OBS! Billettane til Julelutt 2010 er utselde.
Det var ein spent gjeng musikarar som møttest for aller første gong i Bergen. Men etter ei kort øvingsøkt var dei blitt varme i trøya.
Les og;
Les og;
- Voldsomt flott
- Dette følest veldig veldig bra. Eg trur det kan bli voldsomt flott, sa Olav Stedje etter to timar øving i eit trangt studio. Saman med Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram og Håvard Lothe er han ein del av eit heilt nytt band frå Sogn og Fjordane.
Les og;
Urframføring i Operahuset
Dei fire artistane har laga band i samand med NRK Sogn og Fjordane sin lokalmusikkgalla, Julelutt 2010 som vert arrangert i Operahuset Nordfjord 27. november.
- Dette blir noko av det flottaste! Sigrid er årets folkemusikar, Eva blir spelt på norsk radio dagen lang, Olav er nett komme med ei knakande god 12. plate og Håvard Lothe er jo kongen av Fylkestoppen. Saman kjem dei til å låte vakkert. Det seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for konserten.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Fin blanding ulike musikarar
Dei fire representerer breidde i sjanger og alder. Her er både pop, rock, vise, jazz og folkemusikk på plass.
- Spesielt synst eg det er flott med Sigrid Moldestad som speler ein heilt annan sjanger enn oss andre. Måten ho blandar folkemusikken inn i låtane er veldig kul, seier Eva Weel Skram som er den yngste av dei fire.
Billettane er nesten utselde
Det ser også ut til at publikum har tru på at dette blir ei unik oppleving. Det er nemlege berre att i overkant av 50 billettar til Julelutt ein månad før konserten. Men dei som har sikra seg billettar får slett ikkje berre oppleve det nye fylkesbandet. For scena skal og fyllast med ein rik meny av andre lokale musikarar frå Sogn og Fjordane.
Mange artistar på scena
- Oddvar Torsheim framfører sin heilt nye låt, Odd-Erik Lothe gir deg urpremiere på si nye julelåt, Odd frå Årdal spelar på Luttscena for første gong, Synnøve Nordvik og Olga Pavlova gir deg ein smak av opera og vi presenterer tre nye unge Luttalent i Sigrid Myklebust, Vilde Torheim Skjerdal og Simon Pavelich, fortel Stian Sjursen Takle. Dessuten vert Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane delt ut.
Les og;
- Eg tenker at dette blir så bra, og gler meg veldig. Det seier Sigrid Moldestad som lovar at dei fire i det nye fylkebandet vil servere heilt nye versjonar av sine beste låtar.