Hopp til innhold

LO er urolege for tryggleiken på flyrute

LO-leiar meiner usikre arbeidsvilkår skaper fare for tryggleiken på flyruta mellom Oslo og Florø. – Vanvitige påstandar, kontrar flyselskapet.

Florø lufthamn

TENKE SEG OM: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier ho «ville tenkt seg om» før ho sette seg på flyet mellom Oslo og Florø.

Foto: Birger Meland / NRK

Det var på Dagsnytt 18 torsdag ettermiddag at LO-leiar Peggy Hessen Frølsvik først uttrykte uro for tryggleiken på flyruta mellom Oslo og Florø.

– Så dei som flyr mellom Oslo og Florø har grunn til å vere urolege for tryggleiken?

– Eg ville tenkt meg om, ja, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Ho la til:

– Vi har eksempel på at denne typen rovdrift på tilsette har ført til ulukker.

Utspelet kjem etter at det danske flyselskapet Danish Air Transport (DAT) vann anbodet i samarbeid med dotterselskapet DOT LT.

Dotterselskapet har base i Litauen.

Statssekretær John-Ragnar Aarseth (H) i Samferdselsdepartementet meiner det er «ganske drygt» av LO å så tvil om sikkerheita på ei rute i det norske kortbanenettet.

– Luftfarten er ein bransje som er ekstremt sikkerheitsfokusert, og der det ikkje er lov å ta feil, sa han i Dagsnytt 18.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik

URO: På Dagsnytt 18 torsdag uttrykte LO-leiar Peggy Hessen Følsvik uro for tryggleiken på ruta mellom Oslo og Florø, grunna i arbeidsvilkåra som det litauiske dotterselskapet DOT LT opererer med.

Foto: NRK

Vil utgjere ein risiko

Bakgrunnen for saka er at LO hevdar dei tilsette i det litauiske dotterselskapet opererer som sjølvstendig næringsdrivande utan same rett til helse- og sjukeforsikring som fast tilsette.

Desse arbeidarane vil dermed ha insentiv til å møte opp på jobb sjølv om dei er sjuke, meiner Frølsvik.

– At dette kan utgjere ein risiko, meiner eg absolutt, seier ho til NRK fredag.

Ho er også uroa for språkproblem når fleire av dei tilsette har base i Litauen.

– Det er eit anna tryggleiksmoment. I ein nødsituasjon er det viktig at passasjerane forstår ordrane som blir gitt. Dette kunne staten ha sett som krav, seier ho.

Luftfartstilsynet er underlagt Samferdselsdepartementet og skal medverke til ein trygg og samfunnsnyttig luftfart.

– Litauiske flyselskap er underlagt dei same felleseuropeiske krava som norske og alle andre europeiske flyselskap. Vi har ingen grunn til å anta at flysikkerheita er på eit lågare nivå så lenge regelverket vert følgt, seier kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim.

Norsk Flygerforbund også uroa

– Ein skal vere veldig forsiktig med å uttrykke bekymring for tryggleiken, men vi meiner at liberaliseringa innan luftfart har gått så langt at det er heilt legitimt å flagge det som ei uro, seier bransjeleiar i Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.

Fleire av dei tilsette på flyruta Oslo-Florø er rekruttert gjennom eit bemanningsbyrå frå Malta. Kontraktane som bemanningsbyrået nyttar, har Carlsen delt med NRK.

Der kjem det mellom anna fram at bemanningsbyrået ved sjukdom vil betale den tilsette ei grunnløn «i samsvar med talet på sjukedagar» (omsett frå engelsk).

– Det er nett desse momenta av usikkerheit som gjer at vi blir bekymra for flytryggleiken, seier Carlsen.

NRK har ikkje fått stadfesta at dette er kontrakten som DOT LT faktisk tar i bruk på ruta mellom Oslo og Florø.

– Om DAT-direktøren meiner at dette ikkje stemmer, vil eg oppmode han til utlevere kontraktane, seier Carlsen.

Yngve Carlsen, forbundsleder, Norsk Flygerforbund

OPPMODAR: Bransjeleiar i Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen, oppmodar administrerande direktør i DAT om å utlevere kontraktane som blir nytta, viss det er slik at kontraktane forbundet sit på ikkje er korrekte.

Foto: Privat

– Fullstendig oppspinn

Administrerande direktør Jesper Rungholm i DAT avviser alle skuldingar. Utsegnene til LO-leiaren kallar han «vanvitige» og uttrykk for rein panikk.

– Det er det reinaste vrøvl. Tilsette hos oss har full rett til helse- og sjukeforsikring og til å organisere seg, seier han.

Han legg til:

– Samferdselsdepartementet har stilt krav om arbeidstakarane sine rettar og dette er 100 prosent oppfylt.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik

FARE: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik meiner det er grunn til å vere uroleg for tryggleiken på flyruta Danish Air Transport og DOT LT i samarbeid skal fly mellom Oslo og Florø.