Hopp til innhold

No kan Evy Ann smile – spleiselag gir henne nye fortenner

Tannlegerekninga kjem på over 60.000 kroner. No ser private givarar ut til å sikre Evy Ann Førde nye fortenner.

Evy Ann Førde

FLEIRE MED SAME PROBLEM: Evy Ann Førde har høyrt om fleire liknande historier som hennar eiga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Folk seier det er tøft av meg å stå fram og at det er bra at nokon frontar denne saka, for det er så mange som ikkje tør.

Evy Ann Førde (40) manglar begge fortennene i munnen. To kunstige tenner festa på ei plate er den mellombelse løysinga.

Rekninga for å få nye tenner kjem på over 60.000 kroner – pengar Førde ikkje har.

Men no har ein innsamlingsaksjon på nett saman med støtte frå NAV gitt henne tru på at ho skal få orden på tannhelsa.

Enno manglar det litt på at tannbehandlinga er fullfinansiert, men Førde seier det ser lovande ut.

40-åringen seier det å vere utan tenner pregar henne meir enn ho trudde det ville gjere.

Les også Evy Ann manglar begge fortennene og har ikkje råd til nye

Evy Ann Førde

Meiner fleire grupper kan ha behov for hjelp

Som hovudregel må vaksne i Noreg betale for eiga tannbehandling. Det finst likevel tilstandar som gjer at folketrygda via Helfo dekker delar av utgiftene.

Etter krav frå SV, har regjeringa bestemt at 21- og 22-åringar får halv pris på tannbehandling.

Men andre grupper kan ha like stor bruk for hjelp, meiner Den Norske Tannlegeforening.

Heming Olsen-Bergem er president i Den norske tannlegeforening.

VIL HA UTGREIING: Fleire grupper kan ha bruk for hjelp til tannbehandling, seier Heming Olsen-Bergem i Tannlegeforeningen. Han vil ha ei utgreiing av tannhelsetenesta.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Foreininga hadde ønskt ein større gjennomgang av tannhelsetenesta.

President Heming OIsen-Bergen meiner ei heilskapleg utgreiing må til for å kunne prioritere rett.

– Slik sett hadde det vore lurare å prioritere ei ordentleg utgreiing framfor å gi middel over statsbudsjettet som ikkje har ein veldig klar plan.

Raudt vil på sikt ha gratis tannhelse for alle og har kritisert regjeringa for å jobbe for seint med tannhelse, noko statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) har avvist.

Kan starte behandling i august

Evy Ann Førde har hatt tannplager sidan ho var ung. Som 15-åring på fotballskule førte ein smell til ei knekt fortann. Seinare fekk ho bru.

Då ho nyleg fekk smerter i munnen måtte brua, og både den ekte og den kunstige fortanna, ut.

Fordi skaden til Evy Ann Førde er gammal, får ho ikkje støtte frå Helfo eller forsikringsselskap, fortel ho.

Men med støtta som har kome frå privatpersonar og Nav kan det no sjå ut til å ordne seg.

Helst hadde ho ønskt at det ikkje var nødvendig å ty til innsamlingar.

– Det burde vore veldig mykje enklare. Det burde vore ei eigendelsordning som hos legane eller ein lettare måte å søke refusjon på, seier Førde.

No må det gro i beinet i munnen etter siste tanntrekking.

I august kan ho starte behandlingsprosessen med å få på plass nye fortenner.

Tannhelse

ERSTATNING: To kunstige fortenner festa på ei plate er no erstatninga for permanente tenner.

Foto: Arne Stubhaug / NRK