Fregatten «Helge Ingstad» har nådd sin siste destinasjon

Fregatten «Helge Ingstad» har hatt si aller siste reise. Ferda gjekk over den same fjorden der fregatten kolliderte med eit tankskip for dryge to år sidan.

Fregatten «Helge Ingstad» har lagt ut på si siste reise. Måndag 08.02.21 vart skipet slept til Hanøytangen på Askøy, der den skal destruerast.

Fregatten «Helge Ingstad» har lagt ut på si siste reise. Måndag vart skipet slept til Hanøytangen på Askøy, der det skal destruerast.

Ved 07-tida måndag morgon starta arbeidet med å kople fregatten frå landstraum, gangveg og fortøying.

Rundt 09.30 var fregatten klargjord for si aller siste ferd.

– Vi er glade for endeleg å få avslutta fregatten «Helge Ingstad» sin tragiske lagnad og få ein ende på det kapittelet. Det er ein spesiell dag, og det blir rart og vemodig å sjå henne ha sin siste seglas, seier kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Sandberg i Forsvarsmateriell.

Måndag er det nøyaktig to år og tre månader sidan KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» under navigasjonsøving i Hjeltefjorden.

I dag segla skipet i same fjord, men ikkje for eiga maskin. Fregatten vart slept frå Ågotnes i Øygarden til Hanøytangen på Askøy.

Her skal skipet huggast opp i småbitar. Ved 11.30-tida var «Helge Ingstad» fortøydd ved kaien på Hanøytangen.

I skumringen mandag morgen ble hjelpesystemer som strøm, gangvei og fortøyning koblet fra.

Foto: Cato Kristensen / NRK
Helge Ingstad på Ågotnes

Like før klokken 09.50 begynte fregatten å bevege seg.

Foto: Skjermdump / NRK
Helge ingstad på vei til hanøytangen

To slepebåter, «Bjønn» i front og «BB Supporter» bak, hjelper fregatten frem på sin siste ferd.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK
Helge Ingstad på vei til siste destinsajon

Fregatten krysser Hjeltefjorden, hvor den kolliderte 8. november 2018.

Foto: Sigurd Hamre / NRK
Helge Ingstad på vei til siste stopp

«Helge Ingstad» i vintersol.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK
Helge Ingstad sør for Hauglandsøy

«Helge Ingstad» sør for Hauglandsøy.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK
Ingstad-rute

«Helge Ingstad» vil legge til på Hanøytangen, markert i blått. De to pilene nede i bildet er slepebåtene som sleper skipet. NRK får ikke lov til å komme inn på Hanøytangen på grunn av smittevernstiltak i bergensregionen.

Helge Ingstad på vei inn til Hanøytangen

«Helge Ingstad» slepes inn til Hanøytangen på Askøy.

Foto: Steffen Rob
Helge Ingstad på vei inn til Hanøytangen

Her skal Norscrap West destruere fartøyet. Selve destruksjonen begynner i august, og innen da skal alle hemmelige deler være tatt ut.

Foto: Steffen Rob
«Helge Ingstad» til kai på Hanøytangen

«Helge Ingstad» er nå fremme ved sin siste destinasjon.

For dyrt å reparere

Det er Norscrap West AS som har fått kontrakten for å destruere fartøyet. Dei har engasjert underleverandøren Buksér og Berging for flyttinga av skipet.

Mellom 25 og 30 personar deltok i operasjonen.

Etter kollisjonen 8. november 2018 følgde ein lang og dramatisk redningsaksjon på vinteren. Vind, dønningar og ein vaier som rauk var nokre av problema som oppstod. I mørket ei natt i mars 2019 vart fartøyet slept til Sjøforsvarets base på Haakonsvern.

Vel framme kunne Forsvaret etter kvart konkludere: Ein reparasjon ville kosta for mykje. I staden skal skipet destruerast og bli selt som skrapmetall.

