Hopp til innhold

Brei etterforsking etter livsfarlege trefellingar

Både Vest politidistrikt og politiet i Danmark etterforskar hendingar med trefelling over veg. I Danmark er seks unge menn sikta etter at ein 55 år gamal mann mista livet.

SISTE: To menn vart måndag kveld arresterte og sikta for å ha felt fleire tre over vegar i Kinn kommune i Sunnfjord.

– Dei er kjende for politiet frå før, seier tenestestadsleiar i Florø, Synnøve Domben.

Tysdag kl. 17 har dei to sikta blitt avhøyrt av politiet.

– Klienten min har forklart seg til politiet, elles kan eg ikkje seie noko meir, seier Ivar Eivind Hauge som er utnemnd advokat til den eine mannen.

Personane som er sikta er to menn. Ein i slutten av tenåra, den andre i 20-åra.

Trefellingar over veg fekk alvorlege konsekvensar i Danmark og det same held på å skje i Sunnfjord i Vestland natt til søndag.

Fleire bilar med i alt elleve personar køyrde i tre som hadde blitt felt over vegen tre stadar i Sunnfjord.

Les også Fleire tre i vegbana: – Dette kunne enda med dødeleg utfall

bil køyrde rett i tre

Berre elleve dagar tidlegare omkom ein dansk mann, då han køyrde inn i eit stort tre som låg over vegen ved Sorø, vest for København.

Seks personar er sikta i saka i Danmark, alle er i alderen frå 19 til 21, melder DR.

Avisen Danmark omtalar både dei norske og danske hendingane i ein og same artikkel.

NRK har sendt fleire spørsmål til dansk politi, førebels utan å få svar.

Dette treet tok livet av en 55-år gammel mann i Danmark. Politiet har siktet seks personer etter hendelsen.

Ein 55 år gamal mann miste livet ved Sorø torsdag den 14. mars i år. Han jobba som ungdomsskulelærar.

Foto: Claus Bech / Ritzau Scanpix

Måndag stadfesta politistasjonssjef Wenke Hope i Sunnfjord at ho er kjent med saka i Danmark.

– Det er for enno for tidleg å seie om det er ein samanheng med den saka.

Same kveld vart ein mann i slutten av tenåra og ein i 20-åra pågripen, sikta for grovt skadeverk og for brot på vegtrafikklova paragraf 3.

Politiet har førebels ikkje teke stilling til om dei to skal framstillast for varetektsfengsling.

– Dei blir avhøyrde i løpet av dagen, seier tenestestadleiar for politiet i Florø, Synnøve Domben.

– Vi var heldige

I Sunnfjord køyrde fleire inn i treet som dekka heile vegen i 80-sona retning Florø.

I eine bilen sat venninne Johanne Endestad, Sofie Vaardal og Rakel Hovland Øren.

Johanne Endestad (18), Sofie Vaardal (18) og Rakel Hovland Øren (19).

Venninne på 18 og 19 år var på veg heim frå fest då dei køyrde inn i treet som låg over vegen. Fleire synest det er ekkelt å køyre i mørket i etterkant. Frå venstre: Johanne Endestad, Sofie Vaardal og Rakel Hovland Øren.

Foto: Henning Levold / NRK

Dei klarte ikkje å stoppe og køyrde inn i treet. Deretter vart dei vitne til annan bil som smadra inn i treet i motsett retning.

– Det var skummelt og vi sprang for å sjå om dei var i live. Det var ein brutal episode, seier 19 år gamle Rakel Hovland Øren.

Ingen av dei involverte vart alvorleg skadd.

– Det var først når vi kom på sjukehuset at vi innsåg kva som hadde skjedd. Vi var heldige, seier Johanne Endestad.

Jentene er både prega og opprørte etter hendinga.

– Dei som har gjort dette, gjorde det med vilje, hevdar Øren.

bil køyrde rett i tre

Bilen jentene sat i fekk synlege skadar etter samanstøyten med treet på riksveg 5 i Sunnfjord.

Foto: Politiet

Politiet seier at dei har gjennomført fleire vitneavhøyr måndag, i tillegg til å undersøke tekniske spor. Det har kome fleire tips i saka.

– Har politiet mistanke om kven som kan stå bak?

– Vi har ikkje konkrete personar som er sikta eller mistenkte akkurat no, seier politistasjonssjef Wenke Hope i Sunnfjord.

Dei siste dagane har Vest politidistrikt gått tungt inn og starta etterforsking i liknande saker.

Les også Her er dei største «NTP-bløffane» – slik opposisjonen ser det

E18 ved Timenes i Kristiansand

Mista livet

Ein 55 år gammal mann miste livet i Danmark. Han kom køyrande då treet landa på toppen av bilen.

Bilete av tre som tok livet av 55-år gamal person i Danmark. Seks personar er no sikta etter hendinga.

Dette er treet som tok livet av 55-åringen i Danmark. Seks personar er sikta i saka.

Foto: Claus Bech / Ritzau Scanpix

Retten har konkludert med at det er mistanke om at «dei om kvelden 12. mars skal ha påført overhengande fare for liv og eigedom ved å felle et stort tre på Slagstrupvej i Slagelse.»

Retten meiner det også er grunnlag for mistanke om fare og aktlaust drap. Den omkomne 55-åringen jobba som ungdomsskulelærar.

I Danmark konkluderte retten med at dei seks personane som er sikta i saka, blir sette fri medan ein ventar på rettssaka.

Dei sikta i alderen 19 til 21 år har gitt detaljerte forklaringar. Dommaren meinte ikkje at det var fare for påverknad, og difor vart dei seks sleppte fri.

Dei seks har nekta straffskuld.

Les også Ektepar tett på dramatisk togulukke i Arna i Bergen: – Adrenalinet pumpa

Johanna Hundvin Almelid og Oddvar Almelid