Hopp til innhold

Etterspurnaden veks enormt: Nettselskapa klarer ikkje tilby nok straum

Det norske straumnettet er så underdimensjonert at det trengst investeringar for opp mot 180 milliardar kroner, ifølge Energi Norge.

Ved ei lita grend i Ullaland i Naustdal i Sunnfjord kommune jobbar fleire lag frå BKK Nett med å først repare straumlinjene, før dei seinare i år skal oppgradere.

Dei manglar ikkje jobb, for å seie det mildt.

– Denne vinteren har det vore fleire hendingar med uver som har ført til skadar på linjenettet, seier montørformann Jøran Vallestad.

Reparasjonsarbeid i Naustdal

MANGE OPPGÅVER: Montørformann Jøran Vallestad i BKK Nett har nok å gjere. Seinare i år skal denne linja i Naustdal oppgraderast.

Foto: Håvard Heggen

Arbeidet dei utfører er likevel «ein drope i havet» av kva som er behovet dei neste åra.

Nettselskapa opererer no med ein plan der dei skal investere like mykje dei neste ti åra som 100 år bakover i tid.

Energi Norge er interesseorganisasjon for kraftnæringa i Noreg med 275 medlemsbedrifter.

Dei siste prognosane viser at anslaget for kor mykje som må investerast i straumnettet aukar.

  • I 2016 gjekk kraftbransjen ut med eit anslag på investeringar på 140 milliardar kroner i straumnettet fram mot 2025.
  • I 2022 er anslaget oppjustert. Fram mot 2030 trur Energi Norge at det er behov for mellom 140 og 180 milliardar kroner i investeringar.

Med andre ord ein mogleg auke på 40 milliardar kroner, samanlikna med førre prognose.

Reknestykket inkluderer både transmisjonsnettet som Statnett kontrollerer, og det regionale/lokale distribusjonsnettet.

Bilete av skade på tre i Naustdal

SÅRBARE LINJER: Snart kjem det nye, oppgraderte linjer i Naustdal som er meir robuste.

Foto: Håvard Heggen

Manglar kapasitet

Etterspurnaden har i løpet av få år auka så mykje at nettselskapa slit med å levere nok kapasitet i straumnettet.

– Den største utfordringa no er å få nok kapasitet til det nye forbruket vi ser kjem for fullt, seier direktør Kristin H. Lind i Energi Norge.

Bransjen merka eit markant skifte for to til tre år sidan, der det grøne skiftet slo inn for fullt og mange nye aktørar ville kople seg på straumnettet.

– Det er såpass høgt trykk at mange må vente ganske lenge før dei kan få tilknyting til straumnettet.

Kristin H. Lind

RASKARE TEMPO: Direktør i Energi Norge, Kristin H. Lind, seier nye aktørar ofte må vente lenge for å kople seg på straumnettet.

Foto: Caroline Roka

Vil skru opp tempoet

Nyleg la krafttoppar frå fem av Noregs mektigaste industrikonsern press på regjeringa, der dei vil ha meir vindkraft – både på land og til havs.

Bekymringa er stor for at industrien vil mangle kraft framover, og at elektrifiseringa kan føre til kraftunderskot alt i 2026.

Men nyleg har det også kome mange innspel frå kraftbransjen til det regjeringsoppnevnte straumnettutvalet. Eit utval som skal sjå på ulike tiltak for å redusere tida det tek å utvikle nye nettanlegg.

Fleire politikarar har alt kravd at utvalet må ta grep og få ned svarfristen for nye kraftverk.

Andre føreslår å løysa det akutte problemet utan nye kraftlinjer:

Les også – Noreg har meir enn nok kraftlinjer til ny, grøn industri

Dagleg leiar Jonas Alexandersson i Aabø Powerconsulting.

No foreslår Energi Norge fleire tiltak som skal føre til raskare framdrift av utbygging og oppgradering. Mellom anna:

  • Raskare behandling av saker som handlar om tilknyting til straumnettet.
  • Slutt på krav om utgreiing av luftlinje når kunden ønsker å finansiere jordkabel.
  • Raskare klagebehandling hos Olje- og energidepartementet, som i dag kan ta opp til tre år.
  • Innføre mindre detaljerte konsesjonar for nettanlegg, slik at talet på konsesjonssøknader kan reduserast.

Direktøren viser til at nettselskapa i dag må gjennom omfattande konsesjonsprosessar, også for mindre endringar «som naboar ikkje ser eller merkar».

For eksempel å bytte ein kabel frå eit spenningsnivå til eit anna.

– Slike ting tek frykteleg lang tid når det kan ta opp til åtte månader berre å få ein saksbehandlar frå NVE, seier Lind.

Ho viser til at det til saman kan ta over 10 år frå planlegging til nettet står ferdig.

– Det er ikkje godt nok når vi har stort påtrykk for å få tilgang til straumnettet.

Møter motbør

Medan kraftbransjen ønsker ein raskare saksgang, ber fleire friluftsorganisasjonar om grundigare prosessar.

Den Norske Turistforeningen spelar inn til straumnettutvalet at dagens praksis tek «for lite omsyn» til viktige natur- og friluftsområde. Organisasjonen meiner tap av natur må vurderast i «alle utbyggingssaker».

Også Naturvernforbundet krev betre utgreiing i utbyggingssaker med tanke på vurdering av miljø, og meiner «kartlegging av natur i samband med utbyggingssaker er alt for dårleg».

Straumnettutvalet skal levere utgreiinga i løpet av juni i år.

Kraftlinjer ved Fardal i Sogndal

GRUNDIGARE PROSESS: Fleire natur og friluftsorganisasjonar tek til orde for grundigare prosessar i utbyggingssaker, der det blir teke meir omsyn til følgjer av naturinngrep.

Foto: Sondre Dalaker / NRK