Hopp til innhold

Mange kraftliner under planlegging: – Legg meg med ein klump i magen kvar natt

Det ligg an til fleire protestar mot bygging av kraftleidningar i norsk natur i åra som kjem.

Dag Jørgen Neraal på Strype i Etne-fjella

STRYPEHEIANE: Fjellområdet er mykje brukt til friluftsliv. Dag Jørgen Neraal er blant dei som kjempar mot 30 meter høgre kraftmaster her.

Foto: Tale Hauso / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På Strypeheia i Etne i Sunnhordland ligg fleire små fjellvatn etter kvarandre.

Her går folk tur, jaktar, fiskar og badar. No fryktar dei at idyllen kan ta slutt.

Ei 90 kilometer lang 420 kV kraftline frå Kvinnherad til Tysvær er planlagt å gå gjennom dette området.

Mastene blir mellom 30 og 35 meter høge.

– Me krev jord- og sjøkabel. Det gjeld her, men også komande utbyggingar i Noreg i åra som kjem, seier Dag Jørgen Neraal i Forum for jord- og sjøkabel i Etne.

Strype i Etne

STRYPEHEIA: Fleire små vatn ligg i fronten på fjellet, med utsikt mot Etne og Stord. Leidningstraseen er tenkt like bak og ved vatna.

Foto: Privat

– Eg legg meg med ein klump i magen kvar natt, men håpar dei tek til vit. Eg vil så gjerne ta med ungar ein gong i framtida, og visa dei at me klarte å stoppa planane om å øydelegga fjellet, seier Alexander Høyland (18).

Enormt kraftbehov i det grøne skiftet

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) var denne veka på synfaring i Etne-fjellet. Dei handsamar no konsesjonssøknaden til Statnett.

– Eg trur ikkje det går an å unngå konfliktar. Dette er store og varige naturinngrep, men det er eit aukande behov for å få straumen fram, seier Inga Nordberg, som er direktør for energi- og konsesjonsavdelinga i NVE.

Krafta i den nye leidninga gjennom Etne skal gå til ny og grøn industri på Haugalandet i Rogaland.

KRAFTMASTER: Den planlagde kraftleidninga skal gå frå Kvinnherad til Tysvær i Rogaland. Ei strekning på rundt 90 kilometer.

– Det er eit stort behov for investeringar i kraftnettet framover. Det er mykje gamalt nett som må oppgraderast og bytast ut. I tillegg skjer det ei elektrifisering som følgje av klimamål, og det krev mykje meir nett, seier Nordberg.

Transmisjonsnettet består i dag av om lag 11.500 km leidning, 2000 km kabel og 200 stasjonar.

Frå 2010 til 2020 blei det bygd og oppgradert meir enn 2000 kilometer ny leidning og samla investert rundt 70 milliardar kroner.

Statnett ventar eit høgt investeringsnivå også i perioden 2020 til 2030, estimert til 60–100 milliardar kroner, men vil ikkje anslå kor mange kilometer ny leidning det vil utgjera.

Les også Vil koste 180 milliardar å ruste opp det norske linjenettet

Inga Nordberg i NVE

VENTA MOTSTAND: – Uansett kor me legg kraftliner, vil det vera negative konsekvensar, seier Inga Nordberg i NVE.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Blir fleire lokale konfliktar

Det er lokale kampar mot kraftmaster fleire stader allereie, og fleire er venta.

Blant anna har Statnett fått lov til å bygga 38 meter høge kraftmaster i Bærum for å forsyna eit aukande kraftbehov i Oslo.

Les også Dobbelt så høye strømmaster – ordføreren er rystet

Strømmaster i Bærum: Eivind Heide Collin bor i Bærum og ikke langt unna hagen ser han hver dag på en 21 meter høy strømmast. Høyden på denne skal øke til 38 meter.

I Finnmark fryktar mange at ny kraftline skal råka urørt natur og reindrift.

– Eg trur me må rekna med at det blir fleire lokale konfliktar knytte til utbygging av kraftliner i Noreg i åra framover, seier forskingsleiar Lars Gulbrandsen ved Fridtjof Nansens Institutt.

Han tvilar likevel på at det blir ein samla nasjonal kamp mot kraftmaster, slik det har vore mot vindkraft.

– Men at lokale protestar vil forseinka arbeidet, trur eg me vil sjå fleire stader etter kvart, seier han.

Skal byggje kraftliner raskare

Styresmaktene ønskjer å effektivisera prosessen med å bygga nye kraftliner, som i dag kan ta opp mot 14 år.

– Me prøver difor parallelt å jobba så raskt og effektivt me kan på bakrommet. Men det å lytta til folk, trur eg ikkje me skal slutta med, seier Inga Nordberg i NVE.

Motstandarar av kraftliner på Strype i Etne-fjella.

SYNFARING: Mange motstandarar av kraftliner møtte opp då NVE var på synfaring i Etne-fjella denne veka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Held fast på prinsipp om at kraftliner skal gå i lufta

Alternativ med jord- og sjøkabel blei lagde vekk tidleg i prosessen med den nye kraftlina gjennom Etne.

– Årsaka er politiske føringar, og tekniske vurderingar av ein såpass lang kabel i sentralnettet, seier prosjektleiar Kari Eika i Statnett.

Hovudregelen er at kraftliner med dei høgaste spenningsnivåa, blir bygde i luftspenn.

Nyleg tilrådde det regjeringsutnemnde Straumnettutvalet at dette prinsippet bør blir ståande.

Utrekningar viser at jord- og sjøkabel i alle fall blir tre-fire gonger dyrare, ifølgje NVE.

– Me er jo opptekne av at straumrekninga ikkje skal bli dyrare enn strengt naudsynt, seier energi- og konsesjonsdirektør Inga Nordberg.

Strype i Etne-fjella

KRAFTMAST: Den raudmåla pinnen markerer kor ei av mastene på minst 30 meter skal setjast opp.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ingen skam å snu

I Etne meiner motstandarane at reknestykket er feil, og ber NVE om å pålegga Statnett ei grundigare utgreiing av jord- og sjøkabel.

– Det er inga skam å snu. No er me i siste runde her, og dei må ta i bruk den moglegheita dei har til å endra dette, seier Dag Jørgen Neraal.

Kraftlina frå Kvinnherad til Tysvær kjem etter planen til å kosta opp mot 1,35 milliardar kroner, og stå ferdig tidlegast i 2027.

NVE går no gjennom søknaden og alle innspela, før ei avgjerd blir teken og saka blir sendt til godkjenning i Olje- og energidepartementet.

Motstand mot kraftmaster på Strype i Etne-fjella

GIR IKKJE OPP: Motstandarane av den planlagde kraftlina gjennom Etne, har framleis eit håp om jord- og sjøkabel.

Foto: Tale Hauso / NRK