Hopp til innhold

Kallar valsystemet uforklarleg og «eit demokratisk problem»

Dominoeffekten etter telledramaet denne veka viser at det er på tide å endre systemet, seier redaktør, som sjølv har vore utjamningsmandat.

Alle som sitter på Stortinget bør ha kommet inn på et vis som velgerne kan forstå. Gi oss ei nasjonal valgliste, skriver redaktør i Trønderdebatt - og tidligere utjevningsmandat - Snorre Valen.

(U) FORSTÅELEG: – Alle som sit på Stortinget bør ha komme inn på et vis som veljarane kan forstå. Gi oss ei nasjonal valliste, skriv Snorre Valen i ein kommentar.

Foto: JUNGE / SCANPIX

– Det er uhaldbart og eit demokratisk problem når kandidatar som knapt nokon har stemt på kjem inn på Stortinget, seier Snorre Valen.

I dag er han redaktør i Trønderdebatt; tidlegare har han vore utjamningsmandat for SV.

I ein kommentar nemner han utjamningsmandat André Skjelstad (V) frå Nord-Trøndelag som skrekkeksempel – ein som vert «plukka på uforklarleg vis».

Valforskarar har kalla ham «politikkens Fetter Anton».

På fem forsøk har Skjelstad kome inn på Stortinget fire gongar – i år med 2,0 prosent oppslutning i eigen valkrins. Det svarar til 1557 stemmer.

Denne veka har «telledramaet i Nordland» skapt dominoeffekt og kasta om på utjamningsmandat i heile landet.

Systemet med utjamningsmandat kan vere vanskeleg å forstå, men handlar kort sagt om at 19 stortingsplassar vert «heldt unna» den fyrste potten.

Poenget er å kompensere «uheldige» parti som ikkje får betalt for stemmene sine i den vanlege fordelinga.

Men vil nokre parti vere uheldige uansett?

LES OGSÅ: Utjamningsmandat? Eg har høyrt ordet, men eg veit ikkje kva det betyr.

(Så mange veljarar står bak kvar representant)

– Enklare for veljarar å forstå

I fjor sa eit mindretal i Vallovutvalet at det var på tide å gjere om på ordninga.

I staden for regionale utjamningsmandat tok dei til orde for ei ordning med nasjonale utjamningsmandat.

Ei nasjonal valliste kan for eksempel vere eit vedlegg på stemmesetelen, som viser kva for nasjonale kandidatar som konkurrerer om utjevningsmandat for partiet du stemmer på.

– Det ville vore enklare for dei fleste veljarar å forstå. Og det synest eg faktisk ville vera ei stor føremon, seier Øyvind Strømmen, som tilhøyrde mindretalet i utvalet.

– Eg synest at ein nasjonal liste for utgjevingsmandatet var smart da vi greia det ut, og det meiner eg enno, seier Sofie Høgestøl.

Via «ein uventa twist», som ho sjølv seier, har ho denne hausten blitt 1. vara for Venstre på Stortinget.

Fleirtalet i Vallovutvalet såg likevel annleis på det.

Dei var med på at fordelinga av utjamningsmandat er «uføreseieleg og vanskeleg å forstå», men vektla at ho sikrar geografisk representasjon.

«Fordi mandat på den nasjonale lista vil komme i tillegg til direktevalde mandat, kan det bli fleire mandat frå same valdistrikt», konkluderte utvalet.

– 3 prosent-partia fell mellom to stolar

I Sogn og Fjordane kom Alfred Bjørlo (V) inn med det som har blitt omtala som «eit nødskrik» – via eit utjamningsmandat. Her fekk Venstre 2135 stemmer, som svarar til 3,44 prosent.

– Eg trur vi må vere så ærleg å seie at det er omtrent umogeleg å finne eit 100 prosent rettferdig system, seier han.

Han viser til at alle tenkelege valsystem vil vere ein kompromiss mellom geografisk representasjon, partikontroll, veljarinnverknad og kva som er gjennomsiktig og forståeleg.

– Ulempa med å løyse opp på den geografiske fordelinga av utjamningsmandata er at det i praksis vil føre til at dei klumpar seg i dei mest sentrale valkrinsane, og samla sett gir dårlegare distriktsrepresentasjon, seier Bjørlo.

Han legg til at sperregrensa bør ned til 3 prosent, og viser til at partia som skårar mellom 3 og 4 prosent «fell mellom to stolar».

Det same seier Eirik Holmøyvik, som er professor i rettsvitskap og som sat i Vallovutvalet.

– 3 prosent gir betre samsvar mellom talet på røyster og mandatfordelinga mellom partia, seier han.

Grunngjevinga er at det per i dag står «meir enn dobbelt så mange veljarar bak kvart mandat til MDG og KrF som til dei andre partia».

I det nye Stortinget har Ap, SV og Sp fleirtal på Stortinget sjølv om dei berre har 47,4 prosent av stemmene bak seg. Det same har skjedd i fire av dei fem siste vala.

Lan og Irene

I RYGGEN: Lan Marie Berg er ein av tre MDG-arar som kom inn på Stortinget. Ingen andre kandidatar har like mange veljarar i ryggen. I den andre enden av skalaen finn vi Irene Ojala, som hadde 4908 stemmer i ryggen.

Holmøyvik tilhøyrde fleirtalet i Vallovutvalet som ikkje ville ha ei nasjonal valliste, slik Snorre Valen ynskjer.

Då synest han «arealfaktoren» er eit større problem.

Den norske fordelingsnøkkelen er slik: fylkesareal x 1.8 + folketal.

Formelen gjer at de store nordnorske fylka har fleire representantar per innbyggar, enn dei mindre og tettare busette fylka i sør.

– Noreg er det einaste landet i verda der fjell, myr og skog er med på å avgjere kor stor vekt ei røyst skal ha, seier Holmøyvik.

Sperregrensa, valkrinsar og arealfaktor er grunnlovfesta og krev difor 2/3 fleirtal i Stortinget for å bli endra.

Partioppslutning: Norge

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning