneth Udjus, Cato Hansen
Foto: NRK/SCANPIX

"Ingen overgang Udjus/Hansen - Piotr. Har ingen kommentarar meir enn at vi ikkje vart einige" skriv sportsleg leiar i Sogndal Trond Fylling, i ei tekstmelding til NRK Sogn og Fjordane.


Sagaen rundt bytehandelen mellom Sogndal sin polske keeper Piotr Leciejewski og Brann-spelarane Cato Hansen og Kenneth Udjus har pågått om lag sidan serien vart avslutta tidleg i november, men no reknar Fylling den altså som avslutta.

Les og: Bakke trur bytehandlen går i boks

Les og: Piotr kan framleis gå til Brann

Leciejewski enig med Brann

Brann vart først enige med Leicejewski om hans personlege avtale. Om lag samtidig takka Sogndal ja til å få dei to brannspelarane Udjus og Hansen i byte. Dei to spelarane var i utgangspunktet positive til å kome til Sogndal, men handelen har stranda fleire gonger på gapet mellom dei relativt høge lønene spelarane har heva i Brann, og det Sogndal har vore villige til å tilby dei.

Langt frå kvarandre


Sogndal har tilbydd dei to ei samla lønspakke som tilsvarar løna Piotr Leciejewski har hatt i Sogndal. Det ville i så fall bety eit kraft lønskutt for dei to spelarane som begge tente vesentleg meir enn Leciejeski med dei kontraktene dei har no.

Dermed har Sogndal prøvd å få Brann til å betale ein del av løna deira, men dei tingingane har tydelegvis ikkje ført fram