I oppveksten elska Joachim fisking og skyting med luftvåpen.
Joachim sleit med tal på skulen. Så kom han over eit sveiseapparat.
I oppveksten elska Joachim fisking og skyting med luftvåpen.
Men på skulen sleit den unge bergensaren med dyskalkuli og var rastlaus.
Korleis skulle han skaffe seg utdanning og jobb?
Mange unge menn slit med å fullføre skulegang og få seg jobb, ifølgje NHH-professor.
Årsaker kan vere psykisk helse eller vanskar med ord og tal.
Å få jobb, er avgjerande.
«Alternativet er at dei går på trygd resten av livet og ikkje får seg eit liv.»
På vidaregåande kom Joachim over eit sveiseapparat, og forstod at han hadde funne si hylle i livet.
Men framleis vart det for mykje teori.
«Eg er veldig flink med hendene og likar å vere aktiv. Eg er ein rastlaus type.»
Løysinga vart eit par år med arbeidsførebuande trening hjå Grønneviken AS i Bergen.
Her slapp han tal og teori, og lærde seg å slipe og sveise.
«Fokus på den enkelte, tilrettelegging, meistringskjensle, tryggheit og stabilitet i eit læringsmiljø, er viktige faktorar.»
Joachim tok to sveisesertifikat og fekk til slutt kompetansebevis som sveisar - eit «fagbrev light».
Men Grønneviken skulle berre vere ein mellomstasjon.
Dei tipsa ein sveisebedrift på Ågotnes i Øygarden om den praktisk anlagte karen.
I skulepapira til Joachim kunne bedriftssjefen lese at den unge mannen var gløymsk og dårleg i fag.
Bedriftssjefen opplevde noko heilt anna då dei møttest.
«Han er ein herleg personlegdom. Då eg viste han verkstaden, gjekk han nesten bananas. Motivasjonen lyste. Han var ivrig og motivert.»
I januar gav Fabtech Joachim fast stilling som sveisar.
Det trass i at han enno ikkje har fagbrev.
«Dette er drøymejobben! Det er utfordrande, men gøy.»
Framtida hans er gneistrande.
På jobben lærer han stadig meir, og på sikt skal han få hjelp til å ta fagbrev.
Også andre unge som slit har no sin store sjanse. For det er eit trendskifte i arbeidslivet:
«Det gjer det lettare å komme seg i jobb og få starta livet sitt. Gode tider ser ut til å vere svaret for nokon.»
Arbeidsmarknaden skrik rett og slett etter folk.
Særleg i bygg- og anleggsbransjen, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
«Mangelen er stor, spesielt på lokale fagfolk som har lyst til å vere fagfolk og ikkje utdanne seg vidare.»
«Kom og snakk med oss, så finn vi løysingar. Vi legg merke til person, og lyst og motivasjon er veldig viktig for oss.»
Joachim drøymer om å henge i tau og sveise under ein oljeplattform.
Han har følgande råd til andre unge:
«Jobb er viktig. Gjer det du skal for å få gode karakterer. Ver flink i det du gjer. Finn noko som interesserer deg og som du har lyst til å gjere.»