Hopp til innhold

Kallar Berge-dekninga eit sirkus

Bloggekspert i Bergen meiner mediedekninga av bloggaren Eivind Berge har vore eit sirkus.

Jill Walker Rettberg

KALLAR DET EIT SIRKUS: Professor Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen.

Foto: Karina Asbjørnsen / NRK

Eivind Berge

ANTIFEMINIST: Eivind Berge blei varetektsfengsla, men seinare sett fri.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Eivind Berge seier han vil ha oppmerksomheit, og media har gitt han ein talarstol.

Det seier professor i digital kultur Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen til NRK.no.

Den antifeministiske bloggaren Eivind Berge blei arrestert og varetektsfengsla for å ha kome med drapstruslar mot politifolk.

Sist veke blei han sett fri , etter at lagmannsretten kom til ei anna avgjerd enn tingretten.

Spørsmålet om varetektsfengsling skal avgjerast endeleg av Høgsterett, og det er venta ein konklusjon i morgon.

– Har gløymt 22. juli-saka

Bloggeksperten ved Universitetet i Bergen meiner media har gløymt alt dei gjorde rett i dekninga av 22. juli-rettssaka.

– Media har gløymt debatten ein tok i samband med 22. juli-rettssaka om kor mykje ein skulle la Breivik sleppa til. Faren er at ekstreme meiningar kan framstå som normale, seier Jill Walker Rettberg.

Ho viser blant anna til Bergens Tidende, som har hatt store oppslag og eit lengre intervju med kjærasten til Berge i BT-magasinet sist laurdag.

– No har media laga sirkus av Eivind Berge-saka for å selja aviser, seier professoren.

– Rett å visa fram haldningar

Utviklingsredaktør i Bergens Tidende, Tor Olav Mørseth, avviser kritikken om dekninga av Berge-saka.

– Vi meiner det er viktig å få desse haldningane fram i lyset, så vi kan debattera dei, seier Mørseth.

Han meiner og det var på sin plass å få fram synspunkta til kjærasten, fordi han har ganske tydelege haldningar til kvinner.

– Det er interessant å få fram kvifor ei kvinne vil vera saman med ein slik mann, seier Mørseth.

Les og: – Dette er hinsides fornuft | Berge får fire uker i varetekt | Fått 1400 tips om ekstreme ytringer | Vil undersøke nettverket til ekstrem blogger | Glad for at bloggaren blei pågripen

PST har fått inn 1400 tips om ekstreme ytringar på nett itte terrorangrepet tjueandre juli.
På fredag blei bergensbloggar Eivind Berge varetektsfengsla itte å ha oppfordra til drap på bloggen sin.
Vanlige folk har fleire gongar tipsa PST om at han kan vera farlig.

SJÅ VIDEO: Eivind Berge sat i varetekt i Ålesund fengsel fram til han blei sett fri.