Hopp til innhold

Fiskarar skildrar Brexit-kaos på havet

Kappløpet om å nå makrellen før den kryssar til britisk sone fører til stress og samanstøyt mellom fiskebåtar.

MS Fiskebas

PRESS: Å nå makrellen i tide har ført til at fiskebåtar som «MS Fiskebas «har eit større press på seg. Det er tøft på alle måtar, fortel fiskarar om bord.

Foto: MS Fiskebas

Norske fiskarar sin kvardag har endra seg etter at Storbritannia melde seg ut av EU for to år sidan.

Før kunne dei følge fisken over til britisk sone og ta han der. Dette endra seg etter «Brexit». No får ikkje norske båtar lenger fiske i britisk sone.

Det har ført til ein tøff situasjon for norske fiskarar:

– Det er ein krevjande situasjon, seier Ole Morten Madsen, fiskar på ringnotbåten «MS Fiskebas».

Vanlegvis startar makrellfisket i midten av september. I år starta fiskarane i Florø allereie i juli.

Tøft å kome i hamn

Norske fiskarar står utan makrellavtale og utan tilgjenge til britisk farvatn. Då forhandlingane braut saman i april i fjor, frykta fiskarane eit «race».

No er frykta blitt ein realitet.

– Det blir meir leiting etter makrellen, og når vi først finn han, så blir det meir kamp om å få den opp, seier Madsen.

Konsekvensen er at fleire fiskebåtar samlar seg på same stad, og i haust støtte to båtar bort i kvarandre, fortel han.

Etter en slakk periode i fiskeriet for vår del fikk vi klaff igjen i natt på makrellfeltet😊
På vei til land med 390 t🐟

Norske fiskarar håpar å få på plass ei avtale som kan lette den spente situasjonen dei står i. Særleg fisket etter makrell, men også sild, er problematisk.

Foto: MS Fiskebas

Bror hans Geir Magne Madsen er skipper om bord på same fiskebåt som han sjølv.

Han meiner båtkollisjonen seier noko om situasjonen ute på havet:

– Alle må gå ut samstundes og blir liggande i ein «ball» og leite. Då blir det trongt om plassen, seier han til Fjordenes Tidende.

Fiskebåten kom i hamn med årets kvotar, men Madsen-brørne skildrar eit psykisk press for å kome i mål.

Sidan fiskarane må tidlegare ut for å få opp makrellen, er kvaliteten på fisken ikkje så god som han kunne ha vore. Det påverkar igjen prisen dei får for vara.

Før gjekk makrellfisket unna på tre veker, no går det to månader. Det fører til at kostnaden til drivstoff har tredobla seg. Det fører til at berekraftig-stempelet makrellen hadde tidlegare, er teke vekk. Også det påverkar salet.

Trur det vil ta fleire år å lande ei avtale

Situasjonen som fiskarane på «MS Fiskebas» skildrar er velkjent.

Det fortel Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, ein interesseorganisasjon for havfiskeflåten.

Les også Brexit skaper full makrell-krangel med britane

Havdrøn på makrellfiske 2019

– Det har blitt tøffare å fiske makrell. Det er store verdiar det er snakk om, så det er vanskeleg for fiskarane, seier Maråk.

Også han kjenner til at fiskebåtar i makrellfisket har kollidert, men ikkje med alvorlege skader.

Makrellfisket er hovudutfordringa, men heller ikkje nordsjøsilda har partane kome til semje om.

Før var det lettare for norske fiskebåtar å fiske i britisk sone.

Norske myndigheiter jobbar for å få tilbake fleksibiliteten norske fiskarar hadde før. Då kunne britiske fiskarar vere i norsk farvatn og omvendt.

Men å få denne avtalen tilbake er komplisert, fortel Maråk.

– Det kan ta fleire år. Det blir spennande å sjå kor langt vi kjem, men eg ser for meg ei løysing for 2024, seier han.

– Ikkje optimistiske

Noreg og Storbritannia inngjekk for eit år sidan ein «historisk fiskeriavtale». Den betyr at landa kan fiske ei avgrensa mengd sild og annan «botnfisk» over grensa til den andre.

Fredag landa partane ei ny avtale som går på gjensidig fiske av botnfisk og nordsjøsild frå 2023.

Nærings- og fiskeridepartementet jobbar på spreng med å få til ei avtale, fortel statssekretær Vidar Ulriksen.

Men først må to hovudspørsmåla løysast: Kor stor part skal kvar kyststat ha, og kvar kan denne fiskast.

Avtalane må vere balanserte slik at alle partane sine interesser blir tatt vare på. I alle forhandlingar handlar det om å gi og ta. Det må også vi vere budde på, seier Ulriksen.

Han kan ikkje seie kor tid dei kjem i hamn med ei løysing.

5. og 6. desember skal kystetatane møtast i London.

Pelagisk Forening har ikkje tru på at partane landar ei avtale med det første.

Mariann Frantsen, daglig leder Pelagisk Forening.

– Gode kvoteavtaler med kyststatar vi deler fiskebestandane med, og nasjonale reguleringar, er viktig for å halde nede CO₂-utsleppa, seier Mariann Frantsen, dagleg leiar i Pelagisk Forening.

Foto: Roar Bjånesøy

– Vi håper på det, sjølv om vi ikkje er særleg optimistiske, seier Mariann Frantsen, dagleg leiar i Pelagisk Forening.

Også Fiskarlaget håper å få på plass avklaringar om kvotespørsmål og sonetilgjenge.

– Dette er viktige avklaringar for norske fiskarar, seier Jan-Erik Indrestrand, informasjonsleiar i Fiskarlaget.