Hopp til innhold

Stortinget snur i saka om kortbanerutene: – Dette er eit paradoks

Det ser ut til at Stortinget snur og gir ansvaret for kortbanerutene tilbake til staten. Høgre er svært overraska. Dei meiner Senterpartiet plutseleg har blitt eit sentraliseringsparti.

Widerøe-avgang fra Hammerfest

Etter forslag frå Senterpartiet vert kortbanenettet igjen staten sitt ansvar.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Som ein del av regionreforma vedtok regjeringa at ansvaret for flyrutene på kortbanenettet skulle verte overført til fylka, frå 1. januar til neste år.

Med ei slik løysing fryktar mange at dei såkalla FOT-rutene blir lagt ned, fordi fylka ikkje har pengar til å halde flyrutene i drift.

– Kortbanenettet er ein livsnerve i nord. Det er viktig for både folk og næringsliv i distrikta, seier Siv Mossleth, stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Nordland.

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har vurdert saka. Dei meiner staten framleis bør vere ansvarleg for drifta av kortbanerutene.

Torsdag skal saka opp på Stortinget. Med støtte frå Sp, Ap, SV og Frp har forslaget fleirtal.

Sveltefôra fylkeskommunar

Siv Mossleth, Sp

Siv Mossleth, stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nordland meiner forslaget er eit viktig bidrag til distriktspolitikken.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Då regjeringa, mot Senterpartiet sin vilje, overførte FOT-rutene til fylkeskommunane følgde ikkje pengane med, seier Siv Mossleth.

Mossleth trur forslaget til Sp var avgjerande for at transport -og kommunikasjonskomitéen såg på vedtaket igjen.

Ho fortel at FOT-rutene utgjer eit samanhengane nettverk, som ho meiner ville ha stått i fare om fylket skulle hatt ansvar for det. Difor seier ho at dette er distriktspolitikk.

– Det er eit viktig forslag fordi det reverserer litt av dei negative konsekvensane ved regionsreforma.

– Kvifor er det ikkje ønskeleg at fylka får meir ansvar og fleire moglegheiter til å forme løysingar for transport lokalt der dei er? Veit ikkje dei betre kvar skoen trykker?

– I ei ideell verd kan du seie det sånn. Men fylkeskommunen har så store etterslep på andre område. Dei er sveltefôra. Det er ein dårleg idé å kaste nytt ansvar over på dei når dei ikkje veit at dei vert finansiert, seier Mossleth.

– Spesielt når tilbodet går over fleire fylke er ikkje fylka rusta til å ha desse oppgåvene.

Representantane på Stortinget skal votere om forslaget på torsdag, men Sp har allereie fått med seg både Arbeidarpartiet (Ap) og Framstegspartiet (Frp).

– Eg er veldig glad for at vi har klart å samle fleirtalet på Stortinget bak dette forslaget, seier Mossleth.

Innstillinga frå komitéen stiller seg også bak forslaget til Sp. Difor vert det truleg slik.

Eit paradoks

– Dette er eit paradoks. Vi er forundra over at Vedum og andre i Senterpartiet, som snakkar om kor viktig det er å flytte oppgåver til kommunar og fylkeskommunar, flytter heile ansvaret til staten.

Det seier Helge Orten, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Høgre, og medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen. Han meiner at det set sentraliseringsretorikken til Vedum i eit rart lys.

– Eg er også overraska over at Frp støtter forslaget. Der fylkeskommunane kunne hatt moglegheit til å styre innhaldet av FOT-rutene, vert det no ført til staten.

Her gjev dei oppgåver til staten, heller enn å desentralisere det til fylkeskommunane.

Uvant stønad

I dag er det om lag 25 kortbaneflyplassar i Noreg, frå Vestland i syd til Troms og Finnmark i nord. Ingen av flyplassane i distrikta går i dag med overskot.

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud, stortingsrepresentant for Telemark, seier at det er naturleg at staten tek ansvaret for kortbanenettet.

Foto: Nils Skumsvoll

Vanlegvis er Frp ein forkjempar for å ha så mykje lokal styring som mogleg. Bård Hoksrud, stortingsrepresentant for Telemark, forklarar at det er naturleg at Frp stiller seg bak Sp sitt forslag.

– Det betyr mykje for næringslivet og folk som bur i distrikta, seier Hoksrud og legg til:

– Vi ser at det er store utfordringar når fylka skal drive med dette. Det er fare for at dei berre vil ta omsyn til sitt fylke og ikkje sjå heilskapen for å sikre eit skikkeleg tilbod over heile landet.

Botn i konkurransekraft

Både Frp og Sp vil òg gjere det rimelegare å fly. Det forslaget har dei enno ikkje fått igjennom.

– Dette er toget, t-banen eller bussen for reisande i det sentrale austlandsområdet. Like viktig er fly for mange rundt omkring i distrikta i heile landet.

Difor meiner Hoksrud at dei må sørge for at det både er eit tilbod, og at det er lågast mogleg kostnader, særleg for næringslivet. Det er for at folk skal kunne busette seg i heile landet.

– Næringslivet treng å kome ut, både til Oslo og til resten av verda. Fly er ein viktig brikke i det, seier stortingsrepresentanten.