Hopp til innhold

Melder NINA og Mattilsynet til politiet etter funn av isklump på villrein

Organisasjonen Dyrenes Røst har politimeld NINA og Mattilsynet for å ha påført villrein lidingar. I førre veke vart ein isklump på størrelse med ein handball funne på halsbandet til ein villrein.

Simle med isklump i halsbåndet

STOR: Blodklumpen på kinnet til villreinen kjem frå avlivinga og ikkje frå isklumpen, men pelsen var nedsliten under isklumpen.

Foto: Miljødirektoratet/SNO

Jenny Rolness

Jenny Rolness i Dyrenes Røst.

Foto: Privat

– For andre gong har Norsk institutt for naturforsking (NINA) si forsking påført reinsdyr store lidingar, skriv Jenny Rolness, leiar i dyrevernorganisasjonen Dyrenes Røst.

I førre veke vart ein villrein i Nordfjella avliva av Statens naturoppsyn (SNO), etter at ein villrein vart observert med ein stor isklump på 1,5 kilo festa på halsen. Isen hadde sett seg i eit merkehalsbandet som vert nytta til å følge med korleis villreinen beveger seg i Nordfjella.

Det er totalt åtte rein som har slike merkehalsband.

Andre gong

Dyrenes Røst meiner NINA har brote to punkt i dyrevelferdslova.

– Den lova gjeldt for alle. Både privatpersonar, forskarar og statlege organ. Vi ønsker at den uetiske forskinga på dyr skal stoppa for den utsett dyra for store lidingar, seier Rolness.

Også i 2015 vart det funne eit reinsdyr med ein stor isklump på merkehalsbandet og i saka VG omtalte hadde eit reinsdyr ein isklump som var større enn hovudet.

– Vi meiner dei burde slutta med merking alt då, men det vart ikkje gjort, seier Rolness.

Tidlegare har Dyrenes Røst meldt Mattilsynet til politiet for nedslaktinga av villreinen i Nordfjella. Det er vedteke at heile stammen på 2200 villrein skal avlivast for å hindre spreiing av skrantesjuke.

Det var NINA sjølv som gjekk ut med ein pressemelding om isklumpen på villreinen i førre veke.

– Vi må gå gjennom fordelane merkinga har for samfunnet og villreinen, og vege dei opp mot den dyrevelferdsmessige belastninga dei viser seg å kunne vera, sa veterinær Bjørnar Ytrehus, i NINA då.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med NINA måndag ettermiddag.