Førre veke slo den kraftige vinden ut naudnettet fleire stader i Sør-Noreg. Laurdag ettermiddag var heile 80 basestasjonar råka.
Blant dei om fekk størst problem var Vinje i Telemark. Der sørgde satellittelefonar, mobilar og lokale eldsjeler for at naudetatane kunne kommunisere seg imellom.
Også andre stader var det oppfinnsame løysingar som måtte til for å halde beredskapen ved like.
I Flå gjorde uvêret at ambulansen sto klar med blinkande blålys på McDonalds.
LES OGSÅ: Ekstrem nedbør har gjort hjemmet til May-Linn og Hedda ubeboelig
Held liv i det gamle, analoge systemet
I Sogn og Fjordane var dei betre skodd. Der har dei nemleg prioritert å halde i live det gamle, analoge systemet.
Naud- og redningsetatane gjekk over eit felles digitalt radiosamband i 2015.
Men dette har ein svakheit. Om straumen til basestasjonane blir borte, blir også dekninga borte.
På det området er det gamle radiosambandet mindre sårbart.
– Difor har vi samband også når naudnettet eller mobilnettet fell ut, seier Stian Antonsen i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Difor var sambandet oppe og gjekk også under ekstremvêret Dagmar i romjula 2011.
– Då var det det analoge nettet som redda mykje av kommunikasjonen fleire stader, seier Antonsen.
– Syner kor skjørt nettet er
Førre gong Antonsen gleda seg over det analoge nettet var 30. juli 2019.
Då kom det eit styrtregn over Jølster, og fleire jord- og steinras gjekk over vegane.
LES OGSÅ: Det var ein strålande julidag. Så kom styrtregnet og laga eit rasinferno i Jølster.
Naudnettet klarte seg, men berre så vidt.
– Det var like før. Det var berre snakk om timar, seier beredskapsleiar Robert Endestad.
Han seier styrtregnet syner kor skjørt nettet er, og at naudetatane er avhengige av ein plan b.
Det same seier Sigurd Heier, avdelingsdirektør for nød og beredskapskommunikasjon i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Det er DSB som har ansvaret for naudnettet i Noreg.
– Alle bør ha ein plan b, sjølv om naudnettet er robust. Det er klokt og nødvendig, seier han.
Kritisk infrastruktur vil bli meir sårbar
Uvêret i helga var uvanleg kraftig. I DSBs klimaplattform skriv dei at «ekstremværhendelser som storm, nedbør, flaum, tørke, osv. vil skje oftare og auke i styrke, og dermed true liv og helse, materielle verdiar og kritisk infrastruktur.»
Heier presiserer at det ikkje er mogleg å få på plass eit naudnett som aldri kan dette ut, men at naudnettet må ha fleire system som sørgjer for at kommunikasjonen går som planlagt, «sjølv under utfordrande forhold».
– Samfunnssikkerheten vert utfordra bredt og Noreg må tilpasse seg. Alle har ansvar for sitt område, og samtidig må heilskapen varetakast.