Hopp til innhold

Kraftig auke i havvind-investeringar

Nye tal frå Innovasjon Noreg viser «ein kraftig auke» i norske havvind-investeringar. Ute i Europa er ambisjonane endå større.

Transport av vindturbiner fra land til Hywind

EINASTE PROSJEKT I DAG: Biletet viser transporten av vindturbinar frå land til Hywind i 2017.

Foto: Ørjan Richardsen, Equinor

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vi har hatt ein kraftig auke i investeringar dei siste to åra, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Nye tal viser at det statlege selskapet har støtta norske havvindprosjekt med 400 millionar kroner sidan 2011.

Pengane til havvind er fordelte på 140 selskap og 220 ulike prosjekt.

Dette er betydelege beløp. Det er bra, men behovet vil auke betrakteleg dei nærmaste åra, seier Eivind Heløe i Energi Noreg.

Dei fleste av mottakarane er lokaliserte i Vestland fylke, blant dei OceanGrid i Florø, som har fått pengar til å utvikle flytande «understell» som sjølve tårna vert montert på.

Men vi har henta vel så mykje støtte frå Enova og Kystverket, seier konserndirektør Ole Schanke Eikum i Fjord Base Holding, som eig delar av OceanGrid.

Frå september vil Equinor-installasjonane Snorre og Gullfaks (utanfor Florø) få straum frå Hywind Tampen. Dette er det største, og einaste, havvindprosjektet i Noreg per i dag.

I alt fekk prosjektet 2,3 milliardar frå Enova. Det er det største støttebeløpet dei nokosinne har utbetalt.

Det er positivt at det er mange som utviklar selskap og teknologiar innan havvind, og at dette er ein aukande trend, seier Arvid Nesse, leiar i Norwegian Offshore Wind.

Satsinga på havvind har vore bra. No trenger vi å få fart på utbyggingar i stor skala. Der manglar vi gode verkemiddel, seier leiar i miljøstiftinga Zero, Sigrun Aasland.

Hywind Scotland

HYWIND: – Hywind Tampen har nok vore med på å gjera havvind endå meir konkret for norsk næringsliv og for vanlege folk på Vestlandet, seier Kristin Guldbrandsen Frøysa, som er energidirektør ved UiB.

Foto: Øyvind Gravås

– Må streve etter ein lykkeleg sameksistens

I april uttrykte ei rekkje aktørar i og rundt vindbransjen at dei var skuffa over at regjeringa ikkje skjerpa måla for norsk havvind i tilleggsmeldinga om energi.

– Det er pinleg for Noreg, kvitterte Norwea-sjef Åslaug Haga til E24.

I forkant vart det varsla at meldinga skulle «gjere tydeleg regjeringa sine ambisjonar i energipolitikken i ei tid prega av stor uro».

Håkon Haugli

KRAFTIG AUKE: – Vi har hatt ein kraftig auke i investeringar i grøne løysingar dei siste to åra, seier Håkon Haugli, administrerande direktør i Innovasjon Noreg.

Foto: Heidi Widerøe

Samstundes bryggjar det opp til interessekamp mellom vindkraft- og fiskerinæringa etter at regjeringa «blåste liv» i havvindplanen frå 2012 kor NVE foreslår å greie ut 15 geografiske område dedikert til havvind

Førebels er det berre to område utanfor kysten av Noreg som er opna for utbygging av havvind: Sørlege Nordsjø II, som ligg i havområdet mellom Noreg og Danmark, og Utsira nord, utanfor Haugesund.

På vindkraftforeininga Norweas «sameksistens-konferanse» denne veka uttalte Giles Dickson, leiar i Wind Europe, at:

– EUs mål for offshore vindkraft vil leggje beslag på 7 prosent av heile EUs sjøareal. Det er mykje når det eksisterer andre interesser som er nøyaktig like interessert i å bruke desse havområda. Vi er nøydde til å streve etter ein lykkeleg sameksistens.

