Hopp til innhold

Ti år sidan ekstremvêret Dagmar: Framleis er beredskapen sårbar

Miobilnettet forsvann då folk mista både hus, hytter og veg i romjula 2011. Me er framleis bak skjema for å tilpassa oss klimaendring og ekstremvêr, meiner forskar.

Ekstremværet Dagmar, seilbåt ligger blåst opp på land - Molde sentrum i bakgrunnen

Denne seglbåten enda opp på ein parkeringsplass i Molde sentrum då Dagmar trefte kysten i 2011.

Foto: Nsaa / Wikimedia Commons

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

På kvelden andre juledag og natt til tredje juledag, rasa ekstremvêret Dagmar over landet.

Særleg Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag vart hardt råka av orkanen.

Dei materielle øydeleggingane var enorme.

Ifølgje tal frå Finans Noreg vart det registrert vel 20.000 enkeltskadar og betalt ut erstatningar for 1,3 milliardar kroner.

Kvar fjerde nordmann vart straumlaus og folk mista både hus, hytter og veg.

Knust låve

SKADAR: Ifølgje Finans Noreg vart det registrert 20.000 enkeltskadar etter Dagmar.

Foto: privat

Ingen liv gjekk tapt i uvêret, men ein mann omkom i samband med oppryddinga.

Både straum- og telefonnettet gjekk ned for teljing i store område. 382 av Telenor sine basestasjonar var på eit tidspunkt ute av drift i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Betre rusta i dag?

– Beredskapen har blitt betre, men me ligg etter med det førebyggjande arbeidet med tilpassingar til klimaendringar, seier Carlo Aall.

Han er forskar ved Vestlandsforsking og leiar for Norsk senter for berekraftig klimatilpassing.

Ifølgje Aall er me betre rusta til å takla ein liknande situasjon i dag, samanlikna med for ti år sidan.

– Men sjølv om beredskapen er betre, så er me ikkje gode nok.

Han viser til at naudnettet var nede seinast under ei ekstremvêrhending i haust, trass i at det er gjort ei kraftig utbygging sidan Dagmar.

Dei siste ti åra har det blitt jobba mykje med å finna ut kvar me er sårbare. Beredskap, naudnett og risikoanalyse har ifølgje Aall blitt betre. Ikkje minst er det etter Dagmar bygt ut eit komplett, digitalt naudnett over heile landet.

Men Aall seierat det ikkje er jobba like mykje med førebygging i norske kommunar, der arealplanlegging står sentralt.

Carlo Aall

KLIMATILPASSING: Carlo Aall jobbar mellom anna med korleis samfunnet blir påverka av klimaet og med tilpassing til klimaendringar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Lærer framleis av Dagmar

Ifølgje Aall klarer me ikkje å laga eit naudnett som er hundre prosent robust.

– Me har basert heile samfunnet vårt på at kommunikasjon skjer på ein augneblink og at alt av nett alltid er oppe. Då byggjer me ei sårbarheit i samfunnet.

Fylkesberedskapssjef i Vestland Haavard Stensvand seier Dagmar framleis blir brukt som ein viktig referanse for planlegging av beredskap.

– Sjølve beredskapen fungerte, men ein god del av verktøya var ikkje på plass dei dagane.

Særleg var det ei viktig erfaring å sjå kor avhengige vi er av elektronisk kommunikasjon, seier han.

Når kjem neste Dagmar?

Klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt fortel at det ikkje har vore ein auke i ekstremvêr dei siste åra, men at dei ser ein auke i ekstreme hendingar.

Desse knyter ho til at klimaet er i endring. Ho trekkjer spesielt fram at det har blitt fleire hendingar med meir nedbør.

Det har ført til meir overvatn, regnflaumar og jord-, flaum- og sørpeskred.

Helga Therese Tilley Tajet trur ikkje det kjem nok regn til å fylla magasina.

AUKE: Når klimaet blir varmare, er det mogleg for atmosfæren å innehalda meir fukt.– Då er det meir fukt som kan bli til regn tilgjengeleg, forklarer klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet.

Foto: Meterologisk institutt

Dagmar hadde vindkast på over 50 meter per sekund. Over 33 meter per sekund er rekna som orkan. Førebels kan ikkje Tilley Tajet seia noko sikkert om klimaendringane gir oss meir vind.

– Når kjem neste storm i Dagmar sin storleik?

– Det er veldig vanskeleg å vita. Det er ti år sidan Dagmar og tretti år sidan Nyttårsorkanen, men eg kan ikkje gjetta når neste skal koma, seier klimaforskaren.

"Dagmar" herjet i Florø

STERKE KREFTER: I Florø var det sterke krefter i sving romjula 2011.

Foto: Truls Kleiven

Ved Universitetet i Bergen har Thomas Spengler forska på korleis stormar utviklar seg, og kvifor nokre av «julestormane» blir så sterke.

– Det viser seg at dei største stormane ikkje kjem åleine. Dei kjem som ein del av ein serie med stormar, forklarer Spengler.

Han kallar ein serien av stormar for «ein lågtrykkfamilie». Dagane før Dagmar var det to mindre stormar.

– Ein storm hjelper til med fødselen av neste storm, slik som ved Dagmar.

Korleis dette fungerer blir diskutert i det meteorologiske fagfeltet. Familiestormar kjem kvart år over store delar av verda.

Det er førebels usikkert kvifor nokre av dei blir så sterke og om det kan bli fleire av dei framover.

– Det skal me forska vidare på, seier Spengler.

Thomas Spengler

FAMILIAR: Dei store stormane kjem sjeldan åleine, men som ein serie stormar i ein lågtrykkfamilie. Dette har Thomas Spengler (UiB) forska på.

Foto: UiB

– Må måle effekt av førebygging

Det er likevel ikkje ekstremvêret som er mest utfordrande. Ifølgje Aall er det summen av mykje dårleg vêr som er den største utfordringa for kommunane.

– Framover må me bli flinkare til å måla effekten av førebygginga me gjer.

PRESISERING: I første versjon av artikkelen skreiv vi at naudnettet forsvann under Dagmar. Det er ikkje rett. Det rette er at mobilnettet forsvann i store område. Det landsomfattande, digitale naudnettet er bygt ut seinare. Artikkelen vart retta tysdag 28. desember klokka 10.45.