Fregatt kantret utenfor Sture terminal i Øygarden

SLAGSIDE: KNM «Helge Ingstad» med slagside i fjæresteinane i Øygarden, hausten 2018. No er fregatten ikkje lenger ein del av Sjøforsvarets drift, og dermed har ber ikkje fregatten lenger nemninga KNM (Kongelig Norsk Marine) som prefiks.

Foto: Kystverket

På spørsmål om kva faremoment Forsvarsmateriell såg før flyttinga av skipet måndag, kom vêrforholda i Hjeltefjorden atter opp som ei utfordring.

– Vi er avhengige av eit godt vêrvindauge. Vi tek den tida det treng og skal sørgje for at ho kjem trygt fram til siste destinasjon, seier Sandberg i Forsvarsmateriell.

Måndag var det meldt sol og lite vind, og slik sett godt vêr for å slepe ein fregatt til sin siste destinasjon.

SISTE REIS: På flyfotoet kan ein sjå der KNM «Helge Ingstad» ligg i dag på Ågotnes. Ruta er teikna opp av NRK og representerer ikkje nødvendigvis leia forflytningsmannskapet veljar.

Lang operasjon

Avstanden mellom Ågotnes og Hanøytangen er rundt 6,5 kilometer. Sjølve turen over fjorden tok dryg ein times tid.

To slepebåtar, ein sikringsbåt og fleire rib-båter frå Sjøforsvaret følgde fregatten.

«Helge Ingstad» hadde lós og personell om bord for fortøying og overvaking av slepet.

Seinast førre veke inspiserte DNV GL fartøyet, og kom fram til at det trygt kan flyttast.

– Vi har forsikra oss om at vi kan forhale fregatten trygt frå Ågotnes til Hanøytangen. DNV GL har mellom anna sjekka skroget, og gitt avgrensingar og råd om korleis fartøyet kan forhalast, seier Sandberg.

Droneforbod var innført i området, og båtar måtte halde 200 meters avstand.

Helge Ingstad på vei til siste stopp

FØLG FERDA: NRK strøymde den siste ferda til fregatten «Helge Ingstad», frå Ågotnes i Øygarden til Hanøytangen. NRK mista synet av fregatten sør for Hauglandsøy, og fekk ikkje komme inn på Hanøytangen på grunn av smitteverntiltak i bergensregionen.

Tryggleik

Sjølve destrueringen av skipet startar i august, og skal vere ferdig innan årsskiftet. Forsvarsmateriell vil ha folk til stades under destruksjonen for å ta vare på tryggleiken.

– Det er ikkje berre berre å avhende eit krigsskip. Det er eit komplekst og omfattande arbeid, spesielt når vi har fire like fartøy som framleis seglar, seier Sandberg.

Deler fra KNM «Helge Ingstad»

DELAR: I eit hemmeleg bygg på Haakonsvern har Forsvarsmateriell samla 2500 delar frå KNM «Helge Ingstad».

Foto: Forsvarsmateriell

I november 2019 hadde Forsvarsmateriell teke ut 2500 delar frå fregatten. Seinare har fleire hemmelege delar vorte tekne ut av skipet, men arbeidet er ikkje ferdig.

Alt av utstyr som er kalla som «skjermingsverdig» vil bli fjerna, dokumenterte og destruerte, før fartøyet blir flytta inn i dokk for at skroget skal plukkast frå kvarandre.

Fregatten er òg ribba for nemninga «KNM» (Kongelig Norsk Marine), sidan fartøyet ikkje lenger er ein del av Sjøforsvarets driftsstruktur.

Sandberg seier at det var viktig for Forsvarsmateriell å gi kontrakten til eit norsk selskap. Dei betaler 60 millionar kroner for destruksjonen. Sal av skrapmetall vil gi «fleire millionar kroner» i inntekter for Forsvaret, men Sandberg vil ikkje gå nærare inn på kor mykje.