Disse feltene utenfor Norge vurderes til flytende havvind
Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Havvind innan 2030 heng i ein tynn tråd

Planane for den norske havvindsatsinga, som regjeringa la fram i februar, seier at det «i første fase» skal byggjast 1500 MW havvind i Sørlege Nordsjø II.

Ifølgje Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) inneber det at havvind vil forsyne det norske straumnettet med kraft «i god tid før 2030».

Andre uttrykkjer skepsis til at Noreg vil ha noko som helst havvind innan 2030.

Året 2030 er sentralt fordi Noreg har forplikta seg til å kutte utsleppa med 50–55 prosent innan det.

– Det vil i beste fall vere heilt marginale kraftvolum i produksjon innan det, og mest truleg ingenting, sa direktør for fornybar energi i Energi Noreg, Eivind Heløe, til NRK i mars.

Ei kartlegging gjort av NRK viser at det er enorme sprik i anslaga for kor mykje havvind det er realistisk å rekne med i 2030.

I ein analyse frå ingeniørselskapet Sweco heiter det at «havvind innan 2030 heng i ein tynn tråd».

Dei konkluderer: «Utviklinga av det første utbyggingstrinnet vil neppe bli ferdig før våren 2032».

Hywind Scotland

GOD TID: Ifølgje Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) vil havvind forsyne det norske straumnettet med kraft «i god tid før 2030».

Foto: Øyvind Gravås

Danmark kan meir

Styresmaktene jobbar for tida med å utarbeide ein auksjonsmodell for tildelinga av havvind-areal, og har som uttalt mål at denne skal bli klar i løpet av 2022.

Nettstaden Europower skriv at grunnundersøkingar vil starte seinare i år, «gitt at det blir løyvd pengar via revidert nasjonalbudsjett».

Statsminister Mette Frederiksen (S) la i førre veike fram energiplanen Danmark kan meir II. Blant tiltaka er at kapasiteten for havvind skal aukast med mellom 1 og 4 gigawatt (GW) innan utgangen av 2030. Det er på toppen av den opphavlege planen om 7,2 GW.

Også andre europeiske land har skalert opp havvind-planane sine for raskare å lausrive seg frå behovet for russisk gass.

  • Tyskland har auka frå 20 til 30 GW
  • Storbritannia har auka frå 40 til 50 GW
  • Nederland har auka frå 11 til 21 GW
  • Belgia har auka frå 5,7 til 8 GW

Tidlegare i april meldte Equinor at dei vil gå saman med det spanske energiselskapet Naturgy for å vurdere moglegheiter for utbygging av havvind utanfor kysten av Kanariøyane.

NRK forklarer

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hva er regjeringas satsing på havvind?

I februar ble det bestemt at Regjeringen åpner for utbygging av havvind i Nordsjøen.

Olje- og energidepartementet har sendt et forslag på høring til inndeling i utlysningsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.

Ved Utsira nord er det snakk om flytende havvind, mens vindturbiner i Sørlige Norsjø II vil være bunnfaste.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Hvor skal vindturbinene til havs stå?

Selv om området ved Sørlige Nordsjø II ligger helt på grensen mot Danmark så skal kraften bare kobles til Norge.

– Det handler om å sikre tilgang på ren og rimelig kraft. Det er situasjonen vi står i nå en påminnelse om, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), da han la frem satsingen.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Når skal dette stå klart?

Støre anslår at de første vindmøllene til havs vil komme på siste halvdel av 2020-tallet.

Feltene vil kunne lyses ut høsten 2022. Auksjon skal være hovedmetoden.

Hva er regjeringas satsing på havvind?

Er alle enige i at dette er en god idé?

Satsingen har møtt motbør. Opposisjonen frykter at det ikke vil være lønnsomt og at skattebetalerne må ta risikoen. Dette fordi kraften ikke kobles på et europeisk marked.

Regjeringen er dermed blitt kritisert for at satsingen er avhengig av subsidier.