Hopp til innhold

Far skal ha bunde sjuåring fast i seng: – Den verste mishandlings­saka eg har sett

Ein mann i 30-åra risikerer lang fengselsstraff, forvaring og forbod mot kontakt med sonen. Bistands­advokaten omtalar saka om «ubeskriveleg vond».

Huset hvor politiet fant mishandlet gutt

FUNNE AV POLITIET: Ei bekymringsmelding til barnevernet gjorde at politiet aksjonerte mot ei leilegheit i denne bygarden i Bergen sentrum.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

«Alle hatar deg, ingen orkar deg og ingen elskar deg».

Det skal mannen i 30-åra ha sagt til sin sju år gamle son, ifølgje tiltalen.

I løpet av tre veker skal han ha mishandla og krenka guten.

Slag med handa, slag med belte, slag med elektrisk kabel mot bar hud fleire stadar på kroppen. Det er berre noko av det som går fram av tiltalen.

Måndag 12. februar startar rettssaka i Hordaland tingrett.

Bistandsadvokat May Britt Løvik vil be om oppreisningskrav og varig kontaktforbod.

– Saka er nærast ubeskriveleg vond. Det er den verste mishandlingssaka eg har hatt i mi tid som advokat gjennom 20 år, seier bistandsadvokaten.

Ho fortel at barnevernet har tatt seg av guten, og at han etter forholda har det bra.

Bistandsadvokat May Britt Løvik

Bistandsadvokat May Britt Løvik vil be om at mannen får varig kontaktforbod mot sonen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Slakta oppfølginga til barnevernet

Dette er ei av to saker som kulminerte i barnevernsskandalen i Bergen i 2022:

  • Tilsynsrapportar frå Statsforvaltaren viste at oppfølginga frå barnevernet og Nav hadde alvorlege manglar.
  • Både byrådet i Bergen og barnevernsdirektøren gjekk av som følge av dette.
  • Fleire strakstiltak og ei tiltakspakke vart sett i verk for å forbetre rutinane i kommunen og sikre nok tilsette.
  • Den andre saka om ein tenåring som vart underernært, er framleis under etterforsking.

Tidlegare har det komme fram at den tiltala mannen budde fleire år i Noreg før han fekk sonen hit via familiegjenforeining i juni 2022. Faren hadde omsorg åleine for guten etter han kom til Noreg. Mora var busett utanlands.

Ein månad etter at guten kom til Noreg, var faren i kontakt med barnevernet. Nokre veker seinare, den 7. august 2022, vart sonen funnen skadd og bunden fast til ei seng i ei leilegheit i Bergen.

Mishandlinga vart oppdaga etter at ein privatperson varsla barnevernet, som så sende ei uromelding til politiet. Same kveld aksjonerte politiet mot leilegheita, ifølgje BT.

Skadane guten vart påført, hadde vore livstruande om at han ikkje hadde blitt funne og fått hjelp.

Bistandsadvokat Løvik etterlyser eit system for å følge opp barn som kjem til Noreg åleine ved familiegjenforeining.

Viss det kjem barn til Noreg åleine og skal leve under omsorga til ein forelder dei ikkje kjenner, burde det vere ei sjølvfølgje at barnevernsteneste og i det minste helsestasjon straks vert kopla på og er i kontakt med barnet i løpet av dei første vekene dei er i Noreg, seier Løvik.

Strafferamme på 15 år

– Dette er ei veldig alvorleg sak med ei omfattande etterforsking, seier statsadvokat Asbjørn Onarheim til NRK.

Fleire enn 30 personar skal vitne i løpet av den seks dagar lange rettssaka. Blant dei er sakkunnige, politietterforskarar og krimteknikarar.

Den tiltala mannen har sete i varetekt sidan han vart arrestert, for å hindre at han rømmar landet.

Rettspsykiatriske sakkunnige har hatt den tiltala til vurdering. Statsadvokaten har som utgangspunkt at mannen er tilrekneleg.

b5QDrCbjMKw

Asbjørn Onarheim er statsadvokat i saka.

Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB

Nektar straffskuld

Maksstraffa for grov barnemishandling er på 15 år. Ifølgje tiltalen kan staten be om forvaring, inndraging av mobiltelefon og førarrett.

– Det er av omsyn til samfunnsvernet, tryggleiken i samfunnet generelt sett, seier Onarheim.

Mannen er også tiltala for å spytte og true ein offentleg tenesteperson, å ulovleg oppbevare og bruke narkotika, og pirattaxi-verksemd.

Han var i tillegg tiltala for drapstruslar og vald mot ei kvinne, men dette blir ikkje del av rettssaka, ifølgje statsadvokaten.

Den tiltala har tidlegare ikkje erkjent straffskuld. Forsvararen til den tiltalte, Ahmad Taha, ønsker ikkje å kommentere dette eller saka før rettssaka er i gang.

Forsvarar Ahmad Taha

Ahmad Taha er forsvarar for den tiltala mannen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Hei!

Tenkte du på noko då du las denne saka? Ta gjerne kontakt med meg.

Eg har tidlegare skrive om korleis Noreg behandlar einslege asylbarn, laga Lokalvalguiden 2023, og skrive om den unge sveisaren Joachim.