OBS! Arrangementet er utsolgt!
Sjå sendinga direkte i vårt nett-tv. Sendinga går også i opptak på NRK Sogn og Fjordane måndag 29. november mellom klokka 11 og 13.
Les og;
Fylkesgruppa vår er eit av høgdepunkta under Julelutt 2010, i Operahuset Nordfjord 27.november klokka 1800. Stedje, Moldestad, Skram og Lothe speler saman for aller første gong.
Les og;
Les og;
Olav Stedje
Olav Stedje gav ut debutalbumet sitt i 1981, og har til no gjeve ut tolv plater. Sogndølen har spelt eit enormt tal konsertar, delteke i Melodi Grand Prix og fått tildelt ein spelemannspris. 4. oktober kom han med sitt 12. album, Ikkje utan deg.
Les og;
Eva Weel Skram
Eva Weel Skram er den yngste deltakaren i bandet. Ho er kjent gjennom bandet sitt Eva & The Heartmaker som ho driv saman med ektemannen Thomas Stenersen. Bandet fekk terningkast seks i Aftenposten og fem i VG for plata ”Let’s keep this up forever.” Sogndalsjenta og bandet jobbar nett no i studio med den kommande plata som kjem på nyåret.
Les og;
Sigrid Moldestad
Kvinna frå Gloppen er ein av dei største folkemusikarane i landet, og vart nett kåra til årets folkemusikar. Ho er ein framifrå felespelar, songar og formidlar. For den siste plata si, Sandkorn, fekk ho mellom anna terningkast fem i Bergens Tidende og seks i Sogn Avis. På den plata stod ho også meir fram som songar enn tidlegare, og fekk mykje skryt for det.
Les og;
Les og;
Håvard Lothe
Lothe fekk utdelt Luttprisen 2009, og er mannen som hadde ideen til å samle det nye bandet. Florøværingen og bandet gav ut sitt første studioalbum i fjor haust, og fekk fine meldingar frå kritikarane. Han har gjort det svært sterkt på Fylkestoppen der låta Oceans Between vart årets Fylkestopp i 2009. For tida er Lothe innom studio for å lage eit nytt album.
Les og;
Synnøve Nordvik
Synnøve er frå Sandane og er rekna som ein av dei fremste sopranane i fylket. Ho er utdanna ved Griegakademiet, institutt for musikk og Universitetet i Bergen. Ho har vore solist på festivalar i inn og utland, og fleire gonger ved festspela i Bergen. Ved Opera Nordfjord har ho hatt mange ulike operaroller.
Olga Pavlova
Olga tok diplom eksamen i bratsj og fiolin ved Rimski-Korsakov musikk konservatoriet i Sankt-Petersburg. Ho er tilsett som fiolin, bratsj og piano lærar ved Eid kulturskolen, og har deltatt i alle oppsetningar av Opera Nordfjord sidan 1999. I 2006 fekk ho kulturprisen i Eid kommune.
Oddvar Torsheim
Sunnfjordkunstnaren Oddvar Torsheim har hatt ein fin sidekarriere som musikar. Han har gjeve ut to plater med sin karakteristiske musikksjanger, og er blitt ein kultfigur blant publikum i alle aldrar. Torsheim har også deltatt som musikar i Norske Talenter på TV2. No har Oddvar laga ein ny singel som du får oppleve under JuleLutt 2010.
Odd-Erik Lothe
Odd Erik Lothe, opphavleg frå Kjølsdalen i Eid, er mest kjend som vokalist og låtskrivar i gruppa Fabel. Bandet, som slo gjennom med låta Jordbær og grasbrann, er no oppløyst. Men Lothe er framleis svært aktiv som musikar på mange felt. Til Julelutt kjem Lothe for å spele ein splitter ny julesong.
Odd Einar Nordheim
Nordheim kallar seg ODD som artist, og kjem frå Årdal i Sogn. Han fekk platekontrakt etter sigeren i TV2 sitt talentprogram ”Stjerner i sikte” i 1996. Etter det kom det to plater, der fleire av låtane fekk ein stor porsjon radiospeling på norsk radio. Odd var i 2002 spelemannsnominert som årets popsolist saman med Morten Abel og Sondre Lerche.
Lutt:talent Vilde Torheim Skjerdal
Talentet Vilde Torheim Skjerdal kjem frå Aurland. 15-åringen har vore deltakar på fylkesmønstringa til UKM fleire gonger. Der har ho imponert publikum og juryen med sin ekte framføring.
Lutt:talent Simon Pavelich og Sigrid Myklebust
Sigrid Myklebust er ei 16 år gamal jente som syng og spelar piano. Var UKM representant frå Eid på fylkesmønstringa. Nokre kallar ho Eid sitt svar på Ingrid Olava. Simon Pavelich, også han frå Eid, er 19 år gamal, multitalent som spelar mange instrument. Han satsar no på eigne songar.