– Eg er redd for fjellet mitt, for naturen. Dette blir kalla monstermaster, for dei ruvar veldig, seier Anette Lauareid Hovda.
Om få år kan det koma 30 meter høge kraftmaster i fjellskråninga over garden hennar i Stordalen i Etne i Vestland.
Den planlagde kraftleidninga skal byggast for 420 kV, og gå frå Kvinnherad til Tysvær i Rogaland. Ei strekning på rundt 90 kilometer.
Mastene blir like store som i den omstridde linja i Hardanger. Kraftmastene mellom Sima og Samnanger skapte nasjonale overskrifter og demonstrasjonar i årevis, før dei til slutt kom på plass.
KRAFTMASTER: Den planlagde kraftleidninga skal gå frå Kvinnherad til Tysvær i Rogaland. Ei strekning på rundt 90 kilometer.
– Ikkje fått det med seg
Konsesjonssøknaden til Statnett som no ute på høyring, skaper store protestar i Etne.
Fleire enn 1.000 personar har no skrive under på eit opprop mot planane. Totalt bur det rundt 4.000 personar i kommunen.
– Det er mange som er veldig glade i fjellet sitt her i Etne. Fellesnemnaren er at folk ikkje har fått dette prosjektet med seg, meiner Hovda.
Bakgrunnen for at kraftlinja skal byggjast, er et aukande behov for elektrisitet i industrien.
Behovet er størst nord i Rogaland, der kraftleidninga endar. Totalt kan det bli ei tredobling av forbruket i løpet av få år, ifølgje Statnett.
PLAN: Eit av alternativa i plantenninga er at kraftlinja kjem over fjellet frå Stordalen oppe til høgre, går ned i Litledalen og vidare opp skogryggen til Strypeheia.
Illustrasjon: StatnettHar endra meining
Ordførar Mette-Heidi Bergsvåg (Sp) i Etne innrømmer at kraftleidningen vil føra til eit stort inngrep i naturen.
– Etne er berre ein transportkommune i dette, så me er svært skeptiske framleis. Men i utgangspunktet var det jo ei positiv innstilling frå kommunedirektøren, seier ho.
I formannskapet i førre veke var det berre Venstre som stilte seg negativ til planane i eit høyringssvar. I forkant av kommunestyremøtet torsdag har også Frp varsla at dei skiftar meining.
Ordføraren inviterte til eit digitalt folkemøte onsdag kveld. Ho er ueinig i at informasjonen har vore dårleg.
– At dette engasjementet ikkje har vist seg før, det overraskar meg litt.
Ho peikar på at grunneigarane er blitt informerte skriftleg om planane i god tid. Først i byrjinga av 2017, og no seinast i vår.
DEMONSTRASJONAR: Slik såg det ut då demonstrantar forsøkte å stoppe dei like store mastene
Foto: Arnstein KarlsenFor dyrt med sjøkabel
Prosjektleiar Bente Rudberg i Statnett seier ho beklagar viss innbyggarar føler dei er blitt dårleg informerte om prosjektet.
– Ein kan alltid gjera ting betre, men eg veit ikkje heilt kva me kunne gjort.
Det kjem til å kosta mellom 1,1 og 1,5 milliardar kroner å auka nettkapasiteten til Haugalandet.
Motstandarane vil byta ut kraftmaster med sjøkabel. Det blir for teknisk utfordrande, og ikkje minst for dyrt, meiner Rudberg.
– På grunn av kapasiteten me treng, blir kostnaden veldig stor. Prosjektet ville nok blitt tre til fire gonger dyrare.
OPPROP: Fleire enn 1.000 personar har skrive under på eit opprop mot planane. Totalt bur det rundt 4.000 personar i kommunen.
Foto: Tale Hauso / NRK