– Eit parti som har som uttalt mål å styrke dei kristne verdiane i norsk politikk har bidrege til det stikk motsette, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.
På leiarplass bad han tysdag Partiet Dei Kristne (PDK) om å «gå i seg sjølv» etter at Kristeleg Folkeparti hamna under sperregrensa for fyrste gong sidan andre verdskrig.
Partiet fekk 113 230 røyster, og mangla litt over 6000 på fire prosent oppslutning. Og kven fekk høvesvis 10.179 og 7526 røyster?
Jo, «kristen-konkurrentane» i PDK og Sentrum.
– PDK får aldri oppslutning til å gjennomføra noko som helst. Men dei kan øydelegga for KrF. Og det har dei altså oppnådd i dag, seier Selbekk.
KYSTPARTI: KrF hamna dette valet under sperregrensa for fyrste gong sidan andre verdskrig.
Grafikk: Valggrafikk– Prisen for politisk fragmentering
NRK har tidlegare skrive at «kannibaliseringa» blant miljøpartia – definert som SV, Venstre og MDG – kan ha bidrege til å dytte MDG under sperregrensa.
Same dynamikk kan ha gitt seg kjenne blant «kristen-partia», meiner valforskar Jørgen Bølstad.
– Stemmene frå berre eitt av desse partia hadde vore nok til å få KrF over sperregrensa, seier han.
Politisk kommentator Edvard Lysne i Samtiden kallar det «politisk sjølvskading» og «den tydelege prisen av politisk fragmentering.»
– Grunnfjellet som KrF satsa på å mobilisere i kjerneområda på Sør- og Vestlandet er rett og slett ikkje stort nok lenger, skriv kommentator i Vårt Land, Emil Erstad.
Partiet De Kristne: – KrF kan takke seg sjølve
– KrF må ta ansvar for si eiga utvikling. Dei kan takke seg sjølve, seier PDK-leiar Erik Selle.
Nestleiar i partiet, Tomas Moltu, har svart på skuldinga frå Selbekk på debattsidene i avisa Dagen. Å gå i deg sjølv kan du sjølv gjera, skriv han:
– Alle kan sjå at KrF har mislukkast i å samle dei kristne veljarane. Det er dei sentrale leiarane i KrF som må bere det ansvaret, ikkje PDK og ikkje Sentrum.
Stein Robert Osdal er fylkesleiar i Sentrum i Vestland. Han melde overgang frå KrF då Sentrum vart etablert i februar.
– Det er ein litt rar debatt å plassere oss i rekka av såkalla «kristne parti». Vi er eit livssynsopent parti som ynskjer å famne breidda i befolkninga. Så får andre definere det som kristent eller ikkje, seier han.
UNDER SPERREGRENSA: Toppkandidat Dag Inge Ulstein og kona Ingjerd Mella Ulstein på KrFs valvake i Bergen måndag kveld. Bak f.v. bergensbyråd Beate Husa, tidlegare byråd Rebekka Ljosland og Tor Andre Ljosland.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKTidlegare KrF-rådgjevar Åshild Mathisen har i haust skrive bok der ho spår at «KrF kjem til å døy ut».
– Sjølv om partiet har fjerna vedkjenningsplikta, appellerer dei til kristnes samvit: No handlar det om at eit kristent parti må overleve. Ei stemme til Sentrum eller De Kristne vil vere ein bortkasta stemme, seier ho.
Kampen om sperregrensa
Rødt og Venstre fikk over 4% av stemmene nasjonalt, og får flere stortingsrepresentanter. MDG og KRF var veldig nær, men havner under sperregrensa.
KrF: – Vi må tenke større
Tore Storehaug (KrF) er blant stortingsrepresentantane som mister plassen fordi KrF fall under sperregrensa.
Han vil ikkje skulde nedturen på røystene som gjekk til De Kristne.
– Eg vil at vi skal drøyme stort, og bygge KrF til eit folkeparti som har mykje høgare oppslutnad enn dei tala som her blir referert til. Vi må sjølve klare å snu den trenden vi har hatt altfor lenge, seier han.
Trufast mot KrF
Også i Knut Arild Hareide sin heimkommune, Bømlo vart det nedgang for KrF. Partiet fekk ein oppslutnad på 13,2 prosent, ned 3,6 frå sist val. KrF-veteran Haldis Gilje Østensen, som NRK trefte i Svortland sentrum på Bømlo tysdag, meiner det kan skuldast dei to partia De Kristne og Sentrum.
TRUFAST: Haldis Gilje Østensen frå Bømlo har røysta på KrF i mange tiår. Ho meiner at De Kristne og Sentrum har teke veljarar frå partiet.
Foto: Olav Røli– Eg trur nok ein del som tidlegare røysta på KrF no røystar på De Kristne. Og så har me partiet Sentrum, som også har vore med og splitta KrF litt. Men eg kjem uansett alltid til å halde med KrF. Det er det einaste partiet som tek vare på dei kristne verdiane, seier Gilje Østensen.