Då Vestland Arbeiderparti blei stifta i helga, la fylkesordførar Anne Gine Hestetun fram eit forslag som ho hadde skrive dagen før møtet starta.
Ho seier me er i ferd med å skape eit klasseskilje i det offentlege Helse-Noreg, særleg knytt til kreftmedisinar som ikkje blir dekka av det offentlege.
Forslaget seier at alle skal ha lik tilgang på helsetenester, uavhengig av kor mykje pengar de har:
«Vestland Ap krev at staten sikrar at alle får livreddande medisinar, uavhengig om ein har råd til å betale for dei eller ikkje», heit deler av forslaget.
– Forslaget handlar om tilgjengelegheit på kreftmedisin for dei som har bruk for det, og som ikkje har ein tjukk pengebok. Folk må få tilgang til medisinar som finst, utan å betale seg i hel, seier ho.
Søndag fekk ho med seg fylkesårsmøtet på å samrøystes gå inn for forslaget hennar.
Betalte for eiga medisin
Hestetun blei sjølv ramma av brystkreft i 2011. Då medisinane ho gjekk på ikkje lenger hadde effekt, blei ho anbefalt det livsforlengjande legemiddelet kadcyla.
Denne blei ikkje dekka av det offentlege helsevesenet, men var tilgjengeleg på private klinikkar. I ei periode måtte ho betale for medisinen sjølv.
– Eg betalte fleire hundre tusen kroner. Heldigvis var eg i ein situasjon kor eg klarte å finansiera det. Men det er ikkje alle som klarar det.
– Uakseptabel utvikling
Etter kvart blei medisinen ho trengde godkjend av Beslutningsforum for nye medisinar, som er dei som avgjer kva for medisinar det offentlege helsevesenet skal tilby.
Beslutningsforum består av dei fire direktørane i dei regionale helseføretaka. Hestetun meiner det er ein uting av sjukehusdirektørar skal måtte prioritere om dei skal betale for sjukehusutbygging eller medisinar.
– Tida er inne for å gå gjennom heile finansieringsmodellen. Her må helseministeren komme på bana, seier ho.
Full støtte
Sjølv meiner ho at det bør settast av ein pott med pengar, som er øremerka til å dekke medisinar.
Etter at ho stod fram med si eiga historie, har ho blitt kontakta av andre i tilsvarande situasjon.
– Det er veldig mykje fortviling, for folk har rett og slett ikkje pengar til å betale seg ut av dette. Kven er det som har millionar i bakhand til slikt, spør ho.