Hopp til innhold

Kniv­stikking på Os: 16-åring varetektsfengsla i ei veke

Ein 16-åring er sikta for drapsforsøk etter at ein 15-åring blei knivstukken på Os utanfor Bergen søndag.

16-åringen blir varetektsfengsla i ei veke. Han nektar straffskuld.

– 16-åringen blei avhøyrd av politiet måndag ettermiddag, og blir følgd opp av barnevernet, seier politiadvokat Eli Valheim.

Han er sikta for drapsforsøk på ein 15 år gamal gut søndag kveld.

Politi og ambulanse rykte mannsterke ut til Os i Bjørnafjorden i Vestland etter meldinga om knivstikking ved bussterminalen og ein bank.

Knivstikking på Os

Politiet arbeidde søndag på staden der ein person blei knivstukken.

Foto: Ragnar Tjøstheim / NRK

Då dei kom fram hadde gjerningspersonen sprunge vekk.

– Det var fleire ungdomar til stades, men i utgangspunktet er knivstikkinga ein konflikt mellom to ungdomar, sa innsatsleiar i politiet, Ivar Kvant til NRK søndag kveld.

Gjerningspersonen blei pågripen og frakta til politihuset i Bergen. Etterforskarar på staden sikra spor, tok bilete og snakka med ei rekkje vitne.

Den skadde guten vart frakta til Haukeland sjukehus. Der er han framleis måndag kveld, ifølgje Valheim.

– Den sikta og fornærma kjenner til kvarandre, seier ho til NRK.

Politiadvokat Eli Valheim kan ikkje seia noko om helsetilstanden til guten, men stadfestar at han måndag framleis er innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

Stian Romslo og Eli Valheim

POLITIET: Politiadvokat Eli Valheim er påtaleansvarleg i saka.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Guten nektar straffskuld

Måndag vart det klart at politiet ville fengsla 16-åringen. Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

16-åringen nektar straffskuld, opplyser advokat Anette Vangsnes Askevold til BT.

krimteknikarar på Os

Krimteknikarar gjorde måndag undersøkingar på åstaden.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Osøyro har om lag 14 600 innbyggarar og er kommunesenteret i Bjørnafjorden kommune. Tettstaden ligg 30 kilometer sør for Bergen sentrum.

Bussterminalen er vanlegvis hyppig trafikkert av folk som reiser til og frå Bergen.

Os ligg ein halvtime sør for Bergen.

Kniven er ikkje funnen

Politiet har så langt ikkje villa seia noko om kva som er forløpet til hendinga.

Måndag var krimteknikarar på plass i Os, medan politiet leita etter kniven som skal ha blitt brukt. Førebels er kniven ikkje funnen, ifølgje Valheim.

Vidare har politiet gjort ei rekkje avhøyr.

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Terje Søviknes, seier at knivstikkinga pregar innbyggarane.

– Det er ei alvorleg og tragisk hending som pregar oss alle i dag. Me kryssar alt me har for at det går bra med guten som er skadd, seier han.

Kommunen har måndag følgt opp både familien til den fornærma guten og familiane til dei unge augevitna.

Terje Søviknes

ORDFØRAR: Terje Søviknes (Frp).

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Uroa for at mange har med kniv

Ordføraren meiner at terskelen for bruk av kniv og våpen har senka seg blant unge.

– Det er eit urovekkande teikn i tida som me må ta på alvor i vår kommune, men som også er eit regionalt og nasjonalt problem, seier han.

Bekymringa blir delt av lokalbefolkning NRK har snakka med.

Thorleif Steffensen

Thorleif Steffensen bur i Os og er uroa over det som har skjedd.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Viss det blir sånn at ungdom må væpna seg med det som er lett tilgjengeleg, altså kniv, så er det ei skremmande utvikling i samfunnet, seier Thorleif Steffensen.

Ein 14-åring seier ho er overraska og skremt over at knivstikking kan skje i Os.

Ho er uroa for at folk går med kniv og meiner at både politiet og foreldre må passa betre på ungdomane.

– Folk bør eigentleg ikkje kunna gå rundt omkring med kniv, for det kan skje at dei kjem i ein slåstkamp og så har ein kniv dei brukar fordi dei er redde. Ein føler seg ikkje så veldig trygg på å gå rundt på Os når folk ber på kniv, seier ho.

Har opplevd hærverk i området

I enden av bussterminalen ligg kontoret til Os Taxi. Dagleg leiar Tor Anders Hauge fortel at det lenge har vore uro og store samlingar av ungdomar i området.

Dei siste månadane har dei måtta stenga venterommet til bussterminalen klokka 14 i staden for klokka 18, grunna hærverk.

– Dei taggar på vegger og øydelegg dører. Ungdom trekker inn her etter skuletid og driv hærverk, rett og slett, seier Hauge.

Han håpar det ikkje skjer knivstikking i området igjen.

– Eg håpar det går bra med den guten.

Tor Anders Hauge, Os taxi

Tor Anders Hauge, dagleg leiar i Os Taxi. Bak han er ei dør erstatta av ei sponplate etter hærverk.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ordførar Terje Søviknes peikar på at det med ny tunnel mellom Bergen og Os er blitt lettare å komma seg til og frå kommunen.

Me er ikkje skåna frå utfordringar knytt til rus eller andre ungdomsutfordringar. Me har vår del, seier ordføraren.

Kva gjer kommunen for å gjera det trygt for ungdomar å veksa opp her?

Me har ulike tilbod, og eg vil spesielt trekka fram ungdomsteamet, eit ambulerande team som ettermiddag og kveld er ute og møter ungdommen på deira arena. Den direkte kontakten mellom våre fagfolk og ungdommen er truleg det aller viktigaste me kan bidra med, seier Søviknes.

Politisperringar i Os sentrum etter knivstikking

Politiet har sperra av eit område utanfor busshaldeplassen i sentrum.

Foto: Ragnar Tjøstheim / NRK