NRK Sogn og Fjordane sender nemleg Julelutt direkte i nett-tv mellom klokka 18-20 på laurdagskvelden. I tillegg vert konserten sendt i opptak på radio måndag 29. november mellom klokka 11 og 13.
Les og;
Mange høgdepunkt
- På nett-tv vil ein få med seg alt som skjer. Eg gler meg eigentleg til alt, men eit høgdepunkt er sjølvsagt fylkesgruppa vår. Her skal Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Håvard Lothe og Eva Weel Skram framføre nokre av sine flottaste låtar. Dette blir unikt, seier programleiar for lokalmusikkgallaen, Stian Sjursen Takle i NRK.
Les og;
Fylkesgruppa med Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad, Olav Stedje og Håvard Lothe spelar saman for aller første gong i Operahuset Nordfjord på laurdag.
Foto: Stian Sjursen TakleTalenta står i kø
I tillegg til fylkesgruppa kjem Oddvar Torsheim for å framføre sin nye radiohit for aller første gong. Odd-Erik Lothe skal framføre sin rykande ferske juleradiohit som har fått namnet "Stjerneklart."
Lothe framfører julelåta si som blir av dei mest spelte på NRK P1 før jul.
Foto: PlatecoverArtisten Odd frå Årdal framfører sine gode låtar, Olga Pavlova og Synnøve Nordvik gir deg ein smak av opera og talenta Vilde Torheim Skjerdal, Simon Pavelich og Sigrid Myklebust syner lovande ting for framtida.
Les og;
Les og;
Deler ut Luttprisen - årets artist
I tillegg deler NRK Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest ut Luttprisen - årets artist frå Sogn og Fjordane. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim som skal dele ut prisen.
Les og;