Hopp til innhold

Moldestad si overveldande helg

Torsdag vart Sigrid Moldestad kåra til årets folkemusikar. Laurdag vann ho opa klasse under Folkelarm med albumet «Sandkorn».

Sigrid Moldestad og Trond S. Moe
Foto: Eivind Kaasin

Utdelinga gjekk føre seg på Riksscenen. Sigrid Moldestad var nominert i kategorien opa klasse saman med Valkyrien Allstars, Annbjørg Lien, Bjørn Ole Rasch og Adjagas.

- Så dette var eit godt selskap i så måte. Det var eit kjempesterkt heat som det var stor ære å vere blant. Det var heilt ope om kven som gjekk av med prisen, seier prisvinnaren.

- Finn ikkje ord

«Sandkorn» vart godt motteken av både kritikarar og publikum, og er så langt ei av dei mest selde folkemusikkplatene.

- Det har vore ei overveldande helg. Nei, eg finn ikkje ord. Det var litt voldsomt i går då eg fekk prisen i opa klasse også. Eg hadde ikkje så mange takkeord å by på. Då hadde eg måtte gå her i fleire dagar å takka. Desto hyggelegare og kjekkare er det jo, seier Moldestad.

- Fantastisk kjekt

Dei to prisane skriv seg i rekkja blant fleire. Ho har mellom anna fått Spellemannspris for albuma «Gamaltnymalt» og «Taus».

Tittelen årets folkemusikar og prisen i opa klasse er ekstra fjøyr i hatten for folkemusikaren frå Breim.

- No er eg på søndag og tenker at det er fantastisk kjekt å fått oppleve så mykje glede og rausheit frå sine eigne. Det er klart at dette er merkelappar eg kan ha både på plata og meg vidare. Men kvardagen er der no til veka, seier ho.