Hopp til innhold

Evy Ann manglar begge fortennene og har ikkje råd til nye

For å få nye fortenner, må Evy Ann Førde ut med over 60.000 kroner. Det er pengar ho ikkje har. Regjeringa jobbar for seint med tannhelse, meiner Raudt.

Evy Ann Førde

GAMMAL SKADE: Evy Ann Førde miste eine fortanna på fotballskule som 15-åring. Nyleg måtte ho fjerne både den kunstige og ekte fortanna etter at ho fekk smerter i munnen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ser fælt ut og følast fælt.

Evy Ann Førde (40) manglar begge fortennene i munnen. Ei plate med to kunstige tenner er erstatninga, enn så lenge.

Ho har fått tilvising til sjukehus, der nye tenner skal festast med titanskruar.

Å få orden på tennene vil koste henne over 60.000 kroner.

Det er pengar ho ikkje har.

Løysinga vart å opprette ein spleis på nettet. Der har det kome inn både pengar og mange støtteerklæringar.

– Eg gjekk mange rundar med meg sjølv og med mannen min. Du tiggar på nett i staden for å sitje på gata og tigge eller ringe venner. Det er ikkje noko du gjer lett, seier ho.

Tannplager har ho hatt sidan ho var ung.

Som 15-åring på fotballskule førte ein smell til ei knekt fortann. Seinare fekk ho bru. Men då ho nyleg fekk smerter i munnen måtte brua, og med det både den ekte og den kunstige fortanna, ut.

Tannhelse

KUNSTIGE TENNER: Evy Ann Førde har ei plate med kunstige tenner mens ho ventar på å få nye fortenner.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meiner regjeringa jobbar for seint

Som hovudregel må vaksne i Noreg betale for eiga tannbehandling. Det finst likevel tilstandar som gjer at folketrygda via Helfo dekker delar av utgiftene.

I Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking i fjor svarte 17 prosent «ja» på spørsmålet om de har latt vere å gå til tannlegen fordi de synest det er for dyrt.

Tannhelse var eit viktig tema i valkampen i haust. Det må forplikte, skreiv Seher Aydar, stortingsrepresentant for Raudt i eit innlegg i Dagbladet.

– Regjeringa må få opp farta. Dei som ikkje har råd må droppe tannlegebesøket. Det viser at vi har eit stort hol i velferdsstaten, seier Aydar.

Seher Aydar

HOL I VELFERDSSTATEN: Tannhelse er eit hol i velferdsstaten, meiner Raudt-politikar Seher Aydar.

Foto: Einar Aslaksen / Rødt

Partiet ønsker å fase inn gratis tannhelseteneste for alle i løpet av fire år. Raudt vil finansiere ei slik reform mellom anna ved å auke selskapsskatten.

Les også Rødt vil gjøre tannhelse gratis for alle

At the dentist

Vaksne må betale sjølve

I budsjettforhandlingane vann SV fram med eitt av krava i partiet si tannhelsereform. No får 21- og 22-åringar dekt halve tannlegerekninga.

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet viser til at Ap, Sp og SV i budsjettforliket òg har:

  • auka tilskotet til det tilrettelagde tannhelsetilbodet for tortur- og overgrepsoffer og personar med sterk tannlegeskrekk med 80 millionar
  • styrkt refusjonsordningane i folketrygda for kjeveortopedi med 50 millionar
  • styrkt den offentlege tannhelsetenesta med 100 millionar

– Eg er ueinig med Rødt i at dette er å jobbe sakte, uttaler Bjørkholt.

Bjørkholt seier regjeringa vil følge opp Stortingets vedtak i samband med budsjettforliket og setje ned eit utval som skal kome med forslag om korleis tannhelsetenestene kan likestillast med andre helsetenester. Utvalet skal òg sjå på modellar for eigendelstak.

Vil prioritere dei som treng det mest

Stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe og Høgre meiner på si side organiseringa av tannhelsetenesta i Noreg fungerer godt og vil vidareføre denne.

Bøe viser til at ein av fire alt i dag har gratis tannbehandling, inkludert barn og unge, rusavhengige og eldre som får heimesjukepleie eller bur på institusjon.

Men vi er opne for å sjå på korleis vi kan gjere støtteordningane betre overfor sårbare grupper og menneske som treng den offentlege tannhelsetenesta mest.

Bøe seier Solberg-regjeringa derfor gjekk inn for å sette i gang arbeid med ei ny stortingsmelding om organiseringa av tannhelsetenesta. Denne blei vedteken for tre veker sidan.

Vil at fleire skal få dekt tannbehandling

SV og Raudt fremja forslag om eiga tannhelsereform i Stortinget i fjor, men vart nedstemt.

SV ønskjer ein eigedel på tannbehandling «etter ein modell som er ganske like helsetenesta elles».

– Alle skal kunne gå til tannhelsetenesta utan å vere redd for rekninga, seier helsepolitisk talsperson Marian Hussein

– Kva vil det koste å utvide ordningane – og har ein råd til det?

– Vi er ikkje heilt i mål og skal lage ei utgreiing for å finne ut alt om korleis denne modellen skal vere og kva det vil til slutt koste, seier Hussein.

Marian Hussein, stortingsrepresentant (SV).

VIL UTVIDE ORDNINGANE: – Vi har neglisjert tenner i altfor stor grad når vi ikkje har hatt gode system for vaksne si tannhelseteneste, seier helsepolitisk talsperson Marian Hussein i SV.

Foto: Nadir Alam / NRK

Ønsker eigendelsordning

Fordi skaden til Evy Ann Førde er gammal, får ho ikkje støtte frå Helfo eller forsikringsselskap, fortel ho. Ho har også sendt søknad til NAV om støtte.

Heller enn å måtte be andre om pengar på spleis hadde ho ønskt at det òg for tannhelse var ei eigedelsordninga liknande ordninga hos legar.

– Tenner er ein del av kroppen og påverkar heile kroppen. Kvifor vert dei då ikkje rekna som ein del av kroppen?