Hopp til innhold

Urframfører sin nye hit

Under Julelutt i Operahuset laurdag framfører Oddvar Torsheim den nye låta si for aller første gong.

Oddvar Torsheim

Kunstnaren Oddvar Torsheim har ei sidekariere som musikar.

Foto: Steinar Lote / NRK

-Edvard Grieg gav ut Solveigs song for lenge sidan. No var det på tide å komme med ei ny Solveig. Så min song er kalla "Solveigs aller siste song til sin EX," seier Oddvar Torsheim til NRK.

Første gong for publikum

På laurdag framfører han den nye låta for aller første gong med publikum i salen. Det skjer under NRK sin lokalmusikkgalla, Julelutt, direkte frå Operahuset Nordfjord.
Les og; Desse spelar på Julelutt 2010
Les og; Slik får du med deg Julelutt
Kunstnaren frå Sunnfjord har i mange år hatt ei sidekariere som musikar. Han har mellom anna gjeve to album, men denne gongen blir det berre ein singel.

Cover - Solveigs aller siste song til sin EX

Her er platecoveret til singelen som vert gjeven ut i 1000 eksemplar.

Foto: Platecover Oddvar Torsheim

-Blir aldri så pen som Tone

- Kva tenkjer du om å vere popstjerne då?
- Nei, eg blir aldri så pen som Tone Damli då, men eg veit ikkje kor flink ho er å måle. Eg har jo ikkje dette som jobb. For meg er dette eit sideskjer. Det er litt slik som kunsten er for Pavarotti. Han målar også, men syng desidert betre enn han målar. Eg er ein biletmakar som er like spontan som ein kålrabi, seier ein humørfylt Oddvar Torsheim.
Les og; Ny bok om Oddvar Torsheim
Les og; Internasjonalt for Torsheim

Berre 1000 plater for sal

Låta "Solveigs aller siste song til sin EX" er no ute for sal i 1000 eksemplar. Det er Torsheim som sjølv har skrive både tekst og melodi. Medan den er produsert av svigersonen Pål Bråtelund, som og spelar dei fleste instrumenta på den nye melodien.
Les og; Mange vil ha Torsheim-bilete

-Seier farvel på ein kvass måte

- Den handlar om ei jente som verkeleg seier farvel på ein kvass måte, fortel Oddvar Torsheim om innhaldet i songen.
Han har mange tekstar og melodiar liggande, og har lyst å gi desse ut ein og ein framover.
- Blir det ein kvart år, så kan eg jo gi ut dobbel-cd på 100-årsdagen. Eg gir meg ikkje så lett, seier Torsheim.