Arbeidarpartiet og Senterpartiet seier nei til Høgre og Frp sitt forslag om «skånsam utbygging av vasskraft i verna vassdrag der vi kan auke produksjonen av kraft utan at det går på særleg kostnad av natur- og miljøomsyn».
Det er klart etter at den såkalla energimeldinga vart handsama i Stortinget sist veke.
– Eg er overraska og skuffa over at Senterpartiet og Arbeidarpartiet stemmer mot noko dei tidlegare har signalisert at dei er for, seier Olve Grotle (H), som representerer Sogn og Fjordane på Stortinget.
Han viser til herjingane til Flåmselva i 2014 og korleis «omsynsfull kraftutbygging», «minimal reduksjon av verneverdiane» og betre flaumvern kan gå hand i hand.
– Eg veit ikkje kva som har skjedd i Ap og Sp sidan i vinter. Det som er sikkert er at folk i Flåm har vorte taparane, seier han.
FLÅMSELVA I 2014: Ein elvestraum på 120.000 liter vatn i sekundet trua liv og helse, raserte tre hus, og gjorde det nødvendig å evakuere 143 menneske.
Foto: Noralv DistadTilsynelatande fleirtal for å revidere vernet
I fjor stemde Frp og Sp, som dei einaste på Stortinget, for eit forslag om å opne verna vassdrag for kraftutbygging.
På toppen av det signaliserte Arbeidarpartiet og Høgre i januar at dei var opne for ein mindre religiøs og meir fleksibel tilnærming til vassdragsvernet.
– I samband med energikommisjonen vil det vere naturleg å sjå om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til Klassekampen.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) kvitterte med at landet må førebu seg på «vonde og vanskelege» vurderingar, men la til «på den lista meiner eg at det å utfordre tidlegare vernevedtak skal liggje ganske langt nede».
Bakom rørslene om kor «heilag» det norske vassdragsvernet skal vere ligg spørsmål om flaumfare, grøn omstilling og scenario for kraftunderskot. I dag er 394 norske vassdrag verna.
– Verneplanane er ofte fleire tiår gamle, og ny teknologi er utvikla sidan den gongen, sa Nikolai Astrup (H).
I vinter la han fram ei liste over ti vassdrag han ville «av-verne». Åtte av dei ti elvane er i Vestland fylke (sjå grafikk i botn av saka).
Skuffa over «snuoperasjonen»
SV, som er budsjettpartnar til Ap og Sp, er kategorisk mot å fire på vassdragsvernet.
Energipolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland, er skuffa over «snuoperasjonen» til dei to regjeringspartia, og viser til at auka vasskraftproduksjon er naudsynt fram mot 2030.
– Regjeringa sviktar på det området som kunne gitt Noreg lågare prisar på kraft. I staden snakkar dei om vidløftige planar for havvind og vind på land som ligg mange år fram i tid, seier han.
NVE har rekna på kraftpotensialet ved «skånsam utbygging» av verna vassdrag, og anslått dette til nokre få TWh.
NVE-direktør Kjetil Lund har tidlegare sagt at det «neppe er mykje kraft å hente i verna vassdrag utan å gå inn i indrefileten av norsk natur».
PÅ VILKÅR: – Flaum og flaumdemping skal berre kome på tale der verneverdiane ligg fast, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Torstein Bøe / NTB– Berre om liv og helse står på spel
Marianne Sivertsen Næss er energi- og miljøpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, og leiar Stortingets energi- og miljøkomité.
– For oss er det ikkje aktuelt med ny utbygging av vasskraft i verna vassdrag. Det vi har sagt, er at det berre skal tillatast tiltak i verna vassdrag for å forhindre flaum der liv og helse står på spel og der tiltaket ikkje kjem i konflikt med verneverdiane, seier ho.
Ho legg til at «det er viktig for oss å understreke at andre flaumførebyggjande tiltak først skal greiast ut».
– Å byggje ut verna vassdrag gir store negative konsekvensar for naturmangfaldet. Då er det meir aktuelt å byggje ut andre former for fornybar energi, setje i gang ei storstilt satsing på havvind og satse betydeleg på energieffektivisering.