-Fantastisk for oss
- Så fantastisk. Dette betyr mykje for oss. Det seier Håvard Lothe etter å ha vunne fylkestoppen 25.mars. Dette er fjerde gongen florøværingen toppar lista. Bandet har vore på fylkestoppen i seks månader, og går no ut av lista på grunn av tidssperra. Det er ikkje mogleg å få ligge lenger på lista enn seks månader.
Ny røysterekord
Aldri før har det komme inn så mange røyster til fylkestoppen som i mars 2010. Nesten 6000 røyster vart levert inn på SMS og på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.
- Det er heilt fantastisk, og utruleg kjekt at så mange engasjerer seg i lokalmusikk, seier programleiarane Stian Sjursen Takle og Stein Aase i Lutt Fylkestoppen.