Hopp til innhold

Kunstig intelligens skal redda fuglar frå vindkraft-døden

Fuglar er sjanselause i møte med vindturbinar. No skal «intelligente turbinar» bremse farta når sjeldne og raudlista fuglearter nærmar seg.

Kunstig intelligens skal redda fuglar frå vindkraft-døden

SJANSE I HAVET: Små og store fuglar er sjanselause i møte med vindturbinar. Men no kjem eit nytt system for automatisk attkjenning.

Foto: Spoor

Eit nytt system for automatisk attkjenning av trua fugleartar skal gjere det mogleg å redusere farten på utvalde vindturbinar når raudlista fugleartar passerer.

Systemet baserer seg på kunstig intelligens og er ei vidareutvikling av det såkalla MUSE-systemet, som i dag er den leiande løysinga for fugleovervaking i havvindparkar.

Med det nye systemet kan nedbremsinga avgrensast til enkeltturbinar, slik at energiproduksjonen vert maksimert.

– Slik kan vi akselerere utviklinga av offshore vindenergi, som er så avgjerande for den grøne omstillinga, seier Mikael Kamp Sørensen, konserndirektør for selskapet til bransjeavisa Elektronikknett.

Les også Svarte turbinblad kan forhindre fugledød – vil ha tiltak nå

Germany Bird Migration

Regjeringa varsla i mai at dei vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040. Ambisjonen er at vindkraft skal produsere like mykje kraft som norske vassturbinar.

Foto: Jens Meyer / AP

Støre vil ha fleire vindmøller

Regjeringa varsla i mai at dei vil ha 1500 vindturbinar i norske havområde innan 2040. Ambisjonen er at havvind skal produsere like mykje kraft som norske vassturbinar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) varsla på same tid at han vil ha fleire vindmøller til lands, og at dette vil vere politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.

Fugledød har vore blant hovudargumenta mot vindkraft, symbolisert ved turbinblada på Smøla, som har teke livet av meir enn 100 havørn sidan 2006.

Ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA) er det funne meir enn 500 døde fuglar under vindkraftverket på øya Smøla på Nordmøre.

Ulike metodar har difor vore nytta og prøvd ut for å hindre skadar på fugl, som å måle turbinblada svarte.

Ifylgje rapportar kan det ha redusert havørn-døden med 70 prosent.

Havørn som har fått kuttet av vingen i møte med vindturbin på Smøla

Denne havørnen var framleis levande då bilete vart tatt.

Foto: Ulla Falkdalen

– Kan påskunde bygginga av vindparkar

I Noreg har selskapet Spoor set inn overvakingskamera på eksisterande vindkraftverk, for døgnkontinuerleg å kunne overvake korleis parkane påverkar fuglebestandane.

Blant dei som nyttar teknologien er Røyrmyra vindkraftverk og testsenteret for havvind på Karmøy, MET Centre.

Ifylgje Stavanger Aftenblad vil teknologien til Spoor kunne påskunde bygginga av vindparkar både til havs og på land «ettersom kartlegginga av fuglelivet kan skje mykje raskare og grundigare enn tidlegare».

Naturvernrådgjevar i BirdLife Noreg, Martin Eggen har merka seg den nye teknologien.

Han presiserer likevel at ny teknologi berre kan vere eit mildnande tiltak, og at det framleis er viktig å ta omsyn til kor ein byggjer ut vindkraft langs kysten.

– Det er essensielt at ein finn dei havområda som har lite fuglar, seier han.

I september viste ei ny undersøking frå Cicero senter for klimaforsking at nordmenn har vorte meir positive til vindkraft det siste året. No er 39 prosent positive, medan 34 prosent er negative.

– Me nyttar oss av konvensjonelle metodar

I den nye vindparken på Lutelandet i Fjaler har dei ikkje teke i bruk ny teknologi for automatisk attkjenning av trua fugleartar.

– Me nyttar oss av konvensjonelle metodar som fuglekikking, seier leiar for vindkraft i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Stig-Magne Svalheim.

I konsesjonen ligg det inne at dei skal gjennomføra eit «etterundersøkingsprogram» i tre år etter at anlegget er opna.

Dei skal og ha ein periode med loggføring ved hjelp av radar.

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, som set konsesjonsvilkår og kan krevje at vindkraftverk skal ha svarte turbinblad eller andre tiltak.