Hopp til innhold

Ap-toppen betalar sjølv for dyr kreftmedisin

Fylkesordføraren har vore kreftsjuk i seks år, men får ikkje hjelp av det offentlege Noreg. – Vi er i ferd med å skapa eit klasseskilje, meiner Anne Gine Hestetun.

Anne Gine Hestetun

ETISK DILEMMA: Ap sin fylkesordførar Anne Gine Hestetun seier det er eit dilemma å betale for behandling ikkje alle har råd til, som politikar i partiet som har forsvart det offentlege helsesystemet i alle år.

Foto: Christian Lura / NRK

– Eg har hatt seks gode år. Eg har vore veldig lite sjuk, seier Anne Gine Hestetun (Ap).

Ho har så langt reagert godt på medisinen ho har fått mot brystkreft, sjukdommen som råka ho i 2011.

Brystkreften har ikkje stoppa Hestetun. Ho har vore både toppsjef i dåverande Stor-Bergen Boligbyggelag og politisk toppsjef i fylket. Alt med sjukdom i kroppen.

Den siste tida har fylkesordføraren vore ein av dei fremste forkjemparane for å samle Vestlandet i ein stor region.

– Ein må ta krigen når slaget står. Du kan ikkje angre etterpå på det du ikkje gjorde, seier Hestetun.

Dei siste åra har kvardagen ikkje alltid vore enkel. For tre år sida mista ho balansen og måtte gå med rullator.

– Det er klart at det ikkje er kjekt å få ein slik diagnose. Medisinane gjer at ein aldri heilt blir den same. Men sjukdomen gjer òg at ein får ei litt anna tilnærming til livet, seier Hestetun.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) om sjukdommen

For dyrt

Men no verkar ikkje lenger medisinen fylkesordføraren har brukt. Hestetun sin lege har vore klar: Ho bør prøve kadcyla, eit livsforlengjande legemiddel som er retta spesielt mot kreftforma ho har. Det har også færre biverknader enn alternativet, cellegift.

– Ein del testpersonar har levd lenge når dei har brukt denne medisinen, og den har få biverknader. Det gjer at dette er ei viktig behandling for mange, seier overlege Hans Petter Eikesdal ved Haukeland universitetssjukehus til NRK.

Problemet er at medikamentet er tilgjengeleg over offentlege budsjett i 18 europeiske land, blant anna i Sverige og Danmark. Men ikkje i Norge.

Kadcyla er godkjent her i landet, men statlege sjukehus tilbyr den ikkje.

Ein del testpersonar har levd lenge når dei har brukt denne medisinen.

Hans Petter Eikesdal, overlege

– Vi skulle gjerne sagt ja, for medisinen verkar. Men det er for dyrt samanlikna med effekten. Difor meiner vi at vi kan bruke pengane betre på andre pasientgrupper, seier Lars Vorland, leiar av det statlege «Beslutningsforum for nye metodar».

Lars Vorland, direktør i Helse Nord

FOR DYRT: Lars Vorland er leiar av det statlege Beslutningsforum. Forumet har to gonger sagt nei til ta norske sjukehus kan ta medisinen i bruk. fordi dei meiner det er for dyrt.

Foto: Barbro Andersen

Det er dette forumet av fagfolk som avgjer kva for medisinar Norge skal bruke velferdspengane på. Forumet sa i mars nei til at norske sjukehus kan ta kadcyla i bruk. Det gjorde dei òg i oktober 2014.

Vorland vil ikkje seie kor dyrt medikamentet er, fordi dei har ført hemmelege forhandlingar med produsenten Roche.

Men forumet har berekna totalkostnaden til mellom 50 og 80 millionar kroner. Kadcyla kunne ha hjelpt rundt 100 norske kvinner. Med andre ord er kostnaden per pasient minst 800.000 kroner.

Politikaren sitt dilemma

Hestetun vil prøve medisinen, og har bestemt seg for å ta rekninga sjølv. Men ho erkjenner at det er eit etisk dilemma, som politikar i partiet som har forsvart det offentlege helsesystemet i alle år.

