– Det er dramatiske tilstandar for sjøfuglane, seier Anders Braanaas.
Han kan observere fuglelivet tett der han bur på øya Værlandet i Askvoll, men òg som styremedlem i BirdLife Norge.
I ein ny rapport presenterer Statsforvalteren i Vestland utviklinga for sjøfuglane i perioden 2014–2020.
Ifølgje rapporten står fleire artar i fare for å forsvinne frå Vestland.
I 2013 forsvann havhesten frå fylket. Terna er stadig sjeldnare å sjå.
– Eg synest det er trist å sjå at den eine arten etter den andre forsvinn, seier Tore Larsen.
Han er rådgivar i miljøvernavdelinga til Statsforvalteren og forfattar av rapporten.
Mattilgangen avgjerande
Norsk institutt for naturforsking (Nina) har i samarbeid med Norsk Polarinstitutt eit nettverk av sjøfugllokalitetar frå Skagerrak i sør til Svalbard i nord som forskarane følger ekstra nøye med på.
– I praksis er no nær to tredelar av sjøfuglartane i norske område raudlista, fortel seniorforskar Tycho Anker-Nilssen.
I alt 34 sjøfuglartar er raudlista i Noreg eller på Svalbard. Årsaka er stor nedgang blant sjøfuglane – i snitt er nedgangen på ein fjerdedel dei siste ti åra, legg han til.
Forskaren seier mykje av forklaringa ligg i mattilgangen. Matfatet er igjen styrt av klimavariasjonane som er vanlege på våre breiddegrader – men også klimaendringar.
Men sjøfuglane blir også påverka av andre faktorar, som til dømes arealbeslag, fiskeri og forureiningar.
Slit på den nordlege halvkule
Også langt utover norskekysten slit sjøfuglane. I vår skreiv Forskning.no at det blir færre sjøfuglar på heile den nordlege halvkula. Også her er eit skrantande matfat ein viktig del av forklaringa.
På den nordlege halvkula har dei fiske-etande artane slite lenge, fortel Anker-Nilssen.
Han dreg fram lundefuglen som eit døme. Framleis er den karakteristiske fuglen med det fleirfarga nebbet blant dei mest talrike blant sjøfuglane våre, men nedgangen er likevel stor.
I norske område har bestanden gått ned med tre fjerdedelar, fortel Nina-forskaren. I fuglefjella på Røst var bestanden på 1,4 millionar hekkande par i 1979. I år var talet 215.000.
– Desse dramatiske bestandsendringane gjer at det hastar å finne svar, sjølv om det er eit krevjande og mødesamt arbeid, seier Anker-Nilssen.
Næringsmangel viktig årsak
I Vestland har Statsforvaltaren følgt utviklinga i sjøfuglreservata i nær tjue år.
– Det har eigentleg sett dårleg ut i heile den perioden, seier Tore Larsen.
Også han peiker på næringsmangel som viktigaste årsak.
Rundt tusenårsskiftet skjedde det ein stor nedgang i sjøfuglbestandane rundt Nordsjøen. Larsen fortel at tilbakegangen kom samtidig med ein stor nedgang i enkelte fiskebestandar.
Tala syner at det ikkje lukkast å bygge opp att hekkebestandane i Sogn og Fjordane i nemneverdig grad i åra etterpå. Nær tjue år etter er talet sjøfugl i området framleis berre kring 20 prosent av det det var før kollapsen.
Skal situasjonen snu, må maten kome tilbake, seier Larsen.
Han viser mellom anna til at temperaturauke i Nordsjøen kan gjere at ein art av krepsdyret raudåte trekker nordover. Då finn ikkje fiskeyngelen mat til rett tid og sjøfuglane finn ikkje nok fiskeyngel.
– Viss teorien stemmer, ligg sjøfuglane på våre kantar tynt an framover, seier Larsen.
Tilbake på Værlandet synest Anders Braanaas utviklinga er trist. Men han har ikkje gitt opp håpet for sjøfuglane.
– Det er alltid håp so lenge det er levedyktige bestandar igjen, seier han.