Hopp til innhold

Lothe med juleradiohit

Bandet Lothe si julelåt blir blant dei mest spelte på NRK P1 framover.

Lothe - Stjerneklart

Platecover til låta Stjerneklart med Lothe.

Foto: Platecover

Det er to nye låtar på P1 si A-liste som vart presentert i dag. Den eine er julelåta til Maria Mena, den andre er laga av bandet Lothe frå Sogn og Fjordane.

Blant dei mest spelte

Vokalist og låtskrivar Odd-Erik Lothe strålte av glede då han fekk meldinga. Dette betyr nemleg at melodien "Stjerneklart" blir ein av dei mest spelte på Norges største radiokanal før jul.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Odd-Erik Lothe med band

Odd-Erik Lothe spelar under NRK Sogn og Fjordane sitt 30-års jubileum i 2009.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Eg er full av jubel og kyrkjeklokker

- Eg er full av jubel, kyrkjeklokker og alt som er. Det er klart at dette er stor stas. Vi føler jo oss litt som "underdogs" i årets tøffaste heat. Det er jo no alle dei store kjem ut med låtane sine, seier ein sterkt oppglødd Odd-Erik Lothe til NRK.

Hard konkurranse i julestria

Medan Sissel Kyrkjebø, Maria Haukås og Annie Lennox må nøye seg med plassering på den nest beste B-lista, går altså Lothe rett inn på øverste hylle. Låta kjem i sal på Itunes 29. november. Same dag startar den å gå på NRK P1.
Lothe framfører låta under Julelutt 2010.

Her fortel Odd-Erik om låta under verdspremieren i Lutt 11.november.

Skriven ein varm sommardag

Melodien "Stjerneklart" er skriven som eit bestillingsverk i fjor. Men først på ein solrik varm veranda på slutten av sommaren 2010 vart låta ferdig.
- Den handlar om å vandre blant høge brøytekantar under stjernehimmelen ei vestlandsnatt, seier Lothe. Han synst det var utfordrande å lage ei julelåt utan å gå i klisjefella.

Dette er bandet Lothe

Odd-Erik Lothe er først og fremst kjend frå fylkesgruppa Fabel som no er oppløyst. Denne gongen har han med seg Torbjørn Ellingsen på keyboard, Halvor Folgerø på bass, Tor Bjarne Bjelland på trommer, Ståle Wick på gitar og Jan Erik Reknes på trompet.