– Dette er eit kinderegg: Ny fasade, grøn energi og kultur, seier ordførar Karl-Arne Johannessen (H) om renoveringa av fasaden på helsehuset i Gjerdrum på Romerike.
Den eldste delen av helsehuset har fått ny isolasjon, kledning og solceller. I tillegg til tradisjonelle, svarte solceller, har tre gavlveggar med kunstferdige solceller.
– Vi har aldri gjort dette før, så det er spennande, seier prosjektleiar Nora Holst Haaland i Fusen energi.
– Bileta på veggen er med på å produsere straumen som trengst til morgonkaffien til bebuarane, seier prosjektleiar i Fusen, Nora Holst Haaland.
Foto: Helge Tvedten / NRKBileta på veggen på sjukeheimen i Gjerdrum er fotografi som er forstørra og festa til glaset på solcellepanela med keramisk trykk. Alle tre bileta er knytte til lokalmiljøet på eit eller anna vis.
– Straumproduksjonen blir litt mindre med bilete utanpå solcellene. Til gjengjeld pyntar dei opp, seier Holst Haaland.
Låvevegg med Napoelon
På den eine veggen har solcellene eit bilete av eit eiketre som står ikkje langt unna. På ein annan er solcellene pynta av tre sauer. På den siste gavlveggen med solceller heng sjølvaste Napoleon.
– Biletet av Napoleon var måla på ein låvevegg på andre sida av der skredet gjekk i 2020. Låven var falleferdig og måtte rivast då området skulle byggast opp igjen. Kloke hovud så at det var fin kunst, seier ordførar Karl Arne Johannessen.
– Vi veit ikkje kven som måla det, men dei tok vare på veggen, tok bilete av han og no er han her, legg han til.
Sauene til tidlegare ordførar i Gjerdrum, Anders Østensen, har fått ei fornem plassering på helsehuset.
Foto: Helge Tvedten / NRKSkal dekkje 40 prosent av straumforbruket
Dei fleste solcellepanela er framleis svarte. Saman med «kunstpanela» skal dei produsere om lag 220.000 kilowattimar straum i året.
Ifølgje ordføraren tilsvarer det om lag 40 prosent av det årlege straumforbruket på helsehuset. Fasaderenoveringa kostar 6 millionar kroner, av dette er 2 millionar kroner tilskot frå Enova.
Ordførar Karl-Arne Johannessen i Gjerdrum seier kommunen er opptatt av ny teknologi og forsyningstryggleik.
Foto: Helge Tvedten / NRK– Vi reknar med at tilbakebetalingstida blir på 10–15 år, men det er heilt avhengig av straumprisen framover, seier Karl Arne Johannessen.
Han meiner solcelleinvesteringa passar godt inn i kommunen sin politikk om å ta i bruk ny, miljøvennleg teknologi.
– I tillegg er vi ein del av Akershus fylke, som har 90 prosent underskot i si eiga energiforsyning, seier Gjerdrum-ordføraren.
Kan vere usynlege
Men solceller treng ikkje berre vere dekorative. Dei kan også vere ein del av fasaden og vere nesten usynlege.
– Eg trur dei færraste som ser dette tenkjer på at det er solceller, seier Helge Malmbekk.
Nye Ruseløkka skole i Oslo. Fasadeplatene mellom vindauga er eigentleg solcellepanel.
Foto: Helge Tvedten / NRKHan er avdelingsleiar for solenergimaterialer og teknologi ved Institutt for energiteknikk. No står han i skolegarden på nye Ruseløkka skole i Oslo, som sto ferdig i 2021.
Skolen har fasadeplater med til saman 320 kvadratmeter solceller mellom vindauga i fasaden ut mot skolegarden. I tillegg er det 370 kvadratmeter solcellepanel på taket. Til saman produserer dei om lag 75.000 kilowattimar straum i året.
God effekt haust og vår
– Fordelen med solceller i fasadeplater er at du får produsert energi om våren og hausten når sola står lågt. Også om morgonen og om ettermiddagen, når prisen er høgast, seier Malmbekk.
Solceller i fasadeplater kjem til å bli vanlegare når dei kan konkurrere i pris med vanlege byggelement, seier avdelingsleiar ved institutt for energiteknikk, Helge Malmbekk.
Foto: Helge Tvedten / NRKHan trur det blir vanlegare med solceller på veggane i store bygg framover.
– Fasadeplater med solceller er blitt rimelegare. Når dei begynner å konkurrere med prisen på vanlege byggelement, får du den produserte energien som ein bonus, seier Malmbekk.