Hopp til innhold

- Stedje i superform

Dette er Olav Stedje i superform, seier musikkmeldar om ny plate.

Olav Stedje

Olav Stedje kom 4.oktober med den nye plata si 'Ikkje Utan Deg,' og får mykje skryt for den.

Foto: Helge Jørgensen Fotomarked AS

- Av dei største vokalistane

Plata "Ikkje Utan Deg" kom ut måndag 4. oktober, og er Olav Stedje si tolvte plate.
Musikkmeldar i NRK P1, Atle Bredal, har lytta gjennom albumet og gir det karakteren 7 av 10.
- Dette er ein av norges største vokalister i superform, seier Bredal til programmet Norsk på Norsk i NRK P1.

Skriv ingenting sjølv

Stedje som debuterte med "Ta meg med" i 1981, har denne gongen ikkje skrive noko musikk eller tekst sjølv. Til det musikalske har han fått hjelp av Svein Dag Hauge, Christian Nystrøm, Stian Joneid og Jon-Willy Rydningen. På tekstsida har både Are Kalvø, Ingvar Hovland og sogningen Finn Tokvam vore med å skrive songar.

Ein nøgd Stedje

Olav Stedje

Ein av dei største vokalistane i Norge, vert Olav Stedje kalla av Atle Bredal i NRK P1.

Foto: Helge Jørgensen Fotomarked AS

Sjølv er Olav Stedje svært nøgd med den nye plata si.
- Sjeldan eller aldri har eg hatt så mange fine melodiar på ei plate. Denne kjem høgt opp på skalaen over dei platene eg har gjeve ut, seier Stedje til lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK Sogn og Fjordane.

Både humor og alvor

- Eg går ut frå at artisten Stedje har brukt ganske lang tid på å plukke ut tekstane, og eg synst dei fleste kler stilen hans ganske bra. Det er også blitt ei heilskapleg plate, sjølv om han blandar både alvorlege og humoristiske tekstar, seier Atle Bredal.
Han meiner at plata høyres litt åttitals ut, men at den samstundes er løfta opp på eit 2010-nivå som gjer at det høyrest flott ut også i dag.

Les og; Olav Stedje i lokal supergruppe