Hopp til innhold

Marit har hatt to jobbar for å greie tannlegerekningane

Marit Folkestad (53) har hatt tannplager sidan ho var i starten av tjueåra. I fleire år har ho jobba dobbelt for å greie utgiftene.

Marit Folkestad

– Mitt største ønske er å bli fri og kunne leve utan å måtte tenke på tenner, seier Marit Folkestad.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Eg er 53 år og har lyst til å leve livet mitt utan smerte og økonomiske problem, seier Marit Folkestad.

I 1992, då ho var i starten av tjueåra, starta det som skulle bli nær 30 år med tannplager og mykje smerter.

Det vart rotfylling og tanntrekking. Betennelse i beinet måtte fjernast kirurgisk. Folkestad fortel at ho har gått på tallause antibiotikakurar.

Etter kvart som problema vaks, vaks også utgiftene.

I fleire år hadde ho to jobbar for å dekke utgifter til tannbehandling.

I dag har Folkestad trappa ned på jobbinga av omsyn til helsa. Ho har åtte tenner oppe i munnen og åtte nede.

Les også Evy Ann manglar begge fortennene og har ikkje råd til nye

Evy Ann Førde

Vaksne må betale sjølve

Tannbehandlinga har gjennom åra kosta Folkestad store summar. Hittil har helseplagene kosta ho over 300.000 kroner.

Ho har lånt pengar av familiemedlemmar og teke opp dyre lån for å gjennomføre behandlingar. På eit tidspunkt oppretta også ei venninne ein innsamlingsaksjon på nett.

I Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking i fjor svarte 17 prosent «ja» på spørsmålet om dei har late vere å gå til tannlegen fordi dei synest det er dyrt.

NRK har tidlegare fortalt om Evy Ann Førde, som måtte opprette spleis for å få råd til nye framtenner.

Som hovudregel må vaksne i Noreg betale for eiga tannbehandling. Det finst likevel tilstandar som gjer at folketrygda via Helfo dekker delar av utgiftene.

Marit Folkestad har slite med å forstå desse reglane. Ho har fått dekt enkeltbeløp på mellom 1000 og 2000 kroner.

Folkestad kan ikkje peike på kva som er årsakene til tannproblema, men mistenkjer det starta med feilbehandling. Ho seier ho har prøvd å få teke testar for munntørrheit mange gonger, men dette var ikkje gjort gjort før i 2020.

Vil at det skal bli gratis

Raudt ønsker på sikt å fase inn gratis tannhelseteneste for alle. Partiet vil finansiere ei slik reform mellom anna ved å auke selskapsskatten.

SV ønskjer ein eigedel på tannbehandling «etter ein modell som er ganske like helsetenesta elles».

– Alle skal kunne gå til tannhelsetenesta utan å vere redd for rekninga, har helsepolitisk talsperson Marian Hussein tidlegare uttala til NRK.

Høgre meiner ordninga bør vere som i dag, men er «opne for å sjå på korleis vi kan gjere støtteordningane betre overfor sårbare grupper og menneske som treng den offentlege tannhelsetenesta mest» har stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe tidlegare sagt.

Framleis utgifter

Folkestad fortel om ansiktssmerter og om plager i kroppen som har kome seg når ho har fått ordna noko i munnen. Ho er ikkje i tvil om at problema med tenner og munn også har forårsaka plager i hovudet, nakke, rygg og biholer.

Det beviser at tannproblema påført nerveskade og slik burde ha vore dekka av helsevesenet, meiner ho.

Tannhelse

HEVELSAR: Folkestad har vore plaga med betennelsar i munnen og har også hatt hevelsar i ansiktet.

Foto: PRIVAT

Kiropraktor Christoffer Børsheim ved klinikken «Behandling for Alle» ved Sletten senter i Bergen viser til at Folkestad har hatt plager over lang tid, med mykje stress og betennelsar i kjeve og nærliggande område.

– Dette har samanheng med muskelplager i kjeve, nakke og øvre rygg, fortel Børsheim.

Folkestad har møtt mange behandlarar sidan ho fekk tannplager på starten av 1990-talet. Fleire stader har ho opplevd å ikkje bli trudd for plagene ho har.

– Ser betring

Sidan 2020 har ho gått til behandling hos tannlege og oralkirurg Alexandru Oanca ved klinikken Eurodent Bergen. Folkestad kom til klinikken med fysiske smerter, men også plaga av å ikkje kunne smile eller ete.

Han fortel at det har vore ein lang veg med fleire behandlingar, men at han for tida ser ei betring hos Folkestad.

Ho må mellom anna ha beinimplantat i kjeven fordi betennelse har øydelagt beinet, noko Klassekampen har fortalt om før.

I dag kjenner Folkestad seg betre. Ho har håp om å bli ferdig med tannplagene.

– Eg har eit ønske om å fortsette livet som alle andre.

Les også Frykter lange køer når 21- og 22-åringer skal få halv tannlegeregning

22 år gamle Solveig Fredheim Blindheim og 25 år gamle Vilde Nesbakk studerer til å bli tannleger i Bergen.