Hopp til innhold

Konkurrerer om knurrande magar

FØRDE (NRK): Endå ein spisestad er opna i byen. Dette er den tredje hurtigmatkjeda som etablerar seg i sentrum, side om side med fleire andre som alle ynskjer seg dei same kundane.

Dei etablerte restaurantane i byen fryktar ikkje den nye "fast-food"-kjeda.

STOR KONKURRANSE: Det vert stadig fleire om beinet hjå spisestadane i sentrum.

– Eg trur de har venta lenge på dette, seier Bahi Veraasingam, dagleg leiar i den nyopna Burger King i Førde.

Bahi Veraasingam
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Veraasingham meiner bedriftene i Sunnfjord berre har godt av meir konkurranse.

– Men me driv med vårt, og kjem ikkje til å fokusere på å konkurrere ut andre, legg han til.

Om lag 30 ungdommar møtte opp då dørene på Burger King Førde gjekk opp for fyrste gong onsdag føremiddag.

ungt klientell

FOLKSAMT: Sjølv om det var føremiddag, var det kø ut døra på hurtigmatrestauranten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ikkje redd

Eva Cecilie Ødemark

IKKJE SKREMD: – Eg er ikkje redd dei, seier Ødemark. Ho meiner dei to serveringsstadane har forskjellige målgrupper.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Me har eit breiare tilbod enn slike kjeder, seier Eva Cecilie Ødemark, tilsett ved Førde Kro.

Ho meiner at kroa sitt tilbod med middagsmat trekk til seg ei anna kundegruppe.

– Me har jo ein del eldre kundar, eg trur dei kjem til å halde fram med å komme.

Maria Botn

HAR TRUA: Botn meiner dei etablerte spisestadane har lojale kundar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fleire andre spisestadar i sentrum fortel det same som Ødemark til NRK; at dei kjem til å halde på kundane sine.

– Me merkar det nok i byrjinga, at folk ynskjer å prøve ut nye tilbod, men eg trur det kjem til å jamne seg ut etter kvart, seier Maria Botn, skiftleiar på ein lokal pizzeria.