– Vi er i ferd med å skapa eit klasseskilje i Norge. Det kan ikkje vera slik at det skal vere lommeboka som avgjer om folk skal få medisinen dei treng. Eg klarar meg, men det er mange som ikkje gjer det. Denne medisinen burde vore tilgjengeleg for alle, slik den er i mange andre land.

Hestetun er kritisk til det ho kallar ei utvikling der økonomi avgjer kva for behandling ein kan få for fleire vanskelege diagnosar.

– Eg syns det er heilt ubegripeleg og vil ikkje akseptere det. Dette handlar ikkje om partipolitikk for meg, det handlar om velferda i Norge.

– Men ein plass må vel grensa gå for pengebruken?

– Eg er fullstendig klar over at ein må bruke måtehald. Men medisinen eg har gått på til no, er heller ikkje billeg. Og viss alternativet er at eg må ta medisin som gjer meg ute av stand til å jobba, er det ein stor kostnad for samfunnet, seier fylkesordføraren.

Høie: Ingen kommentar

Helseminister Bent Høie (H) innførte Beslutningsforumet. Det blei foreslått av den førre helseministeren, Hestetun sin partileiar Jonas Gahr Støre.

Vi stilte Høie følgjande spørsmål:

  • Er han samd i skildringa av eit gryande klasseskilje i Helse-Norge?
  • Kva må til før han vil vurdera nemndløysinga på nytt?
  • Korleis skal ein forklara sjuke personar at ein medisin som vert brukt i dei fleste vestlege land, ikkje blir tilbode i Norge?

Høie ville ikkje kommentera denne saka. Kommunikasjonsrådgjevar Jon Reidar Evensen i Helse- og omsorgsdepartementet svarer på e-post at Beslutningsforumet tar avgjerder på dette feltet, og at eit samla storting står bak prioriteringsregimet som er etablert.

«Det er nå ein felles forståing i mange land for at utviklinga i legemiddelkostnadene ikkje er berekraftig og akseptabelt i eit langsiktig perspektiv. Derfor har landa både i Norden og i Europa avgrensa bruk av dyre legemiddel på forskjellige måtar», skriv Evensen.

Vi har vore i kontakt med Støres rådgjevar om ein kommentar, men har ikkje fått svar.

Vil følgje opp politisk

Hestetun og lege Eikesdal etterlyser meir openheit rundt prosessar i helsesystemet.

– Etter at Beslutningsforumet blei oppretta, har politikarane isolert seg frå debatten om pengebruk til medisinar i helsesystemet. Eg forstår at dei ikkje kan blande seg inn i enkeltsaker. Men det burde ikkje vore heilt stille i den offentlege debatten om desse spørsmåla, seier Eikesdal.

Hans Petter Eikesdal

PENGEBRUK: Petter Eikesdal, overlege på kreftavdelinga på Haukeland, meiner politikarane isolert seg frå debatten om pengebruk til medisinar i helsesystemet.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Eg kjem til å forfølgje denne saka politisk og har allereie vore i kontakt med våre folk på Stortinget. Eg trur dette er eit tema som veldig mange er opptekne av, seier Hestetun.

Fylkesordføraren startar truleg på den nye medisinen etter nyttår.

– Eg har bestemt meg for å prøve, og eg føler meg privilegert som har råd. Om kroppen ikkje fungerer, trenger ein ikkje pengar, så for meg er det verdt eit forsøk. Eg er optimist.

Hestetun er mor til tre, og seier at omsynet til barna har vore viktig.

– Det er ein balanse. Det er omsyn til dei med i vurderinga av å velje denne behandlinga, men ein må òg vere klar over at det ikkje er sikkert at behandlinga fungerer. Det må vere eit forsvarleg opplegg, slik at dei ikkje sit igjen med gjeld. Det er eg glad for at eg klarar å få til.

– Trur du på at du nokon gong blir heilt kreftfri?

Hestetun dryger med svaret.

– Kreftfri og kreftfri. Eg trur på forsking og utvikling. Sjukdomar som før tok livet av heile folkegrupper, har vi no medisin for. Eg trur på ei løysing, berre ein held ut lenge nok.