Hopp til innhold

Dansk flyselskap takkar nei til norsk statsstøtte

Norsk Flygerforbund skuldar dansk flyselskap for sosial dumping. No skal selskapet fly statssponsa rute fram til 2024, men utan støtte.

Dat-fly

FLY UTAN STØNAD: Det danske flyselskapet DAT har i samarbeid med det litauiske dotterselskapet DOT LT vunne anbodet til ruta mellom Oslo og Florø. Ruta er i utgangspunktet statsstøtta, men dei har tilbydde seg å fly ruta utan stønad.

Foto: Heidi-Lise Bakke / NRK

I sommar fekk det danske flyselskapet Danish Air Transport (DAT) løyve til å fly ruta mellom Oslo og Florø.

Tildelinga var omstridd fordi eit litauisk dotterselskap drifta propellflya og sto for sjølve flyginga. «Sosial dumping», meinte Norsk Flygerforbund.

I dag seier samferdsledepartementet at DAT skal få halde fram med å fly strekninga heilt fram til 2024.

– Gjennom tildelinga sikrar staten flyrutetilbodet i ein utfordrande tid for luftfarten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Frå 1. oktober vert strekninga gjort om til ei såkalla FOT-rute, som inneber at staten sponsar ei rute som elles ville gått i minus.

Denne støtta skal det danske flyselskapet klare seg utan.

– Folk vil merke at prisen vil vere vesentleg annleis enn dei har vent seg til, seier administrerande direktør i Danish Air Transport (DAT), Jesper Rungholm.

Han legg til at målet er å trekkje til seg passasjerar frå heile regionen, og at billettprisane skal liggje på «omkring 700 kroner».

Florø Lufthamn frå lufta

FLY UTAN STØNAD: Det danske flyselskapet DAT har i samarbeid med det litauiske dotterselskapet DOT LT vunne anbodet til ruta mellom Oslo og Florø. Ruta er i utgangspunktet statsstøtta, men dei har tilbydde seg å fly ruta utan stønad.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Firdaposten

Norsk Flygerforbund: – Sosial dumping

Tildelinga skjer trass kraftige åtvaringar frå LO og LO-forbundet Norsk Flygerforbund.

– Det blir som om nokon skulle opne ein fabrikk i Noreg og importere arbeidarar med arbeidsvilkår frå Aust-Europa. Det ville aldri blitt tillate i nokon annan del av samfunnet, seier forbundsleiar i Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.

Ifølge han vil tilsette som har base i Litauen berre få halvparten av norsk tariff.

EØS-samarbeidet medfører at Noreg er plikta til å la andre europeiske selskap konkurrere innan norsk luftfart.

FOT-rutene har likevel eit vern mot regelmessig innleige av underleverandørar, såkalla «wet lease».

Denne moglegheita er no i praksis fjerna av regjeringa, meiner Carlsen.

– Dette er ønska politikk og det er verdt å merke seg i samband med det komande valet, seier han.

Statsministeren boikotta Wizz Air

Transportpolitisk talsperson i Senterpartiet, Siv Mossleth, meiner full liberalisering av luftfarten no er innan rekkevidd.

Siv Mossleth

VIL HINDRE: Transportpolitisk talsperson i Senterpartiet, Siv Mossleth, lovar å hindre slike kreative kontraktløysingar som ho meiner undergrev norske arbeidsvilkår innan luftfarten.

Foto: Maria E. Trondsen / Saltenposten

– Vi er redde for at vi får lønsdumping og lønstjuveri, seier ho.

Statsminister Erna Solberg støtta i fjor ein boikott av flyselskapet Wizz Air, etter at direktøren i selskapet ønska å forby arbeidarar i å organisere seg.

Eit paradoks, meiner Mossleth.

– Statsministeren boikotta Wizz air, men regjeringa opnar opp for like dårlege arbeidsvilkår på denne ruta. Vi meiner det er hyklersk.

Wizz Air har gått til sak mot fleire kommunar og fylkeskommunar etter at dei oppmoda til boikott av selskapet. Saka mot Agder fylkeskommune byrja tysdag.

Erna Solberg, Nygårdsparken i Bergen

BOIKOTT: Statsminister Erna Solberg støtta i fjor ein boikott av flyselskapet Wizz Air, etter at direktøren i selskapet ønska å forby arbeidarar i å organisere seg.

Foto: Javad Parsa / NTB

Samferdselsministeren

DAT-direktøren avviser skuldingane om sosial dumping og viser til at selskapet har eit godt samarbeid med fagrørsla i Danmark.

– Det finst ingen konflikt i Danmark og fagrørsla her er like merksam på sosial dumping som den norske, seier han.